Høringssvar fra Høyanger kommune

Høyringsuttale - eigedomsskattlegging av arbeidsmaskiner mv i verk og bruk

Dato: 03.09.2015

Svartype: Med merknad

1. Høyanger kommunestyre vedtek vedlagt uttale.

2. Høyanger kommunestyre vil poengtere at

  • nogjeldane ordning og eigedomsskattereglar vedr  "verk og bruk" gjev Høyanger kommune ei inntekt på omlag 5,2 mill. kroner.  Desse inntektene vil forsvinne med departementet sine forslag.
  • det er uforsvarleg å endre dagens reglar utan at eit lovutval, der også kommunane sine interesser og erfaringar blir representert, har vurdert og synleggjort dei økonomiske konsekvensane av dei ulike alternativa.

3. Høyanger kommunestyre vil i tillegg viser til vår uttale om same sak 02.05.2012, sak 056/12.

Vedlegg