Høringssvar fra Åseral kommune

Dato: 28.04.2023

Generelt

Åseral kommune vurderer at Helsepersonellkommisjonens rapport gir eit godt og heilskapleg bilete på kva for utfordringar som ligg framføre oss, og vil i det store og heile støtte hovudtrekka i rapporten. Samstundes vil vi framheve at dei føreslegne tiltaka med føremon kunne vere enda meir konkrete. Då kunne ein spart tid ved å sleppe unna ytterlegare utgreiingar med tilhøyrande ressursbruk.

Vi meiner det er viktig at forventninga til kva kommunen plikter å levere av kommunale oppgåver ikkje blir ytterlegare auka som ein følgje av nye lovkrav og brukarrettar. Her bør evt. nye rettar følgjast opp med forbetringar og forenklingar på andre område som til dømes rapportering og andre administrative oppgåver. Det er viktig at kommunens ressursar i størst mogleg grad blir nytta der behovet er størst – nemleg hjå innbyggarane våre.

Vi vil understreke at det er viktig med handlekraft og at sentrale styresmakter raskt følgjer opp helsekommisjonen sine tilrådingar gjennom organisatoriske, juridiske og økonomiske tiltak.

Organisering og samhandling i helse- og omsorgstenesta

Åseral kommune støttar forslaget om å greie ut ei meir heilskapleg organisering av helsetenesta. Dette gjeld spesielt for dei pasientgruppene som det peikast på i utgreiinga; skrøpelege eldre, barn og unge, og personar med psykisk sjukdom – alle desse har samansette behov og mottek tenester frå både primær- og spesialisthelsetenesta.

Arbeidstilhøve og arbeidstid

Auka grad av heiltidsarbeid vil vere ein føresetnad for berekraft i tenestene i åra som kjem. Åseral kommune meiner at sentrale styresmakter bør sjå på både lovverk og tariffavtalar i samanheng med heiltidskultur. Det er trekk ved dagens regelverk som gjer at det kan vere problematisk å auke opp stillingsprosenten til tilsette i deltidsstillingar. I turnus-stillingar er det (som kjent) helg og natt som er dei vaktene som ofte førar til deltidsstillingar. Dette kan til ein viss grad kompenserast gjennom at tilsette i turnusstillingar også arbeider ved andre tenestestader i kommunen, men det er ikkje alt som let seg kombinere like enkelt, og det er på ingen måte slik at alle tilsette ønskjer dette. Då kjem ein som arbeidsgjevar i ein situasjon kor ein har «frivillig» deltid, sjølv om dette ikkje er ønskjeleg frå arbeidsgjevars ståstad.

Oppgåvedeling

Åseral kommune støtter helsepersonellkommisjonen i at rett kompetanse må brukast på rett stad, til rett tid og at auka bruk av helsefagarbeidarane sin kompetanse er viktig. Her bør gjeldande regelverk «mjukast» noko opp, då sektoren har svært mange og kompetente helsefagarbeidarar som kan gjere arbeidsoppgåver som per i dag krev sjukepleiarkompetanse.

Opplæring av ufaglærte som står utanfor arbeidslivet, med tilhøyrande opplæringsprogram støttes òg av kommunen.

Åseral kommune støttar vidare at kommunelegens samfunnsmedisinske ansvar bør gjerast tydelegare, og at det satsast på førebyggande folkehelsearbeid.

Vi støttar KS sin uttale om at bindande bemanningsnormer og formelle kompetansekrav avgrensar det lokale handlingsrommet, dei bind opp ressursbruken og er ofte klart underfinansiert. (https://www.ks.no/globalassets/fagomrader/lokaldemokrati/ks-bemanningsnormer-og-kompetansekrav-f41-002.pdf).

Utdanning og kompetanseutvikling

Åseral kommune støttar at vekst i helse- og sosialfagutdanninga bør leggast til rekrutteringssvake områder for dei aktuelle profesjonane, og i hovudsak til distrikt framfor sentrale strøk. Det kan vere ei utfordring at studieplassane går av kvote på ordinære plasser ved dei respektive høgskular og universitet. Desentraliserte studieplassar bør difor fristillast frå totalt antal studieplassar.

Praksisrettleiarar vil ha ei viktig rolle i å auke tilgangen på relevant praksis i kommunehelsetenesta, noko som igjen kan ha positiv effekt for rekruttering til helsetenesta.

Åseral kommune meiner det er viktig bygge videre på allereie eksisterande kompetanse som finnes i til dømes utviklingssentera for sjukeheimar og heimetenester, framfor å bygge nye kompetansesenter.

Prioritering og overbehandling

Om vi skal lukkast med å balansere tilbod og etterspørsel innanfor helse- og omsorgssektoren på en berekraftig måte, vil det vere behov for tydelege prioriteringar framover. Utfordringar knyta til auka forventningar frå innbyggarane, tilgang på kompetanse, og strammare budsjett krev at det må tenkjast nytt om korleis framtidas velferd og tenester skal utviklast. Det er òg viktig at kommunane får styringsdata i sanntid som er lett tilgjengeleg og som kan vise til tiltak som har effekt.

Digitalisering og teknologisk utvikling

Vi støtter at teknologi som reduserer mengda administrativt arbeid må prioriterast,. Her må leverandørane av fagsystem ta meir omsyn til korleis arbeidskvardagen er ute på sjukeheimar og heimetenester, og bygge opp intuitive system som krev lite brukaropplæring og kor fagsystema snakkar saman på ein saumlaus måte. Dette vil spare oss for mykje «plunder og heft» og frigjere tid som helsepersonellet vårt kan bruke saman med brukarar i staden for å sitte framfor skjerm.

Vidareutvikling av digitale verktøy for både brukarar og tilsette må prioriterast, og låg brukarterskel er heilt essensielt. Slike verktøy vil være nyttige for å gi betre og meir tilgjengelege helsetenester og auka effektivitet i tenestene. Staten må ta styring og leiing på dette området, og det må kome føringar på korleis dette skal jobbast for videre innføring.

Høyringssvaret blir handsama politisk i kommunestyret 4.5.23.