Forsiden

Høringssvar fra Luster kommune

Høyring - eigedomsbeskatning av arbeidsmaskiner m.v i verk og bruk

Dato: 17.09.2015

Svartype: Med merknad

Luster kommune viser til høyringsnotat frå Finansdepartementet datert 18.6.2015 vedk. endringar i utskriving av eigedomsskatt på arbeidsmaskiner m.v. i verk og bruk.

 

Luster kommune ser det som positivt og sjølvsagt at eigedomsskatt frå kraftverka er halde utanfor endringsforslaga, men må understreka at kraftlinjer og telenett som i forslaget vil verta trekt ut frå skattlegging vil utgjere eit tap i årlege inntekter for Luster kommune i storleiksorden 2.2 mill. kr. Dette er sers negativt og ein uheldig konsekvens av forslaget.

 

For Luster kommune er det mest urimelege utslaget av ordninga at kraftlinjer og teleanlegg, som vert rekna som produksjonsutstyr – installasjonar som tenar produksjonen- ikkje under noko alternativ kan skattleggjast.

 

Eigedomsskatten er stadbunden og den einaste inntektskjelda for slike anlegg. Kommunen ser det som svært urimeleg at dei store kraftlinjene som går gjennom kommunen ikkje skal kunne gje årlege inntekter i form av eigedomsskatt.

Svikt i eigedomsskatten, som følgje av endringsforslaga, samstundes som det kan sjå ut til at låge kraftprisar reduserer eigedomsskatten frå kraftverka og gevinsten frå konsesjonskraftsalet, utgjer eit vesentleg inntektstap for kommunen og ein sterkt forverra kommuneøkonomi.

 

Luster kommune viser til uttale frå LVK datert 31.08.2015 og uttale frå KS av 21.08.2015.

Luster kommune støttar opp om desse uttalane.

Luster kommune ber om at regjeringa forkastar forslaget om at produksjonsutstyr/ produksjonsinstallasjonar ikkje lenger skal inngå i skattegrunnlaget og forkastar forslaget om avvikling av verk og bruk som utskrivingsalternativ for eigedomsskatt.

Vedlegg