Høringssvar fra Nynorsk forum

Dato: 17.01.2020

Nynorsk forum takkar for høvet til å delta i høyringa om særfinansiering av utsette humaniorafag.

Vi vil særleg peike på behovet for forsking og utdanning i fem avgjerande fagfelt for å sikre føremåla i språkpolitikken. Nynorsk forum meiner at det samla studenttalet i nordisk språk og litteratur ikkje kan bli brukt som argumentasjon for å ikkje gi særstøtte til desse fem utsette fagområda. Dette er område som står svakt i lærar- og lektorutdanningane, og dimed blir lågt prioritert i program- og emneplanar. Omsynet til norsk språk, med både bokmål og nynorsk, bør inn som eit eige kriterium, på lik linje med omsynet til samiske språk.

Stadnamngransking

På s. 11–12 argumenterer utvalet med at språkfagleg kompetanse etter stadnamnlova er ivareteke ved at UiB har nasjonalt ansvar for leksikografi og integrerer dette i fagområdet for nordisk språk og litteratur. Det viser svært låg forståing for dei ulike disiplinane i språkvitskap, og behovet for å styrkje dette.

For at Noreg skal kunne følgje Lov om standnamn og UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven og sikre kompetanse om eige språk og eigen kulturarv trengst eit større fagmiljø i stadnamngransking. Ved Språkrådet er det i stor grad pensjonistar som har stadnamnskonsulentstillingar. Situasjonen er alvorleg, og er no i ferdig med å bli prekær. På s. 11 og 12 i rapporten syner utvalet at dei ikkje forstår norsk språkvitskap når dei meiner at leksikografimiljøet ved Universitetet i Bergen sikrar stadnamngransking i seg sjølv. Det er ikkje oppretta nye undervisningsfag, og miljøet som er bygd opp er stort sett mellombelstilsette leksikografar, ikkje namnegranskarar.

Terminologi

Dette er eit område der behovet for fagfolk i offentleg sektor aukar. Staten driv eit omfattande arbeid med utvikling av ein felles omgrepskatalog (samarbeid mellom Språkrådet Skatteetaten, Brønnøysundregistera og Difi), og i universitets- og høgskulesektoren arbeider Språkrådet med å få på plass ei felles nasjonal termportalløysing som skal gjera det enklare for fagmiljøa ute på institusjonane å få fart i eige terminologiarbeid. Terminologiarbeidet er særleg viktig for nynorsk, slik at nynorsk og bokmål kan vere jamstilte også i språkteknologi i framtida.

Leksikografi

Arbeidet med normering og språkobservasjon i Noreg er avhengig av eit sterkt fagmiljø i norsk leksikografi. Kulturdepartementet finansierer stort sett denne satsinga, og det er behov for ei meir varig finansiering av ordboksarbeidet. Det er også nødvendig å arbeide målretta for rekrutteringa og kompetanseutviklinga. Det er ikkje tilskotet frå Kulturdepartementet riktig verkemiddel til.

Språkteknologi

Universitetet i Oslo hadde eit eige fagmiljø i språkteknologi, men det er ikkje i dag eit eige utdanningstilbod for dette. Det er behov for eit språkteknologisk miljø som kjenner til dei norske språka og den norske språkstoda.

Skriftkultur

Allereie i 1995 tildelte Kyrkje- undervisnings- og forskingsdepartementet Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda (HVO) ein knutepunktfunksjon for nynorsk skriftkultur i Norgesnettet, og sidan 2002 har instituttet og høgskulen tilbode ein unik og særeigen mastergrad i nynorsk skriftkultur. Sidan den gong og fram til i dag har Høgskulen i Volda uteksaminert 55 masterkandidatar i nynorsk skriftkultur. Masteren i nynorsk skriftkultur har eit anna søkjelys enn dei disiplinfaglege mastergradane i nordisk og engelsk som blir gjevne ved universiteta i Noreg, m.a. fordi han i mykje større grad rettar søkjelyset mot skrifta og dei kulturelle kontekstane kring skrifta enn ein master i nordisk eller engelsk, og fordi han har eit særleg søkjelys mot nettopp den nynorske skriftkulturen. Den nye språklova styrker nynorsken si stilling i lov og føresegner, men for at forsking og undervisning knytt til nynorsk skriftkultur framleis skal stå sterkt i røynda, er det behov for ei særskild satsing på dette studiet også i åra som kjem.

Beste helsing

Per Magnus F. Sandsmark

sekretær, på vegner av medlemene BUL i Oslo, Dag og Tid, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Jærmuseet/ Garborgsenteret, Kringkastingsringen, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad, Norsk Målungdom, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter, Nynorskfylket Vestland, Nynorsk kultursentrum og Nynorsk pressekontor.