Høringssvar fra Lom kommune
Høyringsuttale til forslag frå Finansdepartementet om endring i reglane om eigedomsskatt på arbeidsmaskiner mv i verk og bruk
Lom kommune støttar ikkje framlegget til endringar i eigedomsskatteregelverket slik det går fram av høyringsnotatet frå Finansdepartementet jfr brev dagsett 18 juni 2015.
Forslaget frå Finansdepartementet dagsett 18 juni 2015 med endringar i reglane om eigedomsskatt på verk og bruk vil føre til inntektstap for Lom kommune. I neste omgang vil dette gå utover teneste- og velferdstilbodet. Forslaget verkar mot prinsippet om høve til å skrive ut lokal skatt, og er derfor ei overstyring av lokaldemokratiet.
Lom kommune viser til løftet frå Regjeringa om å styrke eige inntektsgrunnlag i kommunane med vekt på lokal verdiskaping, og vurderer forslaget til å vera i utakt med dette. Lom kommune vurderer gjeldande ordning med forutsigbare inntekter frå eigedomsskatt på verk og bruk som robust og rettferdig, og kan vanskeleg sjå annan rettferdig fordelingsmodell. Utgangspunkt for eigedomsskatten er ei innarbeidd samfunnskontrakt med utgangspunkt i naturressursane kommunane har stilt til rådvelde for samfunnet..
Lom kommune vil peike på at forslaget vil føre til betydeleg omfordeling av inntekter frå kommunane til staten