Høringssvar fra Forskargruppa Hellige skrifter og autoritative tekster, Universitetet i Agder

Dato: 06.02.2020

Svar til forslag for særfinansiering av utsette humaniorafag

Forskargruppa Hellige skrifter og autoritative tekster, Fakultet for humaniora og pedagogikk, UiA

Forskergruppa vår dekkjer klassiske fag, bibelske fag og religionshistorie ved Universitetet i Agder, og me har lese ekspertgruppa sitt forslag til ei særleg finansieringsordning for små og utsette humanistiske fag med interesse. Gruppas tillit til sektoren, og prinsippet bak beredskapsordninga som dei føreslår om at det er universiteta og høgskulane sjølve som bør ha og ta ansvar for faga våre, er god. Likevel ser me fleire problem ved rapporten og ekspertgruppa sin analyse, kor dei slår fast at «ingen fag er nedleggingstruet» (s. 17). Dette meiner me teiknar eit for lyst bilete av situasjonen, og gir dermed eit dårleg avgjerdsgrunnlag for å finne dei føreseielege rammene for vidare drift og utvikling av små og utsette fag som Humaniorameldinga (2017) spør etter. Vidare følgjer våre grunngjevingar for å meine dette, og eit forslag om ei breiare utgreiing.

Ekspertgruppa legg til grunn ein definisjon som gjer at ingen fag er nedleggingstruga i dag, og skriv etter samtalar med ulike dekanat at ein ikkje har planar om å legge ned mindre fag. Her kan me peike på fleire høve som syner at situasjonen ikkje er så likefram. For det første er ein i ferd med å bygge ned eller avvikle Det norske instituttet i Athen, etter at UiT, NTNU og UiO dei siste åra har vald å trekke seg frå dette samarbeidet. Dette vil råke norsk forsking og undervising innanfor både arkeologi, klassiske fag og historie i Noreg (https://www.uniforum.uio.no/nyheter/2019/02/nedskalerer-i-athen-pa-tynt-grunnlag.html). Eit anna døme er rapporten sitt peik til MF vitskaplege høgskule sitt samarbeid med eit privat institutt som eit døme på at klassiske fag lev godt i Noreg i dag (s. 12). Gruppa nemner ikkje at dette er ei ordning som nettopp får øyremerka midlar over statsbudsjettet for å oppretthalde studiar i klassiske og semittiske språk (https://www.philology.no/mf), etter at fagmiljøa ved dei større, offentlege universiteta har blitt eller er i ferd med å bli bygde ned. Om me ser på rapporten sitt eige vedlegg med oversikt over mindre humaniorafag er det fleire som berre vert tilbydd ved ein institusjon, noko som tyder at det berre trengs ei innsparingstrang ved eitt dekanat før det står i fare. Ikkje minst, dersom me samanliknar dagens studietilbod med rapporten si oversikt over språkfag ved norske universitet i 2009 (s. 41) er det ei rekke fag frå 2009 som me ikkje finn att no.

Ein viktig årsak for gruppas optimistiske konklusjon er at norsk UH-sektor ikkje krympar, slik den gjer i dei fleste andre land. Dette er riktig per dags dato, men me veit at der er eit vedvarande sentraliserings- og innsparingspress òg i den norske UH-sektoren. Fleire institusjonar har byrja å åtvare om at dette snart vil gå på undervisingstilbodet laus (https://www.forskerforum.no/her-rammes-forskning-og-undervisning-av-regjeringens-effektivisering/). Forsikringane frå noverande fakultetsleiingar om å oppretthalde fagtilbod er ikkje bindande og me har ingen garanti for at det vil vare. Det er riktig, som rapporten seier, at det ikkje er kultur i norsk UH-sektor for å bygge ned fag ved oppseiingar (s. 6), men det er nok av døme på at stillingar i mindre fag forsvinn når dåverande innehavar forlet dei.

Ekspertgruppa etterspør ved fleire høve innovasjon i faga, og me vil gjerne peike på eit døme på nyskaping og på nordisk samarbeid innanfor mindre humaniorafag: Masterprogrammet Religious Roots of Europe (http://religious-studies.net/). Dette starta i 2009 gjennom Nordic Masters-ordninga til nordisk ministerråd, og drog på kompetanse frå seks nordiske universitet for å tilby ei ny, spesialisert utdanning som kvart einskilde universitet, eller land, ikkje ville kunne støtte på eiga hand. Trass gode evalueringar og solid gjennomstrømming har tre universitet til no trekt seg frå samarbeidet (Bergen, Helsinki og Århus) fordi programmet ikkje treff minstetalet for studentopptak som universitetsleiinga sentralt har sett. Dette er sjølvsagt eit døme med mange eigne aspekt, men det syner korleis fagleg innovasjon som i utgangspunktet er vellukka likevel er utsett når ei ny universitets- eller fakultetsleiing skal straumlinjeforme og spisse undervisingsportefølje.

Ekspertgruppa skriv at dei har «vurdert ulike modeller» (s. 1), men rapporten syner ikkje til andre løysingar enn dei tre som gruppa presenterer på side 14-15. Gruppa har tydeleg sett seg inn i den danske småfagsordninga, og deira vurdering (og fråråding) av den synes fornuftig. Me meiner at ein likevel må sjå vidare enn til Danmark og hente inn erfaringar frå andre land og andre ordningar, og til dømes utgreie samarbeid på nordisk nivå slik Humaniorameldinga føreslår (s. 35).

Etter vårt vit strekk ikkje situasjonsanalysa som kjem fram i denne rapporten til, og det framstår som om gruppa ikkje har utforska andre modellar enn den danske småfagsordninga. Me ønskjer oss difor ei grundigare utgreiing av saksforholda og ei breiare utforsking av mulege ordningar for å sikre små men viktige humanistiske fag for framtida.