Høringssvar fra Norddal kommune

Endring i reglane om eigedomsskatt på verk og bruk - Uttale frå Norddal kommune

Dato: 17.09.2015

Svartype: Med merknad

Framlegg til endringar i Eigedomsskattelova for eigedomsskatt på verk og bruk vart behandla i Formannskapet i Norddal kommune i møte 7.9.15.

Det vart gjort følgjande vedtak:

Norddal kommune vil gje følgjande merknader til framlegg om endringar i Eigedomskattelova, jfr høyringsnotat av 18.6.15 frå Finansdepartementet:

  • Norddal kommune støttar ikkje framlegget til endringar, dette gjeld både alternativ 1 og alternativ 2 til endringar i regelverket om eigedomsskatt på verk og bruk
  • Norddal kommune kan ikkje godta endringar som gjer at våre noverande inntekter frå eigedomskatt vert redusert med om lag kr 700.000. Dette gjev redusert økonomisk handlingsrom for kommunen.
  • Norddal kommune kan ikkje godta at mulegheit til å skrive ut eigedomsskatt på linjenett o.l. går ut. Slik skattlegging kan gje ein viss kompensasjon for dei ulemper denne type anlegg påfører lokalsamfunnet.