Høringssvar fra Vinje kommune

Dato: 27.04.2023

Vinje kommune meinar at Helsepersonellkommisjonen presenterer eit utfordringsbilete som det er lett å kjenne seg att i. Det har blitt eit merkbart auka press i helse- og omsorgstenestene dei seinare åra, og me opplever monalege rekrutteringsutfordringar. Dette for både for personell med høgskule- og universitetsutdanning som vernepleiarar, sjukepleiarar og legar, men òg helsefagarbeidarar. Trass i utfordringane er kommunen samd med kommisjonen i at å freiste å løyse problemet med å importere arbeidskraft frå land som har større knappheit på personell enn Noreg ikkje er ein berekraftig strategi.

Vinje kommune har merka seg at kommisjonen presenterer tiltak strukturert rundt seks område, og er i hovudsak samd i det som blir foreslått. Kommunen er imidlertid skeptisk til å setje ned enno eit utval for å utgreie ein organisering av helse- og omsorgstenestene på eitt nivå. Erfaringane med NAV-reforma som forsøkte på det same for arbeids- og velferdsområdet er ikkje overbevisande, og etter Vinje kommune sin vurdering vil ein meir haldbar strategi vere å gjennomgå oppgåvefordelinga og organiseringa av dei samla helse- og omsorgstenestene i Noreg med vekt på endringar i spesialisthelsetenesta.

Kommisjonen peikar på at større grad av heiltidsarbeid vil utløyse auka kapasitet og kvalitet i tenestene, utan samstundes auke talet på sysselsette. Vinje kommune meiner at auka grad av heiltidsarbeid er heilt nødvendig for å auke både kapasiteten og kvaliteten i tenestene. Då må tariffavtaler og lovverk spele på lag. Vinje kommune støttar difor forslaget om å fastsetje bestemmelsar om gjennomsnittsberekning av arbeidstid og eventuelt andre tilhøve som krev avtale i dei sentrale tariffavtalane, eller i lovverk dersom det ikkje er mogleg å kome fram til semje gjennom tariffavtale.

Vinje kommune er samd i behovet for å intensivere det strukturerte arbeidet lokalt med riktig oppgåvedeling og god organisering. Helsefagarbeidarane må kunne løyse fleire sjukepleiefaglege oppgåver og sjukepleiarane bør kunne løyse fleire legeoppgåver. I tillegg må andre yrkesgrupper og friviljuge bidra med å avlaste helsearbeidarane.

Samhandlingsreforma og den demografiske utviklinga har påført kommunane monaleg fleire og meir krevjande oppgåver innanfor helseområdet. Dersom denne oppgåvedelinga skal oppretthaldast, meiner Vinje kommune det er avgjerande at kommisjonens tilråding om at dei kommunale omsorgstenestene må få ein høgare del av personellet framover følgast opp. For kommunane og helsetenesta er det òg avgjerande at forslaget om at konsekvensane for personellbehovet blir innført som krav til utgreiingar av foreslått politikk på helse- og omsorgsområdet. Viss ikkje risikerer me å oppleve at stadig fleire oppgåver blir overført utan at det følgjer med personell eller ressursar.