Forsiden

Høringssvar fra Årdal kommune

Høyringsuttale - framlegg om endringar i reglane om eigedomsskatt på arbeidsmaskiner mv. i verk og bruk

Dato: 03.09.2015

Svartype: Med merknad

Framlegget til endringar på eigedomsskatt på verk og bruk går betydeleg lenger enn det Regjeringen varsla i Sundvolden-erklæringa, der det heilter at regjeringen vil frita fastmonterte, ikkje-integrerte maskiner. Endringsframlegget inneber i realiteten ei avvikling av heile ordninga med eigedomsskatt på verk og bruk.

Med framlegget som ligg føre vil Årdal kommune kunne få ei årleg inntektssvikt på om lag 20 – 23 mill. kroner. Omgjort til stillingar betyr dette ein reduksjon på om lag 50 stillingar. Framlegget bryt ikkje berre med ein meir enn hundre års praksis og regelverk, men det bryt og med Sunvolden-erklæringa om å styrke kommunane sin økonomi.  Formannskapet i Årdal finn det provoserande at finansdepartementet utan varsel, eller utan at det er meldt verken i revidert budsjett eller i kommuneproposisjonen, sender endringsframlegget på høyring.
Kvar krone i eigedomsskatt nyttar Årdal kommune til vanlege velferdstenester som barnehage, skular, eldreomsorg, næringsutvikling m.m. Ei avvikling av eigedomsskatt på verk og bruk vil kunne føra til press på Årdal kommune for å auke andre eigedomsskatteobjekt, som bustadar, fritidseigedommar og næringseigedommar.

Gjeldande ordning med eigedomsskatt på verk og bruk er vesentleg meir robust og treffande enn å gje kommunane ein andel av selskapsskatten. Medan eigedomsskatten er knytt til stadbundne anlegg, vil selskapsskatten bli utmålt på konsernnivå. Framlegget inneber ein dreining av offentlege inntekter frå kommunesektoren til staten.
Årdal formannskap meiner at framfor å fjerna denne inntektskjelda frå verk og bruk, kan heller gjeldande regelverk forenklast og gjerast meir førseieleg. Takseringsreglane kan takast inn i nasjonale forskrifter for å unngå mogleg forskjellshandsaming eller ei oppfatning av  uforutsigbarheit.
Eigedomsskatt på verk og bruk har vore eit viktig motiv for Årdal kommune sitt arbeid med industrietablering og for å oppretthalda eit godt velferdstilbod i kommunen. Det har og vore avgjerande for Årdal kommune si positive haldning til store kraftutbyggingar og kraftleidningar i vår kommune.

Eigedomsskatten på verk og bruk i Årdal kommune kjem alt vesentleg frå den store industriaktøren i bygda; Hydro.

Vedlegg