Høringssvar fra Suldal kommune
Uttale - forslag til endring i eigedomsskattelova
Svartype:
Med merknad
Kommunestyret (sak 63/15) i Suldal kommune vedtok følgjande:
- Suldal kommune meiner forslaga i høyringsnotatet «Eiendomsbeskatning av arbeidsmaskiner mv. i verk og bruk», datert 18. juni, må forkastast.
- Forslaget vil medføre at Suldal kommune kan miste over NOK 20 millionar i framtidig årleg eigedomsskatt.
- For å unngå uheldig belastning på yngre og små bedrifter, mogleg forskjellshandsaming eller oppfatning av uføreseieleg utfall kan takseringsreglar tas inn i nasjonale forskrifter med grunnlag i eksisterande lovverk og rettspraksis.
Vedlagt følgjer heile saka.