Høringssvar fra Masfjorden kommune

Uttale til høyring om eigedomskatt på arbeidsmaskiner mm. i verk og bruk

Dato: 17.09.2015

Svartype: Med merknad

Masfjorden kommune er i mot forslaget om endringar i eigedomsskattelova som inneberer å unnta produksjonsutstyr og – installasjonar frå beskatning, og høyringsframlegget avviklar langt på veg eigedomsskatt på verk og bruk. Årsaka er at kommunen vil tape store inntekter, estimert til kr 5,5 – 8 millionar pr år., samt at endringsframlegget vil gjere eigedomsskatt berre på vasskraftanlegg svært sårbart og utsatt for press for å harmoniserast med næringslivet elles.