Høringssvar fra Surnadal kommune
Høyringsuttale frå Surnadal kommune - eigedomsskattlegging av arbeidsmaskiner mm i verk og bruk
Surnadal kommunestyre har i møte 3.september 2015 avgitt slik uttale:
Surnadal kommune er sterkt i mot forslaget om endring i eigedomsskattelova vedk. skattegrunnlaget for verk og bruk, og vi støtter resolusjonen frå landsmøtet i LVK av 21. aug. 2015. Grunnlaget for dette kan oppsummerast i 3 pkt:
1. Forslaget vil føre til tap i eigedomsskatteinntektene på om lag 2,5 millionar i årlege inntekter på eksisterande verk og bruk for vår kommune.
2. Forslaget vil medføre tap på om lag 1,5 millionar i årlege inntekter på allereie planlagde nye anlegg i kommunen vår.
3. Kommunen peiker på at den lokale viljen til å avstå naturressursar til viktige nasjonale tiltak, vil bli sterkt redusert dersom det ikkje lenger vil medføre årlege og sikre inntekter til kommunen.