Høringssvar fra Fjellnettverket

Dato: 26.04.2023

Høyringssvar frå Fjellnettverket til NOU 2023: 4 Tid for handling — Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Vi arbeider for å sette viktige tema for fjellområda på dagsorden og for å skape livskraftige bygder. Fjellområda dekker over 100 kommunar. Gode helse- og omsorgstenester i framtida er viktig for innbyggarar over heile landet.

Utfordringane størst i distrikta

I NOU 2023: 4 Tid for handling – personell i en berekraftig helse- og omsorgstjeneste, blir det peika på store framtidige utfordringar innan helse- og omsorg. Fjellnettverket meiner det hastar å få på plass gode løysingar for å sikre gode, likeverdige helsetenester over heile landet.

Kommisjonen skriv mellom anna at kombinasjonen av ei aldrande befolkning og mangel på kompetanse kjem til å bli ei enno større utfordring i framtida, spesielt i distrikta. SSB reknar med at det kjem til å bli auka etterspurnad etter arbeidskraft innan helse og omsorgstenestene og anslår ein middels vekst til ca 50 prosent auke frå 2019-2040.

Kommisjonen viser til at Noreg i framtida får fleire eldre, medan talet på yrkesaktive stagnerer og på 2030-talet forventast å gå ned. Kommisjonen peikar på at dette er særleg merkbart i små kommunar i utkantstrøk.

Fjellnettverket delar Helsekommisjonen sitt syn på at forhaldet mellom eldre og pleietrengande og sysselsette er aller mest prekær i små distriktskommunar og meiner at eit godt fungerande helsevesen i alle kommunar er naudsynt for å oppretthalde levande og gode fjellkommunar.

Utfordringar med rekruttering og kompetanse

I dag er det mange stader i fjellområda der det er vanskar med å å få bemanna stillingar innan helse- og omsorgssektoren, særleg sjukepleiarar, fastlegar og psykologar.

For å sikre gode tenester til sine innbyggjarar må distriktskommunar ofte tilby betre lønns- og arbeidsvilkår og konkurrere med kvarandre. Evalueringa av fastlegeordninga viser ei utstrekt bruk av fastlønnsavtalar og ulike ekstraytingar frå kommunar til fastlegar, spesielt i sentrale strøk. Utfordringane fører altså til at distriktskommunar får auka utgifter for å sikre gode tenester for sine innbyggarar. Det er ein uhaldbar situasjon.

Meir desentralisert spesialisthelsetenester

Tilbodet med desentraliserte spesialisthelsetenester bør vidareutviklast og styrkast. Fleire stader i fjellområda har ein svært god erfaring med desentraliserte spesialisthelsetenester. For pasientane er det viktig å få behandling utan svært lange reisevegar.

Desentraliserte spesialisthelsetenester er framtidsretta og god helsepolitikk og god distriktspolitikk.

Fleire og meir distriktsbaserte utdanningar

Utdanningssystemet for legar, sjukepleiar og anna helsepersonell bør som hovudregel ta sikte på å dekke etterspørselen som Noreg har og i tråd med retningslinene til WHO. Mangelen på legar, sjukepleiarar og psykologar, tilseier at ein i tillegg til å endre oppgåvefordelinga i helsevesenet, bør utdanne fleire i Noreg, i tillegg til dei som eventuelt får utdanning utanlands.

Fjellnettverket støttar Helsepersonellkommisjonen si anbefaling om at vekst i studieplassar bør leggast til rekrutteringssvake områder for dei ulike profesjonane og at dei bør leggast i distrikta. Desentraliserte utdanningar både innanfor fagskule og høgskule er sentralt for å styrke helsevesenet i framtida. For at dette skal ha ynskt effekt må desse utdanningane har inntakskrav som gjer at dei styrkar kompetanse i regionen.

Digitalisering og teknologisk utvikling må skje over heile landet

Helsepersonellkommisjonen meiner det må betydelege endringar til for å få til tilstrekkelege endringar, og digitalisering og teknologisk utvikling er ein del av denne omstillinga. Kommisjonen vurderer at dette vil bli eit viktig tiltak i omstillinga i helsevesenet og at det kan bidra til auka effektivitet og at personell i større grad kan bruke tida på kjerneoppgåver.

Fjellnettverket vil understreke at ei slik utvikling kjem til å krevje tilgang til godt og stabilt internett over heile landet. Mange stader i fjellområda manglar dette. Ei slik utbygging må skje så raskt som råd, slik at alle kommunar og pasientar kan ta del i denne utviklinga.

Hus – hytte mogelegheiter

Helsepersonellkommisjonen foreslår å auke fleksibiliteten med det dei kallar hus- hytte stillingar og gjennom dette legge til rette for auka fleksibilitet for arbeidstakar og arbeidsgjevar.

Fjellnettverket meiner dette er eit svært godt forslag, som vil kunne bidra til auka beredskap, fleksibiliteten og kapasiteten i helsevesenet.

Sats på gode helsetenester både i bygd og by

Fjellnettverket meiner det hastar å finne gode løysingar på dei store utfordringane me som samfunn står ovanfor, innan helse- og omsorg, og dette er spesielt viktig for distriktskommunane. Gode, likeverdige helse- og omsorgstenester over heile landet krev at vi som samfunn gjer omstillingar og at det blir utdanna tilstrekkeleg helsepersonell i framtida.