Høringssvar fra Menneskerettighet i Norge, MR-N

Uttale om framlegg til ny barnevernslov

Dato: 30.01.2017

Svartype: Med merknad

Uttale frå organisasjonen Menneskerettighet i Norge, MR-N, om den nye barnevernslova

MR-N er ein liten menneskerettsorganisasjon som dei siste åra har fokusert på forholda for barnevernsbarn og deira foreldre. Vi har gjort mange observasjoner, hatt kontakt med mange barnevernsbarn og med mange foreldre og besteforeldre til slike barn. Vi har laga nokre eigne mindre kartleggingar av praksis i barnevernet i Noreg. Difor vil vi i samband med arbeidet med ny barnevernslov spele inn om nokre av våre funn og kommentere delar av framlegget til ny lov.

Lovtekstane, intensjonane og dei politiske føringane som ligg bak både tidlegare lover og det som no er lagt fram, synest vi stort sett er bra. Det er praksisen i norsk barnevern som framstår som dramatisk feil. Det er denne praksisen som har vore gjenstand for ei rad med fellande dommar ved EMD, og som har påkalla fordømming og sinne frå store deler av Verda.

Dersom praksisen vert ståande uendra, har nye paragrafar, nye signal og nye formuleringar liten verdi. Den praksisen vi har kartlagt er langt på veg tufta på haldningar til menneskerettar, menneskeverd og rettstryggleik som er i strid med grunnleggande verdiar i vestleg kultur. Vi kan dokumentere mange døme på ringeakt overfor framandkulturelle, eller overfor etniske nordmenn som kan slite med fysiske eller psykiske utfordringar, og sjølv om desse utfordringane objektivt sett er forsvinnande små, vert dei brukte av tilsette i barnevernet til å det vi oppfattar som trakassering av born og foreldre. Vi ser dei høge tala på sjølvmord blant barnevernsborn og deira foreldre, som eit resultat mellom anna av det dei oppfattar som trakassering. Vi kan sjølvsagt legge fram dokumentasjon og døme på dette.

For oss er Menneskerettane og Barnekonvensjonen styrande. Sjølvsagt er det i tråd med Menneskerettane og Barnekonvensjonen å sikre barn gode og trygge oppvekstvilkår, og sjølvsagt skal barn få vekse opp slik at dei best mogeleg får bruke og utvikle sine evner. Så godt som all forsking viser at det er biologisk familie som gjev dei beste rammene for dette. Dette er ei erkjenning som veks seg stadig sterkare utanlands, men i Noreg har leiande psykologar ikkje greid å realitetsorientere seg: http://tidsskriftet.no/2016/09/kommentar-og-debatt/nar-barn-skades-med-de-beste-hensikter

Vi vil først sjå på noko av det vi oppfattar som alvorlege hindringar for ei god barnevernsteneste og god rettstryggleik i barnevernssaker i Noreg.

Vi vil ta opp desse punkta:

  • Misbruk av akuttvedtak

  • Manglande dokumentasjon

  • Sviktande tilsyn med barnevernet og institusjonar under barnevernet, klageorgan for barnevernssaker etter KOFA-modell

  • Tilbakeføring - «temporary mission»

 

  • Sviktande forvaltningsskjønn

  • Resultata av barnevernet sitt arbeid

  • Tilsyn under samvær

  • Bruken av familiesentra

  • Bruken av økonomiske midlar i barnevernet, kommentar til punkt 7.5.3 side 96 

  • Sakkunnige

  • Kompetanse

  • Meldepliktsreglane

 

Misbruk av akuttvedtak

Akuttvedtak skal berre nyttast der det er fåre for «liv og helse» for barna. Det skal stillast strenge juridiske krav til ei akuttplassering, som først skal skje når barnets liv vert ansett å vere i fare, enten på grunn av overgrep eller når foreldra av andre grunnar ikkje kan ta seg av barnet sitt. Det er vel knapt nokon som har vore borte i slike akuttvedtak som kan tru at er tilfellet! No er slike akuttvedtak hovudregelen, og det vi ser er at beviskrava ved akuttvedtak er lågare, og det vert gjennomført for å øydelegge relasjonane mellom foreldre og born. Dette er sjølvsagt i strid med alle både norske og internasjonale reglar.

Professor emeritus Mons Oppedal ved Høgskulen i Oslo og Akershus, har gjennom lang tid peika på den utviklinga ein har hatt med mangedobling av akuttvedtak: http://www.aftenbladet.no/lokalt/--Barnevernet-gjorde-feil-da-de-skilte-Maria-fra-sin-nyfodte-datter-pasykehuset-32512b.html. Både foreldre og born kjem til skade ved slike vedtak: https://www.sv.uio.no/psi/forskning/aktuelt/aktuelle-saker/2012/de-fleste-barn-hentes-uanmeldt.html

Vi meiner ein no må ta frå barnevernet dette verkemiddelet, og la politiet overta det. BERRE der det reelt er fåre for liv og helse skal det kunne nyttast, og då etter politifaglege vurderingar. Bruken av akuttvedtak dei siste 20 åra bør settast under gransking, og ein må vere førebudd på at det vil kunne komme svært mange erstatningskrav frå både barn og foreldre. Akuttvedtak er svært skadeleg for både barn og foreldre, og akuttvedtak er så godt som aldri «barnets beste»!

 

Manglande dokumentasjon

Ein av dei alvorlegaste hindringane for å få forsvarleg handsaming av barnevernssaker, er manglande dokumentasjon. Det har vore allmenn praksis at institusjonar knytta til barnevern øydelegg sentrale delar av arkivmaterialet sitt så snart dei sjølve har konkludert. Desse konklusjonane er ofte bygd berre på lause og urimelege påstandar. I «rapportane» kjem det ikkje fram motforestillingar, det vert ikkje bygd logiske årsaksrekker, og privat part vert gjennom øydelegging av dokumentasjonen, fråteken retten til å imøtegå grunnlaget for påstandane. Dette er i strid både med Forvaltningslova og Arkivlova, og Riksarkivaren har i mai 2015 lagt ned forbod mot vidare ødelegging av arkiva. Vi ser likevel at desse øydeleggingane av bevis får halde fram!

Vi har konstatert at det ofte manglar referat, eller referata er mangelfulle og mange gongar tydeleg fullstendig feil. Dei vert ikkje lagt fram for dei som har vore med på møta, i den hensikt å hindre at desse får korrigere referata.

Barnevernet nektar så langt vi kan sjå nesten konsekvent privat part å gjere lydopptak frå møter. Barnevernet prøver å hindre privat part i å ha med seg møtestøtte. Dette gjerd ei m.a. ved å hasteinnkalle til slike møter. Når ein verken får referat eller får gjere opptak, er det klårt at rettane til privat part er krenka.

Vår erfaring er at mange av sakene som kjem til fylkesnemndene og domstolane er prega av mangelfull dokumentasjon. Dette vert mange gongar kommentert i nemnd eller rett, men dei avviser likevel ikkje desse sakene. Lova må sikre at slike saker utan unntak vert avviste. Det er ikkje ein rettsstat verdig å føre saker der offentleg part medvite har sletta sentral informasjon og gjennom det har fgjerna grunnlaget for rettferdig sakførsel.

Like alvorleg for rettstryggleiken meiner vi det er at fylkesnemnder og domstolar framleis kjører saker utan lyd- og bildeopptak. Stortingsvedtak om at dette skal vere på plass er frå 2005! Rettsbøkene er som regel særdeles mangelfulle, og det vil i ettertid ikkje vere råd for nokon å vite kva som har gått føre seg under rettsforhandlingane. Vi er gjort kjent med fleire eksempel på framferd frå dommarar og vitne som ligg langt utanfor det akseptable. Vi sit med private lydopptak som dokumenterer slik framferd. Med lyd- og bildeopptak ville det ikkje lenger vere mogeleg for dommarar og andre å drive trakassering av privat part i retten. Vi har og fått referert mange tilfelle av at vitnene til det offentlege systematisk gjev feilaktige prov i retten. Dette kan få halde fram så lenge ein ikkje har dokumentasjon på kva som er sagt i retten. Lyd- og bildeoptak vil difor etter vår meining vere eit av dei viktigaste tiltaka for å få fram meir korrekte opplysningar i retten, og det vil gjere det mogeleg å få straffeforfølgd vitner som lyg.

Dommar og kjennelser i saker i fylkesnemnder og domstolar framstår som særdeles einsidige. Når ein i tillegg ser at meir enn 90% av desse avgjerdene går i favør av offentleg part, føler privat part seg ofte overkøyrd, trakassert og forulempa på det grovaste. Det er ikkje å undre seg over at taleføre borgarar protesterer på det sterkaste på det dei har sett og opplevd.

Det har vist seg uråd å finne arkiva etter barnevernsinstitusjonar som var aktive for berre 10-15 år sidan. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at dei ansvarlege helst ikkje vil at samtid og ettertid skal få sjå kor gale det har vore. Våre undersøkingar fortel om institusjonar der unge gutar og jenter dagleg har vore rusa på heroin, eller der ferieturane – for skattebetalarane sine pengar - har gått til narkotikabuler eller horehus i Tyskland eller Nederland.

Mange av barnevernsbarna vi har hatt kontakt med, har ikkje fått den grunnleggande utdanninga dei har krav på etter lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Mange av dei fortel om overgrep av fysisk og/eller seksuell karakter. Desse hendingane vert sjeldan melde til politiet, som stort sett ikkje gjer noko med det dei får inn av slike saker, og overgrepa vert heller ikkje registrert i institusjonsarkiva. Sjå t.d. innlegg i Dagbladet 3. oktober 2016 http://www.dagbladet.no/kultur/voldtatt-pa-barnevernsinstitusjon/63818707

Ut frå dei meldingane vi får er det meste ganske likt det Drægebøutvalet rapporterte om frå barnevernsinstitusjonar i Bergen i perioden 1954-1980. Til og med BUDIR må innrømme at det ikkje står spesielt bra til: http://www.dagbladet.no/kultur/nedslaende-skoleresultater-for-barn-i-barnevernet/66903468

Styresmaktene må sikre at arkiva frå både statlege og private barnevernsinstitusjonar vert tekne vare på og sikra, og det må gjennom lover og forskrifter sikrast at arkivinformasjonen heldt mål. Der arkiva er sletta, må lova legge opp til at privat part ikkje skal vere den skadelidande.

 

Sviktande tilsyn med barnevernet og institusjonar under barnevernet, klageorgan for barnevernssaker etter KOFA-modell

Vår erfaring er at fylkesmannen som klage- og kontrollorgan for barneverns­saker ikkje fungerer. Det bør difor innførast eit nytt system med ei sjølvstendig klagenemnd i staden for fylkesmannen si kompetanse som kontrollorgan.

Ein kan ta utgangspunkt i modellen til KOFA (klageorgan for offentlege anskaffingar), der partane klagar direkte, og at det blir innført at organet har ei form for bøtekompetanse, der organet kan utmåle ei erstatning til den private part.

Klage og prov blir sendt direkte til sekretariatet, og klagene kan gjelde både den prosessuelle delen og materielle avgjerder. I denne samanheng vil ein påpeike at å nekte klagerett som er foreslått om vedtak, er i strid med både forvaltningslova sine prinsipp og EMK artikkel 6. Eit slikt uavhengig klageorgan vil etter vår meining vere ei mykje betre løysing enn at fylkesnemnda og barnevernet skal handsame klagesaker.

Føremålet med ei klagenemnd er å betre objektiviteten, trygge riktige prov og rapporter, samt unngå unaudsynt  og feil ressursbruk.

Ei klage kan også omfatte nekting av eit hjelpetiltak eller der familien ber om noko anna enn det som er avgjort.

Klageorganet vil med dette kunne være med å sile ut saker som i dag ugrunna går både for fylkesnemnda og domstolen i dagens system.

 

 

Tilbakeføring - «temporary mission»

Etter omsorgsovertaking, etter vår erfaring ofte på sviktande grunnlag, arbeider barnevernet i Noreg systematisk for å øydelegge relasjonane mellom barn og biologiske foreldre. Det er i strid med norsk og internasjonal lov. EMD stiller ikkje opp eit slikt tidsperspektiv, men avgrensar omsorgsovertakingar til «temporary mission», og slår fast at dei ikkje skal brukast lengre tid enn nødvendig. For å få til dette stemplar barnevernet foreldra som «retarderte», «enkle», «utan læreevne» - og det sjølv om foreldra kan dokumentere høgare utdanning med framifrå resultat, attestar om framifrå hukommelse og ditto læreevne.

 

I Noreg har ein avgrensa retten til å prøve sak på ny før eit år er gått. Eit år er lang tid i eit barns liv og gjev familien store skader i relasjon til stress på lik linje som ei reell kidnapping jf. ovanfor nemnde forsking.

 

Vi finn det urimeleg og urett at det skal stillast strengare krav til sannsynleggjering for privat part enn for det offentlege. Dette må endrast slik at dette kravet vert likt for begge partar og ikkje slik det er utforma i gjeldande lov.

 

 

Sviktande forvaltningsskjønn og resultata av dette

Både fylkesnemnder, politiet, domstolane og tilsynsorgana viser ofte til at dei ikkje kan «overprøve det barnevernfaglege skjønnet» til barnevernet. Då vert dårleg skjønn ståande uimotsagt. Det er ille dersom det er slik. Det vi ofte har sett svikte, er nettopp «forvaltningsskjønnet».

Utdanninga av dei tilsette i barnevernet er alt for dårleg. Når det er dette «skjønnet» som skal bestemme over politiet, domstolane og tilsynsorgana, og alle veit kor dramatisk dårleg det går, må vi enten få dette skjønnssystemet granska frå utlandet, eller få uavhengig og fagleg kompetent gransking i Noreg.

Ei familie har stått fram på seminar på Stortinget 10. oktober 2016 og seinare i media med si historie og kor tragisk det kan gå når skjønnsutøvinga til barnevernet er totalt forfeila: https://www.rb.no/barnevernet/nyheter/skedsmo/sonnen-har-mistet-fem-ars-skolegang/f/5-43-396786

Møtet med barnevernet ble et mareritt for familien i Eventyrveien på Skedsmokorset.

Vi sliter fremdeles etter det som skjedde. Sønnen vår, som nå skulle gått i niende klasse, nekter fortsatt å gå på skolen. For ham er skolen et sted der han har opplevd å bli kidnappet, og han frykter at det skal skje igjen. Han har fått diagnosen posttraumatisk stress, han stoler ikke på andre voksne enn oss – og han tør ikke fortelle behandlerne noe som helst. De kan jo bruke det mot ham, forteller Karianne Asla Løke og Espen Løke.

Her er familien påført det som framstår som livsvarige skader, forårsaka av for dårleg skjønn og for dårleg gransking. Barnevernet har ikkje kompetanse til å drive etterforsking, men dei synest heller ikkje ha kompetanse til å gjere saklege undersøkingar.

Det bør forskast på PTSD i Noreg knytta til barnevernets arbeid. Når sjølvmordsraten hos både barn og foreldre stig sterkt etter kontakt med barnevernet, er det ein klar indikator. Manglande utdanning hos barna er ein annan. Vi kan vise til amerikansk forsking på dette feltet. Noreg kjem dårlegare ut på dei statistiske variablane, og har difor truleg høgare forekomstar enn det forskinga i USA viser. http://cdn.casey.org/media/AlumniStudies_NW_Report_ES.pdf

Om lag 2000 familiar har flykta frå Noreg p.g.a. at dei opplever seg forfølgde av barnevernet. Dei familiane dette gjeld må bu som framande i land med mindre ressursar enn i Noreg. Likevel tyder dei studiane vi har gjort, på at desse borna greier seg bra. Mange av desse familiane har VUNNE sine saker mot norsk barnevern i det norske rettsvesenet, men har følt seg tvungne til å reise langt av stad for å sleppe det dei opplever som hemn og trakassering frå norske styresmakter.

Dei siste åra har det vore gjort ei rekke justeringar i regelverket for å hindre foreldra frå å redde barna sine. Stadig meir av naturlege og forståelege reaksjonar er vortne straffbare. Det er svært ille!

Frå media er det vel kjent at «Erik og Natashia» tok tvillingane sine og flykta til Polen. ALLE såg at grunnlaget for å ta tvillingane frå foreldra ved fødsel, grunna på ein overflatisk «diagnose», ikkje kan ha vore til stades. Difor måtte barnevernet – etter publisering i media – la foreldra få tvillingane att, med vilkår at dei skulle inn til «hjelpetiltak». NESTEN alle visste at dette berre var for å tilfredsstille media, og at BV ville slå til på ny, etter nokre veker. Dette visste sjølvsagt også foreldra, og dei tok borna med seg til Polen. ALLE såg at det ikkje var optimalt, men SVÆRT MANGE såg at det var nødvendig. Så har styresmaktene og foreldra gjort avtale om at barn og foreldre skal få komme heim. No seier norske styresmakter at foreldra har tilstrekkeleg omsorgsevne til å ta vare på tvillingane. Korleis kunne då dei same styresmaktene ha motsett konklusjon den dagen tvillingane vart fødde – utan utgreiing, utan prøving av hjelpetiltak! Tvillingane er sjølvsagt påført skade av den måten styresmaktene har håndtert denne saka på. Og sjølv om det for NESTEN alle er tydeleg at det er styresmaktene som har gjort feil, har styresmaktene prøvd å kriminalisere foreldra! Det skal ikkje kunne reknast som kriminelt å forsøke å verge sine eigne barn og foreldre mot vilkårleg og grunnlaus trakassering frå det offentlege si side!

Dagbladet hadde i 2016 fleire oppslag om ei mor som «rømde» frå ei «frivillig» plassering på mødreheimen «Vilde». (Korleis kan ein «rømme» frå eit frivillig opphald?) Den saka avslørte mørke sider ved norske styresmakter. Mora vart politianmeld, og det må ha vore mistanke om alvorlege ting, for det vart ikkje spart på ressursane. Tre politidistrikt vart involvert, alle tre iverksette husransakingar, utan at dei tok bryet med å følgje norsk lov! Dei sette i gang telefonavlytting og kommunikasjonskontroll. Etter fire veker fann dei ein liten gut ein stad på Sunnmøre. Han låg og sov, og ALLE visste at han hadde det framifrå i huset der han budde, hos ei barnepleierske. Fem politifolk og to barnevernstilsette tok seg inn i huset – utan å framvise dokumentert rett – og tok med seg guten. Guten, seks månader gammal, vart send frå stad til stad. Mora skulle ikkje få sjå han! Så etter fire veker vart det ei slags ordning på det. Mora måtte reise halve Vestlandet rundt for å få sjå sonen to gongar i veka. Politiet tok til vet og la bort saka mot mora – «intet straffbart forhold», men altså seks husransakingar og telefonavlytting mot mange personar. Ingen har bede om unnskyldning for dette! Så kom saka om omsorg for barnet opp for Fylkesnemnda. Barnevernet la fram forfalska referat for å sverte mora. Likevel vart resultatet at mora fekk sonen attende. Då hadde det vore brukt omfattande ressursar i tre politidistrikt. Barnevernet hadde brukt store ressursar på å sende mora rundt, på å halde guten i skjul, og på sitt eige arbeid. Mor og barn er begge skada av all denne galskapen. Som altså viste seg å vere UTAN grunn!

Det vi har lært av dette er at det først er når Media kjem tungt inn, at det vert råd å få til fornuftige løysingar!

Media har ganske tydleg og vore grunnen til at Bodnariu-borna fekk komme heim i juni 2016. ALLE burde ha sett at det ikkje var bra for fem søsken å verte tekne bort frå foreldra og frå kvarandre! Men dersom styresmaktene på alvor meiner at foreldra skal straffast for oppdraginga si, ser det meiningslaust ut at styresmaktene har levert borna attende. Sjølvsagt er borna påført traumer og skade – av dei styresmaktene som påstår at dei vil verne borna! Gjennom ei rettssak og forsøk på straff mot foreldra planla styresmaktene å påføre desse borna ytterlegare skade! Ikkje å undre seg over at foreldre og born kom seg i trygge kår utanlands.

Korleis går det med desse borna som vert tekne ut av landet for å komme i trygge kår? Vi har laga ei lita studie, og så langt den går, ser det ut til at desse borna greier seg ganske godt! Dei får utdanning, veks og ser ut til å vere i trivnad.

Det same kan ikkje seiast om dei borna som styresmaktene «tek seg av»! Vi har rapporten om barneheimane i Bergen 1954-1980, Drægebøutvalet. Fylkesmannen oppnemnde utvalet 31. oktober 2001. Advokat og tidlegare politimeister Einar Drægebø vart leiar for utvalet.

Bergen kommune hadde bede fylkesmannen om å sette ned eit uavhengig utval. Formålet med granskinga var å:

  • Avdekke om barn hadde vore utsett for fysiske overgrep.

  • Undersøke om det var alvorlege manglar ved den omsorga som barna fekk på institusjonane.

  • Undersøke om tilsynsmyndighetene hadde gjort jobben sin.

  • Avdekke om barn hadde vore tvangsplassert ved institusjonar utan lovleg vedtak.

Rapporten viser dramatisk svikt både i tilsyn og omsorg, og rapporten har gjeve grunnlag for erstatningsutbetalingar ikkje berre i Bergen, men også i svært mange andre norske kommunar. Utbetalingane nærmar seg 2 milliardar kroner, sjølv om beløpet til kvar enkelt er ganske beskjedent. Erstatningsordningane vert utvida i tid. Det er neppe grunn til å tvile på at omfanget av erstatningsutbetalingar vil auke i dei næraste åra.

Det har vore fleire lovendringar og omorganiseringar. Men tilhøva synest ikkje ha vorte betre!

Lars B. Kristofersen publiserte i 2005 si studie av «Barnevernbarnas helse. Uførhet og dødelighet i perioden 1990-2002». Den viser skremmande resultat! http://www.hioa.no/Om-HiOA/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/NIBR/Publikasjoner/Publikasjoner-norsk/Barnevernbarnas-helse

Vi har laga nokre små studiar som gjeld tilhøva for barnevernsbarn mellom 2001 og 2016. Dei viser dramatiske tilhøve: isolering av barn, bruk av reimar, institusjonar der det har vore tilnærma fri tilgang på sterke narkotiske stoff. Institusjonar der det ikkje har vore gjeve undervisning, men der klientane har fått «vitnemål». Arkiva etter desse institusjonane er ofte borte! Det skal ikkje vere råd å dokumentere det som skjedde eller ikkje skjedde. Styresmaktene har i nokre tilfelle overfor oss hevda at forvaltningslova og arkivlova ikkje gjeld, fordi desse institusjonane er private. Det er ikkje rett! Desse institusjonane opptrer på vegne av norske styresmakter, og er då etter Fvl. § 1 sjølvsagt underlagt desse lovene. Dei må sjølvsagt og følgje undervisningslova, men gjer heller ikkje det. Tilsynet fungerer ikkje!

Dei fortel om seksuelt misbruk, og om rus og vald. Risikoen for å verte utsett for slikt vert mangedobla frå det tidspunktet desse borna vert «tekne omsorg for» av det offentlege. Slik er det i svært mange land, men i minst like høg grad i Noreg som i dei andre. Dette gjev psykiske problem, dårleg utdanning, og sterkt reduserte sjansar for å kunne få et menneskeverdig liv etter at dei er ferdige med den «offentlege omsorga».

Dette viser oss at norsk barnevern har vore dysfunksjonelt gjennom mange tiår. Og det er det openberrt framleis.

 

Tilsyn under samvær

Vi reagerer sterkt på at det i Noreg er blitt slik at det normale ved samvær mellom foreldre og born som er tekne (ofte på svært tvilsamt grunnlag) av barnevernet, er at det skal vere tilsyn. Det sjølv om foreldra er edruelege og gode menneske som elskar borna sine over alt på jord. Det å ta born frå oppegåande og positive menneske, fordi barnevernet har kalla dei «retarderte» og «utan læreevne», er ei grov krenking av EMK artikkel 8. Det å gje foreldre og born berre nokre korte timar samvær i året, og berre under tilsyn, ser ut som ei kriminalisering, og er ytterlegare brot på artikkel 8. Vi har konstatert at mange av dei som barnevernet har fått stempla som «retarderte», er svært oppegåande, og endåtil enkelte kvalifiserte for Mensaforbundet! Det fortel om et system som er ekstremt dysfunksjonelt!

Vi ber om at lovgjevar ser til at det berre er unntaksvis, og med då med sakleg grunngjeving, at samvær med eigne born skal skje under tilsyn!

 

Bruken av familiesentra

Dei siste ti åra har bruken av barn- og familiesentre vore stor i Noreg. Desse sentra har vore marknadsført som hjelpetiltak, men driv ikkje med veiledning eller hjelp og støtte, men er berre argumentasjonsfabrikkar for barnevernet sine omsorgsovertakingar. Det har vore uråd å få ut statistikk og årsrapportar fråd esse sentra. Dei har hatt praksis med å øydelegge sentrale delar av arkiva sine. Alt dette har gjort det ekstremt vanskeleg å få vite kva som går føre seg der.

Vi har fått ut skjemaet som dei har nytta til å «teste» dei familiane dei har inne. Sudmannske har nytta SCL-90 i ei uautorisert utgåve frå 1970-talet. Alle eldre utgåver enn 2010 er ulovlege å bruke i Noreg. Det er ei rein symptomtesting, og berre med sju dagars gyldigheit. Den kan ikkje brukast til noko anna enn å leite etter symptom og lindring for dei. Hos desse sentra er det gjort til test av personlegdom! Testane er ofte utført av uautorisert personale, som blandar seg inn i svargjevinga! Kort og godt: det er total mangel på fagleg kompetanse. Og ut fråd esse pussige testane innstiller desse sentra på omsorgsovertaking, eller oftare: dei tilkallar politi og får beordra omsorgsovertakingar. Her er rettane til privatpersonar krenka på det grovaste! Og nokre gongar vert det for mykje, som t.d. ved Børresen no i januar 2017: http://www.barnefjern.org/drev-barnevernet-mor-til-selvmord/

Desse sentra har som utgreiande institusjon ikkje rett til å konkludere om omsorgsovertaking. Dei skal berre kunne lage ein rapport. Rapporten skal vere objektiv. Rapporten skal til oppdragsgjevar, barnevernet, som så skal innstille og ta saka til Fylkesnemnda. Først der skal det konkluderast. Då vert det sterkt kritikkverdig at det er den utredande institusjonen som informerer privat part, og resultatet har fleire gongar vorte sjølvmord.

Her må lovgjevar gripe inn og sørge for at forvaltningslova og arkivlova vert følgde, slik at ein kan få sett kontroll på arbeidet der. Det må sikrast at det vert laga offentleg statistikk og årsmeldingar.

 

Bruken av økonomiske midlar i barnevernet, kommentar til punkt 7.5.3 side 96 

MR-N har hatt eit prosjekt i haust med dokumentinnsyn og avdekka kva barnevernet bruker pengar på. I den norske barnevern er det store summer som går til institusjonsplasser og forsterheimar, advokater og sakkundige rapportar. Det går skremmande lite til cos kurs og andre rettleiingstiltak. Dette tyder på eit svært usunt system med stort maktmisbruk der dei lovmessige tiltaka ikkje blir utført på riktig måte og heller ikkje at sakshandsaminga kan være i samsvar med verken med gjeldane rett etter barnevernslova, forvaltningslova og dei krav EMK artikkel 6 sett til sakshandsaminga.

Dette tyder på at sakshandsaminga heilt i frå start inneheld svært mange lovbrot ut i frå maktmisbruklæra og at barnevernet dagleg går utanfor si kompetanse. Gjennom tilbakemelding frå familiar som er og har vore i kontakt med barnevernet blir det avdekka grove sakshandsamingsfeil heilt frå undersøkingsaker starter.  Mellom anna syner munnleg grunngjeving frå barnevernet etter at vedtak er gjort, at denne er forskjellig i frå den skriftlege som kjem fram i vedtaka. Dei munnlege grunngjevingane er klåre kontroll omsyn og omhandlar ingen rettleiingsomsyn. Dette er ikkje i samsvar med kravet til etterprøving i forvaltninga og svært vanskeleg for Fylkesnemda og domstol å fange opp. Vedtaka tilfredstillar ikkje proposjonalitetsprinsippet i forvaltninga. Førehandsvarsel er ikkje blitt gjort i samsvar med forvaltningslova sine krav. Mange saker er starta med ugyldige vedtak vurdert opp mot maktmisbruklæra. Eit av krava til forvalntingslova er at ein kvar sakshandsamar skal vurdere om  den har gått utafor si kompetanse ved ei kvar avgjerd jf. forarbeida til forvaltningslova s.73 Dette blir aldri gjort, og det går aldri klårt fram av verken vedtaket eller det underliggande materialet at sakshandsamarane har vurdert dette.

Det er svært grovt at sakshandsamarane blander rolla si som hjelpeinstans og kontrollører. Der dei lager hypotesar som verken born eller foreldre kjenner seg att i og der familiane står utan kunnskapar om at det blir gjort lovbrot. Ein kan ikkje vente seg at foreldre har naudsynt kunnskapar om verken forvaltningslova og maktmisbruklæra og kan dermed heller  ikkje nytte sine klagerettar.

Ein må derfor konkludere med at rettstryggleiken ikkje er tilfredstillande slik det går fram av lovforslaget med at det berre er fri rettshjelp under Fylkesnemdsaker og i tingretten. Det er også ei stor utfordring for dei advokatane som representerer den private part å kunne påvise alle sakshandsamingsfeila som også har ført til at saka som har verka inn på det resultatet at saka er komen inn til Fylkesnemda.  Barnevernet utnytter sin posisjon under sakshandsaminga med ulovleg sakshandsaming, særleg gjennom munnleg sakshandsaming som ikkje kan etterprøvast og som er ei stor årsak til at det blir demonstrert mot det norske barnevern.

Lovgjevar må være klar over at ei forenkling og endring av omgrep ikkje vil være med på å endre den faktiske situasjonen og drive på å tette hull i lovverket til fordel for barnevernet som vil dette ende opp i total konflikt med menneskerettane. Gjennomgåande er sakshandsaminga i strid med minimumskrava i forvaltningslova og derfor også i strid med EMK artikkel 6.

Ein må difor konkludere med at lovforslaget manglar tilfredstillande krav til rettstryggleik som EMK artikkel 6 stiller opp dersom det ikkje blir innført fri rettshjelp.

Lovgjevar bør også merke seg at det er  eit nytt prosjekt i politiet med videoopptak av avhøyr. Meir bruk av elektronisk utstyr ute i felten er også noko politiet vil nytte seg av og det er gjennom private sin opptak at sakene i retten ender med at borna kjem him att til sine foreldre. Dette er noko barnevernet motsett seg i stor grad for det avdekker at barnevernet gjer grove feil og at vedtaka og dei skriftlege dokumenta som barnevernet skriv lid av grove faktafeil og anna usaklege påstandar o.l.som dei nyttar som dokumentprov i Fylkesnemda og retten. Video og lyd opptak innafor avhøyr av born på barnehuset avdekker også at det blir gjort feil frå det offentlege både av politi, psykologar og andre som tek avhøyr av borna.

Det må derfor innførast i det nye lovforslaget rett til fri rettshjelp frå undersøking sak starter og gjennom heile prosessen. Dette var også tilhøvet tidlegare og det må no gjennomførast.

 

Kapittel 7 punkt 7.5.3. s.96

I relasjon til spørsmål om barneverntenesta får ei uheldig dobbeltrolle som ikkje er føremålstenleg, har utvalet konkludert med at barnevernstenesta kan handtere rolla som hjelper og tvangsmyndigheit.

Dette kan ikkje MR-N slutte seg til. Vår erfaring i kontakt med foreldre, barn, tidlegare barnevernsbarn og i møter med barnevernet opplever vi det motsette. Sakshandsamarane nytter seg av metodar som klart har til føremål å skape personane forvirra. Noko som klårt er i strid med EMK artikkel 3. og slått fast i EMD Nord Irland mot england1978. Dette gjeld både undersøkingsake og gjennom heile sakshandsaminga der føremålet til barnevernet er å kunne skrive negativt om familien og ha dokumenter som gjev grunnlag for tiltak av diverse art, og særleg til å nytte som prov ved omsorgsovertaking og akuttvedtak.

Vidare syner sakshandsamarane at dei blander sine roller ved å gjere vedtak om rådgjeving der dei grunngjev vedtaket i møter med kontrollomsyn. Til dømes blir det gjort fleire vedtak med oppmøte hos barnevernet for rådgjeving ein 1 gang pr.veke utan nokon som helst reell plan eller føremål med rådgjevinga. Den muntlege grunngjevinga er å kontrollere foreldra si psykiske helse, noko som er utanfor barnevernet si kompetanse å vurdere.

Andre dømer er at foreldre blir trua til å skrive under dokument som dei blir nekta å lese innhaldet av. Dette er strafferettsleg ei strafflagt handling. 

Andre opplever å bli trua med tvangstiltak og at dei skal ta borna deira allereie i undersøkingsaker. Til og med born blir slengt i kommentarar som «no har vi tatt deg, så no skal vi ta søskena dine også» i samband med å bli frakta til institusjon.  Dette er grovt maktmisbruk som Fylkesmannen ikkje klarer å avdekke.

Ei oppdeling av barnevernet er absolutt naudsynt for å minske risikoen for urett, samt eit betre kontrollorgan enn den kontrollfunksjonen Fylkesmannen har i dag.

 

Sakkunnige

Sakkunnige blir i dag ofte henta inn av barnevernet. Gjennom MR-N si undersøking av to fylker syner det seg at berre tre av kommunane kunne skaffe fram anskaffingsprotokoll for advokattenester. Andre tenester som innleidde sakshandsamarar, tolketenester og sakkunnige var det ingen som kunne vise fram anskaffingsprotokoll. Det var heller ingen som kunne gje tal for kostnader for kjøpte tenester av coskurs etc.

Dette er svært nedslåande og syner at barnevernet kjøper tenester hos sakkunnige der føremålet synest utelukkande å vere å få undersøke og få grunnlag for ei omsorgsover­takingsak. Barnevernet skulle heller ha hatt sitt fokus på rettleingstiltak og andre førebyggingstiltak.

Kjøpa synest bli gjort ut i frå kva barnevernet av erfaring veit dei kan få tilbake i rapportar som kan dokumentere deira hypotesar. Erfaringsmessig har sakkunnige som har konkludert med det motsette, enda opp med å ikkje bli kontakta for nye oppdrag. Denne kunnskapen er vel kjend mellom psykologane: skal dei ha nye oppdrag må dei konkludere slik oppdragsgjevar (barnevernet) vil ha det. I eit rettstryggleiksperspektiv er dete sjølvsagt katastrofalt.

Det er kravd eigenmelding frå psykologar om deira bindingar, men dette har ikkje hatt stor effekt på realitetane, og det må sikrast betre at sakkunnige er objektive og innehar fagleg kvalitet i sine rapportar. Barnesakkyndig kommisjon har fungert svært dårleg. Ser ein på tidsbruk i kommisjonen på kvar rapport dei har hatt til vurdering, ser ein at det er særdeles overfladiske «kontrollar».dei kan gjere.

Det må lagast klårare retningslinjer for bruk av sakkunnige. Sakkunnige bør berre være oppnemnt av fylkesnemnda eller retten, eller gjennom ein eigen innkjøpssentral for ein eksakt tidsperiode på minimum eit år. Dei må få sitt honorar betalt av retten.

Vi ser at dei same psykologane henter inntekter både som sakkunnige og som fagdommarar. Det er svært kritikkverdig sett frå rettstyggleik. Ein sakkunnig skal ikkje kunne sitte i noko som helst nemnd eller være sakkunnig i ei rettssak i same tidsperiode som den sakkunnige leverer tenester til barnevernet.

Den private part må få rett til å komme med uttaling om til dømes tre alternativ om kven av dei godkjente sakkunnige, dei ønskjer å samarbeide med. Ein må faktisk her ta omsyn til at ein sakkunnig psykolog er ein behandlar og vurdere om heile ordninga med sakkunnig i det heile tatt er i samsvar med pasientrettigheiter generelt, når kravet der er at ein skal stå fritt til å velje behandlar.

For at likehandsamingsprinsippet skal være ivaretatt må den private part på same vis sjølv kunne søkje om å få ei sakkundig vurdering.

Ei betre organisering av systemet med dei sakkunnige skal ha som føremål at desse blir meir objektive og at den som rekvirerer sakkunnig ikkje vel ut ein sakkunnig som dei trur vil tale deira sak.

Det må lagast ei meir familievennleg ordning, der rus eller liknande er orsak til at bornet ikkje kan bu heime med vekentlige samvær minimum. Kun der bornet kan bli utsett for alvorleg fare for liv og helse slik som påvist seksuelt misbruk og liknande kan det settast strengare vilkår og vurderast at bornet skal være plassert på lang sikt, slik reglane er meint for og som EMD stiller opp.

 

Kompetanse

Barnevernet har ei alt for snever oppfatting av «kompetanse». Vi ser stadig at legar ikkje vert rekna som kompetente, og at barnevernet slett ikkje vil bruke annan «kompetanse» enn den dei sjølve kan kontrollere, t.d.familieheimar/mødreheimar. Desse heimane er reelt berre «utredande», og knapt nok det. Dei framstår som argumentprodusentar for barnevernet.Men barnevernet vil ofte omtale dei som «hjelpetiltak», sjølv om det ikkje er råd å finne eit einaste element av «hjelp» i dei. Andre, og objektivt sett langt meir kompetente, tilbod vert avviste av barnevernet.

Det må kunne finnast smidigare løysningar enn dei snevre grensene til tiltak som er i dag, som til dømes «støttefamiliar» der både mor og eller far kan bu saman med bornet for ein periode helst i eige husvære i staden for institusjonar og fosterheimar. Støttefamilien vil då både kunne være rådgjevarar, avlastning og støtte for å løfte ein familie ut av ein vanskeleg situasjon. («Margareth-metoden».) Vi er trygge på at sluttresultatet ved hjelp av slike støttetiltak jamnt over vil verte langt betre, enn dei bedrøvelege resultata ein ser i dag: 51% av barn i fosterheimar får psykiske vanskar, 75% av dei som er på institusjonar. Berre 8% av dei får høgare utdanning – mot 40% i befolkninga elles.

Ei støttefamilie kan også nyttast ved tilbakeføring. Argumenta som barnevernet nyttar i dag om at bornet har fått tilkytting til fosterforeldre eller andre etter å ha blitt isolert frå familien kan ikkje aksepterast som humant, når ein ser korleis born reagerer og som er likt reaksjonsmønster som ved ei reell kidnapping. Born er avhengige av vaksne for å overleve og har ingen andre val enn å måtte halde seg til dei vaksne som er rundt det. Dette syner også Stokkholmsyndromet som har store likskapstrekk med korleis born tilpassar seg framande og får ei usunn tilknyting gjennom isolasjon slik barnevernet gjennomfører tiltak i dag. Dersom det hadde vore utført kortisol målingar hos born både før og etter plassering ville tiltaka mest sannsyneg vore eit brot på EMK artikkel 3. Difor er det klart at både akuttplasseringar og omsorgsovertakingar må ned og i utgangspunktet eit særdeles snevert unntak.

Det finns mange psykologiske metodar for å arbeide eit born som har vore kidnappa tilbake i familien og som bør nyttast i større grad samen med ein eventuell «støttefamilie» ved tilbakeføring.

 

Meldepliktsreglane

I 2015 vart det sendt 53000 bekymringsmeldingar til Barnevernet. Det er eit ekstremt høgt tal! Etter dagens system veit ein at meldepliktregalne sine tersklar ikkje blir følgt. Til dømes blir det ofte send meldingar utan at det ligg føre noko reell bekymring for omsorgssituasjonen eller av rein framandfrykt.

Meldingane er ofte baserte på eigne subjektive erfaringar eller politiske meiningar og har inga reell forankring i røyndommen for den aktuelle familien. Vidare oppgjev ofte skular manglande ressursar for sine meldingar som fører til at dei ikkje overheld sine pliktar i opplæringslova. Ei anna orsak til at skular ofte sender bekymringsmeldingar, er at terskelen er senka for lågt skjønnsmessing ved at barnevernet har kontakta skular for innhenting av informasjon.

Noko som skal kritiserast og som ikkje går direkte på barnevernslova, er innføringa av informasjonsinnhentinga som skular er blitt pålagt frå i haust. Ordninga er sterkt i strid med EMK artikkel 8 om å lage spørreskjema som omhandlar svært personleg informasjon og dersom informasjonsflyten skal auke, vil ei ordning som allereie er krenkande, føre til endå større brot på EMK enn i dag.

Tilliten til barnevernet frå svært mange er allereie i dag ikkje-eksisterande i relasjon til brot på deira teieplikt der sakshandsamarane gjev munnleg informasjon med vriding av fakta, med helseopplysningar av svært personleg karakter og med informasjon som ikkje er relevant, ut til akuttheimar, fosterheimar, institusjonar og liknande, og utan at den dette gjeld får informasjon om dette anna enn gjennom borna som faktisk opplever dette også som svært krenkande. Ofte er det tydeleg at føremålet med denne informasjonsflyten, er å be akuttheimar, fosterheimar og liknande om å kontrollere borna sin korrespondanse utan at det er heimel for dette, og å gje meldingar tilbake til sakshandsamarane om innhaldet og kontakta til foreldre og andre slektningar i strid med både barnekonvensjonen og EMK. Samt å skape ei subjektiv førestilling om at borna har levd under uverdige forhold hos foreldra hos mottakarane av denne informasjonen. Det må oppstillast strengare krav om føremål og særleg om at slik informasjonsspreiing av sensitiv, er ulovleg og uheldig.

Dersom helsepersonell og andre etatar blir pålagt informasjonsplikt og reservasjonslaus informasjonsrett, vil dette i realiteten utgjere fare for liv og helse i større grad enn i dag. I dag er realiteten at foreldre ikkje oppsøker helsepersonell for mange plager, då dette kan føre til at barnevernet får informasjon, ein informasjon dei vil vri i negativ retning og brukt mot familien. Teiesplikta til helsepersonell må respekterast i større grad enn i dagens system, då denne er grunnleggande for å oppsøke helsepersonell og andre offentlege etatar. Sviktande tillit til teieplikta i helsevesenet vil på sikt svekke helsa til det norske folket.

I saker har det synt seg at barnevernet til dømes  har forsøkt å innhente legejournalar til besteforeldre i undersøkingssaker der besteforeldra ikkje er part. Barnevernet har i mange saker kravd ut heile journalar for å lage påstandar av ei særdeles uheldig art med insinuering av diagnosar dei ikkje har fagleg kompetanse til å sette. Barnevernet har ikkje legefagleg kompetanse, og det er difor heilt forkasteleg at dei skal få tilgang til informasjon dei ikkje har føresetnader for å tolke og analysere. Den private part får ikkje uttale seg og heller ingen informasjon frå helsepersonell om at dette er gjort. Når privat part vert kjent med dette, vil den private parten ofte oppleve seg grovt krenka av styresmaktene.

For nært samarbeid mellom barnevernstenesta og andre etatar utan at dei som har partsrettar får informasjon om informasjonflyten er svært uheldig og krenkande. Det må stillast strenge krav til kva informasjonen skal brukast til, og skal ikkje være grunnlag for stadige endringar av tiltak.

Andre etatar har gjeve bekymringsmeldingar og deretter ringt foreldra og bede om orsaking for det med grunngjeving om at dei trur dei har plikt til det endå dei ikkje er bekymra, verken for barnet sin omsorgsituasjon eller foreldra sine omsorgsevner. Dette må vi rekne som svært grove overtramp, og som i realiteten falske bekymringsmeldingar. Barnevernet har vist liten evne til å skilje mellom alvorlege og useriøse bekymringsmeldingar. Når konsekvensen er at slike meldingar blir teke seriøst, og ikkje blir henlagt, har tersklane blitt senka langt under dagens lovkrav og tillita til systemet kan og vil føre til fare for liv og helse dersom tersklane for melde plikta ikkje blir heva enn slik dagens system fungerer.

Mange opplever at særleg helsestasjonar ofte melder foreldre med blanda kulturbakgrunn. Vi meiner å sjå at nokre i helsepersonalet har svært personlege rigide haldningar og negative førestillingar om foreldre av blanda kultur, og at det er desse haldningane som er den reelle årsaka til meldingane.  Når barnevernet mottek meldingar om svært små born, syner det seg at dei ikkje gjev objektive observasjonar og serverer slik par at dei allereie er satt i bås av barnevernet med å bli pressa usakleg inn på mødreheimar enn at deira kultur blir respektert.

Vidare veit ein at private ofte utnytter barnevernssystemet til å sende bekymringsmeldingar som rein hevn. Anonyme meldingar bør vurderast å være forbode og personar som melder også gjennom andre etatar bør være forbode. Ein bør også vurdere sterkt å ta ein bakgrunnskjekk for motiva også om meldaren er kjent før barnevernet opprettar undersøkingssaker. Dette må også gjelde for familiar som allereie er i kontakt med barnevernet. Dei fleste meldingane syner seg å være tufta på at personane sjølv er i ubalanse , og slike konfliktar skal absolutt ikkje føre til at borna blir straffa med å bli plasserte.

Barnevernet må også i større grad lytte til dei som blir utsett for slik trakassering enn å avfeie dette i og med at utfordringa er kjent i systemet. Det bør vurderast om at falske meldingar skal forfølgjast på lik linje som falske meldingar til politiet som eit tiltak for å avgrense slike falske meldingar. Dette vil også kunne føre til ein betre og effektiv ressursbruk for barnevernstenesta.

Både i relasjon til forslag om større informasjonsflyt og meldepliktreglane, vil MR–N minne utvalet om at staten også har ei negativ sikringsplikt i EMK artikkel 1, og at ein mogleg må sende signaler til andre aktuelle departement om  at barnevernet ikkje kan og ikkje skal ta ansvaret for alt. Vidare må ein vurdere om det som skjer i praksis allereie ligg utanfor gjeldande lovkrav, slik at ei ny senking av tersklane i realiteten kan gjeve motsette konsekvensar av det utvalet har som føremål med å senke informasjonsflytenl. I den aktuelle debatten om lovforslaget opplever MR-N totalt sett at staten si negative sikringsplikt blir for lite fokusert på. MR-N stiller seg difor svært kritisk til aukande informasjonsflyt.

30. januar 2017

Yngve Nedrebø Anita Skippervik

 

Til toppen