Høringssvar fra Noregs Mållag

Dato: 07.02.2022

Svartype: Med merknad

Noregs Mållag sine innspel til NRK-plakaten

Kulturdepartementet sende 29. november 2021 ut ei open høyring om NRK-plakaten. Noregs Mållag har desse innspela til høyringa.

Historisk har NRK gått føre i arbeidet med å stø opp om dialektbruk og nynorskbruk. Klåre føringar i NRK-plakaten for nynorskbruk har fungert og gjort nynorsken meir brukt og synleg enn hjå nokon annan rikskringkastar. NRK sin sterke posisjon gjer dei òg svært viktig for å løfte fram dialekttale og nynorsk normaltalemål, og ikkje minst som svært viktige skriftspråkprodusentar på nynorsk. NRK sin desentraliserte produksjon, medvitne rekrutteringspolitikk og klåre oppdrag gjer at dei framleis er svært viktige nynorsk- og dialektprodusentar. Slik er dei difor viktige for at nynorsk skal bli sett og lese over heile landet.

Noregs Mållag meiner det også i framtida vil vere viktig med ei statleg styring av språkpolitikken i allmennkringkastingskanalane. Med den nye språklova som vart sett i kraft 1. januar i 2022 har NRK fått eit endå tydelegare ansvar til å fremje nynorsk som det minst bruka nynorske språket. Eit ansvar det offentlege har fått endå tydelegare i den nye lova.

For Noregs Mållag er dette særleg viktig:

- NRK skal framleis ha klåre mål for delen nynorsk i heile produksjonen sin, og halde på 25-prosentregelen. Det er særleg viktig at dette omfattar tekstproduksjonen til NRK.

- NRK skal løfte fram normert nynorsk tale.

- NRK bør gje gode vilkår for NRK Nynorsk mediesenter.

- NRK skal framleis ha eit godt lokalt tilbod og produsere saker lokalt.

- NRK bør halde på kravet om 40 prosent norsk musikk.

- Brukarar av samiske og andre nasjonale minoritetsspråk må få eige stoff på sitt språk.

Noregs Mållag har desse utdjupande merknadene til høyringa:

- NRK skal framleis ha klåre mål for delen nynorsk i heile produksjonen sin, og halde på 25-prosentregelen. Det er særskilt viktig at dette omfattar tekstproduksjonen til NRK.

§ 19 NRKs tilbud skal i hovedsak ha norskspråklig innhold, og minst 25 pst. av innholdet skal være på nynorsk.

Ein allmennkringkastar skal vere med på å ta vare på og styrkje norsk språk, identitet og kultur. Styrking av norsk språk må framfor alt innebere at det blir teke vidast mogleg i bruk i alle former: bokmål, nynorsk og dialektar, men også i ulike genrar og stilleie. Det tradisjonelle kravet om 25 prosent nynorsk i NRK er ei påminning om at nynorsken har hevd på ein rimeleg representasjon. Det er avgjerande at vi tek inn over oss at kulturen og den kulturelle utviklinga vår i stor grad blir prega av media.

Nynorsk og bokmål er jamstilte språk i Noreg. Men styrketilhøvet mellom dei er ulikt. Bokmålet dominerer ålmenta over heile Noreg, i større og mindre grad. Språket må bli sett, lese og skrive skal det halde seg oppe, ikkje berre lokalt, men òg nasjonalt. Det er godt og vel ein halv million nynorskbrukarar i landet vårt, og desse har rett til å verte tekne på alvor ved at språket deira vert brukt på alle område. Det vil gje språkleg toleranse og språkleg sjølvkjensle. Det at NRK produserer nyhendesaker, barne-tv og underhaldningsprogram på nynorsk på fjernsyn, radio og på internett, er med og hevar statusen til nynorsk, og gjer det lettare for nynorskbrukarar å halde på og å lære nynorsk. Det gjer òg at alle i Noreg må lese både nynorsk og bokmål.

Gjennom eit konkret krav om minst 25 prosent må NRK arbeide aktivt med å nå dette målet. Ein av dei kanalane som har arbeidd mest målretta for å få til dette og som har lukkast, er NRK Super. Slik møter norske ungar i dag meir nynorsk og dialekt i NRK enn nokon gong før. Dette syner at kravet om 25 prosent nynorsk er viktig for å få til ein medviten politikk og ein vilje til å satse på språkleg mangfald.

Mållaget ser det som særleg viktig at språktilbodet til dei yngste sjåarane er godt og at ein der legg vinn på å spegle heile landet. Vi veit i mange ungdomar byter frå nynorsk til bokmål gjennom vidaregåande skule og høgskule/universitet. Mange av desse byta skriv seg frå kjensla av å vere i mindretal og at eins eige språk ikkje er «godt nok». Som ein viktig normdannar for språkbruk i Noreg, har NRK stor påverknadskraft her.

I ein ny mediekvardag med hyppige nyhendeoppdateringar på nettavisene er det særleg viktig at kravet om 25 prosent nynorsk vert halde på nrk.no. Vi er omgjevne av skrift rundt oss, og å sjå og lese nynorsk er viktig. Difor er særleg nettsidene til NRK viktige for å nå målet i NRK-plakaten om å styrkje norsk språk. Der dei andre største nettavisene nesten berre produserer nyhende på bokmål, er NRK den einaste av dei største riksmedia som systematisk produserer nyhende på nynorsk. Slik vert dei svært viktige for at nynorsk i dei heile skal vere synleg i riksmedia på nett.

- Løfte fram normert nynorsk tale

Noregs Mållag meiner at språket i manusbundne sendingar framleis bør vere normert som hovudregel. Det meiner vi både tener til at innhaldet skal bli forstått og av omsyn til innlæringa av skriftspråket.

For bokmål er ikkje dette eit problem. Store delar av den synlege staben i NRK snakkar eit språk som ligg særs nært opp til skriftspråket, anten dei snakkar det i manusbundne sendingar eller andre sendingar. Nynorsk, som er ein samnemnar for dialektane i landet, står i ein heilt annan situasjon. Ingen har nynorsk som dialekt, det er alltid anten eit personleg val eller ei følgje av manus. Det er viktig at nynorsken òg finst som eit talespråk, og nyhenda har vore eit viktig rom for nynorsk tale.

- Gode vilkår for NRK Nynorsk mediesenter

NRK Nynorsk mediesenter har sidan starten i 2004 snart utdanna 200 nynorskjournalistar. Slik gjer dei eit viktig arbeid for å kunne oppfylle dei krava til nynorskbruk som NRK-plakaten set. Desse journalistane er det lett å finne att rundt om i NRK sitt system, og dei produserer i dag nyhende eller anna innhald på nynorsk på stader der det før har vore lite nynorsk.

- Desentralisert struktur

§ 33 NRK plikter å tilby innhold som er produsert i og tar utgangspunkt i distriktene. NRK skal ha distriktssendinger alle hverdager.

Sterke allmennkringkastarar er slik vi ser det, med på å sikre eit kulturelt mangfald i framtida – ikkje minst språkleg. Den geografiske plasseringa av NRK har mykje å seie for kvar programproduksjonen skjer og for rekrutteringa av medarbeidarar. NRKs desentraliserte profil, mellom anna med distriktskontor, spelar difor ei viktig rolle med tanke på bruk av nynorsk og dialektar. Ser ein på nrk.no sine nettsider i dag, er ein stor del av dei sakene som ligg på nynorsk, produsert av eit distriktskontor med eit sterkt nynorskmiljø.

- Halde på kravet om minst 40 prosent norsk musikk

§ 35 NRK skal bidra til å fremme nye talenter og lokale artister. Minst 40 pst. av musikken som spilles på NRK P1, P2 og P3 skal være norsk, med vekt på norskspråklig eller norskkomponert musikk. NRK skal holde et fast orkester som dekker et bredt repertoar fra underholdningsmusikk til symfonisk musikk.

NRK er kanskje den viktigaste nasjonale formidlaren av norsk kultur og musikk. Mållaget vil særleg streke under NRK si rolle i å formidle norskspråkleg musikk og aktørar frå heile landet. Kravet om minst 40 prosent norsk musikk er viktig for å halde oppe norsk musikk.

- Program på nynorsk og dialekt for barn og unge er særleg viktig

§ 34 NRK skal ha daglige norskspråklige programmer for barn under 12 år.

Barn og unge er særleg viktige å nå med norskspråkleg innhald og innhald på nynorsk. Med ein mediekvardag som òg for dei yngste i stor grad er i ferd med å gå føre seg på engelsk, er NRK særs viktig som ei motvekt og ein kanal for innhald på eige språk og om eigen kultur. NRK Super har gjort eit stort og viktig arbeid for å tilby meir innhald på nynorsk. Det arbeidet må halde fram.