Høringssvar fra Marit Hole Tynnøl
Eg svarar som privatperson, mor og er i yrket journalist. Eg trur ikkje at å senke lågalderen er vegen å gå. Born er allereie utsett for sex-press og det blir ikkje betre av å sette ned lågalderen. Mange 15-åringar er ikkje modne for å ha sex, og ein sexuell lågalder signaliserer at det er greitt å vente, iallfall til ein har fylt 16 år. Dette er eit signal både til ungdommen sjølv, og til den eventuelle partnaren som er eldre. Dette er eit greit tal å forhalde seg til. 15-åringar har ikkje blitt meir vaksne og modne dei siste åra. 16 år er eit greitt kompromiss, tenkjer.