Høringssvar fra Bjerkreim kommune

Dato: 30.04.2023

Bjerkreim kommune meiner NOU 2023:4 Tid for handling. Personellet i en bærekraftig helse- og velferdstjeneste viser eit realistisk utfordringsbilete for helse- og omsorgstenestene, og for velferdstenestene for øvrig. Me vil peika på følgjande forhold som me meiner bør ivaretas i det vidare arbeidet:

Bjerkreim kommune er uenig i at det er hensiktsmessig å utgreia eitt forvaltningsnivå. Ein slik prosess vil etter vårt syn ha stor risiko for å ta fokus og ressursar bort frå øvrige viktig oppgåver. Det er imidlertid både ønskeleg og nødvendig å vidareutvikla økonomiske mekanismar som gir gode incentiv til korrekt oppgåvefordeling. Økonomiske virkemiddel i forhold til utskrivningsklare pasientar blei innført i samband med Samhandlingsreformen. Medfinansieringsordninga som blei innført samtidig med Samhandlingsreformen, blei avvikla etter kort tid, men bør kanskje tas fram igjen. Ei slik ordning vil over tid kunne motivera til både forebygging og god oppgåvedeling. Utvalet sitt forslag om samhandlingsbudsjett bør difor vidareutviklast i retning av medfinansiering.

Hus-/hytte-prinsippet og generalist-kompetanse er viktige grep i utgreiinga. Det er nødvendig at både kompetansebygging og arbeidsforhold legg til rette for at personalressursane blir nytta på ein god måte, gjerne på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Det er også viktig at helsepersonell-ressursane så langt som mogleg blir nytta direkte i pasientarbeid. Det er nødvendig å tilrettelegga for at yrkesgrupper som psykologar, sjukepleiarar, jordmødre og legar å så stor grad som mogleg får nytta kompetansen i direkte møte med pasientane. Muligheten for å løysa vakt- og turnusutfordringane på tvers av forvaltningsnivå, må også inngå i eit slikt samarbeid, og vil kunne redusera behovet for å sjå på arbeidsgivars styringsrett.

Utdanning og kompetanseutvikling må inngå i drift av alle tenester, for å bidra til kvalitetsutvikling, tenesteutvikling/forskning og rekruttering. Dette bør vera eit sentralt samarbeidsområde i helsefellesskapa, der også universitetsmiljøa må inkluderast.

Kommunal medverknad i den akuttmedisinske kjeden og kommunale øhjelps-tilbod, er avgjerande for å sikra gode pasientforløp basert på LEON-modellen (Lågaste Effektive Omsorgs-Nivå). Sjukepleie-kompetansen i kommunane kan brukast meir aktivt både i KAD-tilboda, og i den akuttmedisinske kjeden. Bjerkreim kommune har i 10 år hatt akutthjelper-ordning der sjukepleiarar i omsorgstenesta rykker ut til pasientar ved akuttmedisinske hendingar. Dette avlaster ambulanse- og legevaktlege, og bidrar til god og oppdatert vurderings- og handlingskompetanse hjå sjukepleiarane, som er nyttig også i den ordinære omsorgstenesta. Dette bidrar til at ein større del av oppgåvene kan løysast i kommunen.

Innføring av nye digitale løysingar må heile tida vurderast i forhold til effektive og oversiktlege brukerflater. Det må ligga til rette for at ny digital samhandling skjer innafor rammene av eksisterande arbeidsflater, slik at for eksempel all kommunikasjon med fastlege skjer via fastlegen sitt EPj-system, og ikkje via stadig fleire portalar, ALTINN, Digipost etc. Eller at sjukepleiarane i omsorgstenesta kan ivareta digital heimeoppfølging i same arbeidsflate som øvrig pasientoppfølging.

Kommisjonen peikar på store utfordringar framover. Kommunal forebygging og tenesteyting er avgjerande for å møta den demografiske utviklinga. I sum gir rapporten frå Helsepersonellkommisjonen gode analysar og anviser fornuftige prinsipp som bør ligga til grunn for arbeidet framover. Det samsvarer i stor grad med den måten mellom anna Bjerkreim kommune allereie planlegg og driftar sine tenester.