Høringssvar fra Jondal kommune
Høyringsuttale - endringar i eigedomskatt for verk og bruk
Svartype:
Med merknad
- Jondal kommune støttar LVK sin høyringsuttale til Finansdepartementet om framlegg til endringar i eigedomskatt på verk og bruk.
- For Jondal kommune vil det årleg tapet med utgangspunkt i 2015 vera om lag 750 000 NOK. For å illustrera kva dette betyr, tilsvarar det kostnaden til 1,4 årsverk i tenesteproduksjonen eller kapitalkostnaden knytt til ei investering på omlag 10 mill kr med 2% rente og nedbetalingstid over 15 år. Begge delar vil vera av vesentleg betydning for Jondal kommune sett i høve til storleik.
- Jondal kommune er vertskap m.a for kraftliner i sentralnettet som Sauda - Samnanger som no planlegg oppgradering til 400 kV og i tillegg vurderar nye trasèar for lina gjennom kommunen. I tillegg er Jondal stor nettoeksportør av fornybar kraft til storsamfunnet, som og er avhengig av kraftliner for å få straumen ut. Vi synest det er naturleg at kommunen vert godtgjort for å avstå naturressursar til storsamfunnet, og eigedomsskatten er ein del av samfunnskontrakten mellom stat og vertskommune for å oppnå dette.
Saksframlegget følgjer vedlagt i heilheit