Høringssvar fra Bremanger kommune
Høyring om eigedomsbeskatning ab arbeidsmaskiner mv. i verk og bruk
«Bremanger kommune går sterkt imot dei endringane som Finansdepartementet gjer framlegg om i høyringsutkast om eigedomsskattlegging av arbeidsmaskinar mv. i verk og bruk.
Bortfall av inntektene frå verk og bruk vil føre til reduksjon i tenesteytinga til innbyggjarane i kommunen og viktige incitament for tilrettelegging for produksjon av ny fornybar energi vil forsvinne.
Ein meiner og det er uforsvarleg å endre dagens reglar for eigedomsskatt utan at eit lovutval på førehand vurderer og synleggjer dei økonomiske konsekvensane av dei ulike alternativa for endring.
Bremanger kommune viser elles til resolusjon frå LVK sitt landsmøte 21.08.2015.»