Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune
Vedtak i Fylkesutvalet - 30.08.2021 Høyringsuttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune:
1. Møre og Romsdal fylkeskommune støtter at det blir utarbeidd ein heilskapleg luftfartsstrategi.
2. Luftfartstilbodet er særs viktig for vårt eksportretta næringsliv. Staten må følgje opp at tilbodet er godt nok både i den fasen vi er i no med redusert trafikk under Koronapandemien, og når ein ny normalsituasjon er etablert.
3. Møre og Romsdal fylkeskommune er nøgd med vedtaket om at kjøp av innanlandske flyruter skal bli vidareført som eit statleg ansvar.
4. Luftfartsstrategien må legge til rette for ein velfungerande innanriksmarknad med gode internasjonale korrespondansar, som er tilpassa både næringslivet og fritidsreiser.
5. Luftfartsstrategien må gje retningsliner for arbeid framover for null- og lågutsleppsløysingar i luftfarten. FOT-rutene kan vere spesielt eigna for krav om null- og lågutsleppsløysingar.