Høringssvar fra Vennesla senterparti
Vennesla senterparti ber regjeringa skrote begge forslaga.
Høring om eigedomsskatt på verk og bruk
Vennesla senterparti meiner at forslaga som er sendt på høring, bryt med det lokale sjølvstyret ved å ta frå kommunane den lokale skatteordninga, nemleg retten til å skattlegge verk og bruk. Den kommunale skattelegginga er eit grunnelement i det kommunale sjølvstyret i Noreg. Vi ber regjeringa skrote begge forslaga. Dei minner om gammaldags kolonimakt-tenking.
Vennnesla vil tape over ni millionar
Eigedomsskatt på verk og bruk har eksistert i over 120 år. Verk og bruk er ein eigen kategori av skatteobjekt, som omhandlar maskiner og anlegg, altså industrianlegg, prosessanlegg, vindkraftanlegg, kraftlinjer, oppdrettsanlegg og teleanlegg. Produksjonsutstyr, maskiner og tilbehør i desse anlegga har i alle år inngått i skattegrunnlaget, og utgjer oftast hovudtyngda av skattegrunnlaget. Forslaget frå Departementet inneber at stordelen av inntektene frå eigedomsskatt på verk og bruk (med unntak av vasskraftverka) fell bort. For Vennesla kommune sin del vil det utgjere eit årleg tap på 9,6 millionar kroner. Høringsnotatet fortel at Staten årleg vil få 300 millionar meir i selskapsskatt, mens t.d. Statkraft og Statnett vil få 150 millionar i skattelette. Samla kan det bety at Staten får ein inntektsauke på nær 1 milliard kroner.
Avtalebrot
Kommuneproposisjonen for 2015 seier side 54: «Regjeringen ønsker at kommunene skal beholde mer av skatteinntektene enn i dag.» Og i Sundvollen-erklæringa heiter det: «Regjeringen vil endre inntektssystemet slik at kommunene får beholde en større del av verdiskapingen der hvor verdiene skapes». Da er det merkeleg at regjeringa presenterer forslag som inneber at pengestraumen vil gå motsett lei – frå distrikta der verdiskapinga skjer – til Staten og selskap som har adresse i dei store byane. Det minner om gammaldags kolonimakt-tenking.
Kommunane har i lange tider gjort avtalar om å avstå verdifulle naturressursar til store kraftlinjer og i seinare tid til vindkraftanlegg. Og så vil regjeringa bryte avtalane ved å fjerne grunnlaget for årleg kompensasjon.