Høringssvar fra Tokke kommune
Høyring - eigendomsbeskatning av arbeidsmaskinar mv i verk og bruk
Svartype:
Med merknad
Her fylgjer særutskrift av formannskapet si sak nr 15/053 .
Vedtak
Tokke kommune visar til Finansdepartementet sitt høyringsnotat om endringar i eigedomsskattelova. Forslaga som her er lagt fram inneber ei vesentleg utviding samanlikna med formuleringa på dette punkt i regjeringsplattforma (Sundvolden-erklæringa), og avviklar i røynda heile ordninga med eigedomsskatt på ‘verk og bruk’ (bortsett frå på kraftanlegg).
Tokke kommune er imot båe alternative forslag og grunngjev dette slik:
- Eigedomsskatten er einaste kommunale skattearten. Denne er viktig for lokalpolitisk handlingsrom og må ikkje svekkast.
- Grensedraginga mellom lausøyre og fast eigedom har utvikla seg gjennom lang praksis og domar i ymse rettstvistar, og er i dag ingen vesentleg problemstilling. Likevel kan rettstilstanden vere vanskeleg tilgjengeleg for mange, slik at ei sentral forskrift for taksering og utskriving av eigedomsskatt bør utarbeidast.
- Forslaget inneber oppheving av eigedomsskatt på kraftliner og andre installasjonar i kraftsystemet med unnatak av kraftproduksjonsanlegg. Eigedomsskatt på desse installasjonar og anlegg er den einaste kompensasjonen kommunar med slike til dels skjemmande anlegg får, og ein må difor halde fast på kraftliner som skatteobjekt.
- Tokke kommune visar elles til den resolusjon om saka som vart vedteke på LVK sitt landsmøte den 21.aug og sluttar seg til denne.
--- slutt på saksprotokoll ---
Med helsing
Olav Bjørn Bakken
Rådgjevar