Høringssvar fra Høgskulen i Volda

Dato: 26.04.2023

Vår ref.: 23 / 00195

Høyringsfråsegn frå Høgskulen i Volda

NOU 2023:4 Tid for handling - Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste

Innleiing

Helsepersonellkommisjonen legg til grunn at helsesektoren ikkje skal ha større del av arbeidsstyrken i fremtida, sjølv om behova for helse- og omsorgstenester truleg vert større. Utviklinga i talet på personell i helse- og omsorgstenestene vil i stor grad vere avhengig av politiske avgjerder, og utviklinga i talet på personar som etterspør / treng tenester vil vere avhengig av i kva grad det vert satsa på førebygging, og korleis ein lykkast med det.

Førebyggande arbeid, tverrfagleg/tverrprofesjonelt samarbeid og involvering av fleire yrkesgrupper i helse- og omsorgstenester

Auka satsing på førebygging vil til ein viss grad kunne redusere behovet for helse- og omsorgspersonell.

Elles etterlyser vi i større grad tverrfagleg og tverrprofesjonelt samarbeid som svar på nokre av utfordringane som helsepersonellkommisjonen særleg peikar på. Meir tverrprofesjonelt samarbeid vil aktualisere spørsmål om nye innretningar i tenestene, men med felles grunnleggande utgangspunkt, og eventuelle nye/færre profesjonar. Men det er få insentiv i sektoren for det tverrfaglege og for samarbeid. RETHOS bidreg truleg ikkje til meir tverrprofesjonelt samarbeid, men snarare til å stadfeste profesjonane. Diskusjonane på dette området vil vere avhengig av kva som skjer med styringssystema.

Å mobilisere fleire yrkesgrupper og profesjonar i helse- og omsorgstenester må verte tydlegare som tiltak for å møte utfordringane, meiner vi.

Gjennomgåande snakkar utgreiinga om personell med helse- og sosialfagleg utdanning, men det er berre dei helsefaglege yrkesgruppene (m.a. lege, tannlege, sjukepleiar og helsefagarbeidar) som blir omtalte meir detaljert. Vi saknar meir vekt på dei sosialfaglege yrkesgruppene (sosionom, barnevernspedagog og vernepleiar). Det er yrkesgrupper som allereie i dag har ein vesentleg plass, særleg i dei kommunale omsorgstenestene. Som utgreiinga viser, er det pr. i dag 1823 sosionomårsverk og 683 barnevernspedagogårsverk i spesialisthelsetenesta (s. 72). I kommunale helse- og omsorgstenester er talet høgare, med 6150 årsverk miljøterapeutar og 2077 årsverk sosionomar (s.77).

Talet på årsverksbidrag – i kommunale helse- og omsorgstenester - frå tilsette med sosialfagleg kompetanse er aukande. Flesteparten av desse årsverka er truleg i tenester for rus og psykisk helsevern og habilitering. I desse tenestene er tverrprofesjonelt samarbeid viktig, og brukarane har ofte samansette vanskar med både somatiske og psykososiale uttrykk. Vi ser føre oss at sosionomar og barnevernspedagogar kan få auka betydning i desse kommunale tenestene framover, og at kompetansehevande tiltak for sosialarbeidarar kan vere nyttig å vurdere. Slike kompetansehevande tiltak kan vere ulike kurs, etter- og vidareutdanningar (s.227). Kompetansehevinga kan gjelde både grunnleggande helsefagleg kunnskap og auka kompetanse i tverrprofesjonelt samarbeid.

Auke den helsefaglege kompetanse hos sosialarbeidarar

Høgskulen i Volda tilbyr vidareutdanninga ‘Helsefag for sosialarbeidarar’ (30 stp.). I utdanningane får studentane innføring i grunnleggande helsefagleg kunnskap, som anatomi og fysiologi, sjukdom og funksjonssvikt, observasjon, omsorg og pleie, farmakologi og legemiddelhandtering. Vi meiner at det er eit godt døme på kompetansehevande tiltak som kan bidra til å styrke tenestene, ikkje minst ved å medverke til betre tverrprofesjonelt samarbeid, som NOU 2023:4 framhevar som eit viktig tiltak for å utnytte resursane i tenestene best mogleg.

Forskrift om legemiddelhandtering opnar for at også personell utan autorisasjon kan få ansvar for legemiddelhandtering. Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp §4 Virksomhetsleders ansvar:

§ 4.1 Virksomhetsleder skal sørge for at legemiddelhåndtering i virksomheten utføres forsvarlig og i henhold til gjeldende lover og forskrifter.

§ 4.3 Virksomhetsleder skal sørge for at helsepersonell som håndterer legemidler, har tilstrekkelig kompetanse. Helsepersonellets kompetanse må vurderes individuelt ut fra vedkommendes formelle og reelle kvalifikasjoner og oppgavens art, før legemiddelhåndtering kan utføres.

I helsepersonellova §3 vert helsepersonell definert som personell som er omfatta av autorisasjonsordninga, eller som i lovens forstand er helsepersonell som følgje av at dei gir helsehjelp. Med helsehjelp er meint «enhver handling som har forebyggende, diagnostisk, behandlende, helsebevarende, rehabiliterende eller pleie- og omsorgsformål og som utføres av helsepersonell». Kompetansehevingstiltak i farmakologi og forsvarleg legemiddelhandtering kan føre til at fleire kan bidra i legemiddelhandteringa etter individuell vurdering av om personen har tilstrekkeleg kompetanse. Dette vil kanskje vere særleg nyttig i mindre bueiningar, der det er få brukarar og relativt lågt omfang når det gjeld byte av legemidlar hos brukarane.

Forsking og forskingsbasert utdanning

Tilsette i helse- og omsorgstenestene som har eiga erfaring frå forsking, i form av masteroppgåve eller doktorgradsarbeid vil vere meir opne for å bruke forsking i yrkesutøvinga/praksis. Kompetansen er avgjerande for å drive kunnskapsbasert praksis, som er forventa at helse- og omsorgspersonell skal gjere. Dette inkluderer evne til å ta i bruk forskingsresultat i praksis. Difor er det viktig å legge til rette for kompetansehevingstiltak og motivere til at – særleg kommunale tenester – etterspør personale med kompetanse minst på masternivå.

Etikk

Helsepersonellkommisjonen skriv mykje om utfordringane som gjeld prioritering og overbehandling. Dette rører ved grunnleggande etiske normer og verdiar i helse- og sosialfagutdanningane. Høgskulen i Volda er samd med helsepersonellkommisjonen i at dette må leggast vekt på i utdanningane.