Høringssvar fra Sunnhordland lufthavn AS

Dato: 01.09.2021

Stord lufthamn, Sørstokken er ei privat lufthamn eigd av Stord kommune (79%) og Vestland fylkeskommune (21%). Lufthamna er såleis ikkje ei Avinor lufthamn.

For å kunna oppretthalda drifta av lufthamna er me heilt avhengig av driftsstøtta som lufthamna i dag får frå fylkeskommunen.

Under pandemien har staten gått inn og inkludert flyruta Stord-Oslo i det statlege flyrutekjøpet. Dette var heilt nødvendig for å oppretthalda Osloruta vår. Lufthamna var under pandemien utan Oslorute i 7 månadar då Samf.dep. først etter lang tid og mange førespurdnader inkluderte Osloruta i sitt flyrutekjøp.

Utan driftsstøtte til lufthamna frå Vestland fylkeskommune samt statleg flyrutekjøp på Osloruta hadde lufthamna vore lagt ned.