Høringssvar fra Fyresdal kommune

Dato: 02.05.2023

Vedtak i kommunestyret 26.04.23

Fyresdal kommune kjenner seg att i utfordringsbildet Helsepersonellkommisjonen skisserer. Vi er ein liten distriktskommune, som er sårbar i forhold til å ha riktig og tilstrekkeleg kompetanse. Vi har dei siste åra hatt store rekrutteringsutfordringar når det kjem til høgskulegruppa og legar. Kommunen arbeider med tiltak for å behalde og rekruttere fagkompetanse. Vi ser på alternative løysingar, men ser at det er utfordrande når så nær som alle kommunar slit med det same, og skal ha tak i dei same fagfolka. På tross av utfordringene er kommunen enig med kommisjonen i at å forsøke å løse problemet med å importere arbeidskraft fra land som har større knapphet på personell enn Noreg, ikkje er ein berekraftig strategi. Kommisjonen viser til at mange av tiltaka vil krevje omfattande endringar og prioriteringar. Kraftfulle prioriteringar og omstilling fordrar eit leiarskap som bidreg til å sikre forsvarlege tenester gjennom organisering, samhandling og hensiktsmessig bruk av personell og kompetanse. Det krevas gode lokale prosessar for å møte det utfordringsbildet som kommisjonen beskriv. Fyresdal kommune syns at dei 6 hovedområdene kommisjonen presenterer tiltak rundt, er gode. Vi er i stor grad einige i det som blir presentert og vil utdype det her:

Arbeidstid

Framtidige tiltak må ikkje på nokon omstendighet svekke arbeidstakarane sine rettar, jamfør tariff og lovverk, som er gjeldand pr. idag. Ein må også legge til rette for at folk som ynskjer å stå i mindre stillingar for å halde tilsette lengre i jobb for å sikre ein berekraftig og helsefremmande arbeidspolitikk.

Oppgåvedeling

Fyresdal kommune er einig i behovet for å intensivere det strukturerte arbeidet med rektig oppgåvedeling og god organisering. Helsefagarbeidere må løyse fleire oppgåver som sjukepleiarar utfører, og sjukepleiarar må løyse fleire oppgåver som legar utfører. I tillegg må andre yrkesgrupper og frivillige bidra med å avlaste helsepersonell. Samhandlingsreforma og den demografiske utviklinga har ført til at kommunane har fått betydeleg fleire og meir krevjande oppgåver innanfor helse og omsorg. Utredningar på helseområdet, må derfor innehalde konsekvensvurderingar for helsepersonell. Hvis ikke risikerar vi å oppleve at stadig fleire oppgåver overføras utan at det fylgjer personell eller ressursar med.

Prioritering

Fyresdal kommune meiner det er eit behov for å prioritere strengare framover dersom vi skal balansere tilbod og etterspørsel innanfor helse- og omsorgssektoren på en berekraftig måte. Vi vil spesielt framheve kommisjonens forslag om at konsekvensane for personellbehov innføras som eit krav til utredningar av foreslått politikk på helse- og omsorgsområdet.

Teknologi og digitalisering

Forslaget om å prioritere teknologiske løysingar og utvikle tiltak for å styrke den digitale kompetansen i helse- og omsorgstjenestene, vil Fyresdal kommune støtte. Vi meiner og at innføring av ein felles kommunal journal vil vere eit viktig kvalitet- og effektivitetsfremmande tiltak.

Organisering

Fyresdal kommune er skeptisk til kommisjonens fleirtalls forslag om å sete ned enda eit utvalg for å utrede organisering på eit nivå. Det er mange grunner til dette, og mindretallet argumenterer godt for sin motstand mot dette.