Høringssvar fra Øygarden kommune
Høyringssvar frå Øygarden kommune - NOU 2023:4 / Tid for handling.
Øygarden kommune ynskjer å takke Helsepersonellkommisjonen for ein grundig rapport!
Vi kjenner oss godt igjen i kunnskapsgrunnlag og utfordringsbilde som vert presentert i Tid for handling. Eit samla «Norge» må setje i gang eit spekter av tiltak, både på kort og lang sikt, for å lukkast i arbeidet med å levere gode helsetenester i framtida. Vi har tru på at vi skal få det til, sjølv om tenesteleveransen kan verte endra i åra som kjem.
I rapporten kjem det fram ei rekkje tiltak for å utdanne, rekruttere og behalde personell i helse- og omsorgstenestene. Det vert kort kommentert nokre tiltak som vi vurderer som særs viktige i vår kontekst.
1. Organisering og samhandling i helse- og omsorgstenestene
Kommunen ser behov for vidareutvikling av dagens to-nivå system mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Utganspunkt må vera at partane er likeverdige, særskilt med tanke på avgjerdsmynde, tilgang på tilstrekkeleg og kompetent personell, praksisplassar for studentar, tildeling av økonomiske ressursar og forskingsaktivitetar. Både kommunar og sjukehus er «spesialistar» innan sin produksjon av helsetenester. Dette må gjenspeilast i framtidig organisering og ressursfordeling mellom partane. Det må også vurderast om helsefellesskapa kan få større mynde/ handlingsrom i framtidige endringsprosessar på tvers av tenestenivå.
2. Oppgåvedeling
Kommunen støttar at eksisterande kompetanse må nyttast meir effektivt enn før og at oppgåvedeling/oppgåvegliding mellom helsepersonell vert den «nye normalen». Vidare understrekar vi at opptrapping av systematisk samarbeid mellom kommune, frivillige, brukarorganisasjonar og private aktørar, vil kunne spele ei viktig rolle for å redusere vekst i behov for helsepersonell. Naudsynte endringar må gjenspeilast i lovverk, ulike utdanningsløp og rammetilskot til kommunane.
3. Arbeidsforhold og arbeidstid
Det vert påpeika av kommisjonen av sektoren treng større grad av heiltidskultur for å auke kvalitet og kapasitet i tenestene, utan å auke tal tilsette. Det støttar vi, men det er behov for handlekraftige tiltak som løyser «helgeproblematikk» og som gjer det attraktivt og mogleg å stå i turnusarbeid gjennom heile yrkeslivet i store stillingar.
Etter mange års arbeid i retning mot «heiltidskultur» i kommunen, støttar vi fleirtalet i kommisjonen - «at en nærliggende løsning vil være å fastsette bestemmelser om gjennomsnittsberegning av arbeidstid i de sentrale tariffavtalene, slik det er gjort i andre sektorer. Dersom partene ikke kommer frem til en slik enighet, mener flertallet at myndighetene bør gå gjennom dagens lovbestemmelser om skift/turnusarbeid, med sikte på å gjøre justeringer for å sikre at arbeidsgiver har myndighet til å ivareta ansvaret for å bemanne tjenestene, for eksempel i helgene, og til å ivareta arbeidsmiljølovens krav om at arbeidstakerne skal ha et fullt forsvarlig arbeidsmiljø.»
Det ligg stor arbeidskapital i tilsette som vel å gå av med AFP, og verkemiddel for å behalde tilsette i arbeid inntil pensjonsalder kan bidra til at dei står lenger i arbeid. Kommunal sektor praktiserer i stor grad ingen seniorpolitiske tiltak med fridagar utover den ekstra ferieveka i ferielova. Til samanlikning har statleg regulativ inntil 14 seniordagar for tilsette over 62 år, og ei regulering i lovverk kan medverke til at kommunal sektor kan oppnå tilsvarande. Primært mot tilsette i drift i helse og velferd.
Vidare vil ei endring i reglar om avkorting i pensjon kunne bidra til at tilsette som er gått av med AFP vel å arbeide i større omfang. Unntak i avkorting i pensjon under Covid19- pandemien bidrog til at det i langt større grad var mogleg å dekkje kompetansebehovet for helsepersonell. Dette er eit godt døme på tiltak for å løyse bemanningskrise med bruk av tilsette som har gått av med AFP.
4. Utdanning og kompetanseutvikling
Det kjem fram i rapporten at det er behov for større innsats for å heva kapasitet og kompetanse innan praksisrettleiing- og at praksis kan vera begrensande faktor for kapasitet i utdanningane. I denne samanheng kan det vera nyttig å fordele praksis over studieåret og i tillegg leggje til rette for studentdrivne døgnpostar. Kommunen vil då i større grad klare å leggje til rette for auka kapasitet og gode praksisplassar for mange fleire enn ein kan i dag.
I tillegg til gode fag- og høgskuleutdanningar, ser vi behov for kortare spissa kompetanseløp for grupper av personell som kan utføre ei rekkje oppgåver i døgnkontinuerlege tenester, der det primært ikkje er behov for fullført helsefagleg utdanning. Kompetanseløpa må kunne byggjast på til fagutdanning ut frå ynskje og elles behov i tenestene. Gode finansieringsordningar vil fremje utviklinga av og deltaking i ulike kompetanseløp.
5. Prioritering og overbehandling
Å ta tilbake godar og moglegheiter som innbyggjarar er vant med, er krevjande! Vi støttar kommisjonens vektlegging av at det er behov for prioritering og reduksjon av mindre viktige og til dels uønska tenester. Informasjonsarbeid i stort omfang må prioriterast både nasjonalt og lokalt, for å få det som kommisjonen skriv «en felles erkjennelse av tjenestenes realistiske omfang og kvalitet». Godt informasjonsmateriell vil kunne hjelpe den einskilde kommune til lettare å få til løysingar lokalt.
6. Digitalisering og teknologisk utvikling
Kommunen støttar forslaget om å prioritera innføring av teknologi som kan redusera behovet for personell og utvikle tiltak for å styrka den digitale kompetansen i helse- og omsorgstenestene. Det er viktig at det vert etablert gode støtteordningar for kommunane, då opplæringsbehov er omfattande – både for tilsette og innbyggjarar generelt.