Forsiden

Høringssvar fra Telemark fylkeskommune

Høring om endringer i universitets- og høyskoleloven og fagskoleloven, studentombud, trakassering og tilrettelegging av læringsmiljø, uttalelse fra Telemark fylkeskommune

Dato: 13.11.2018

Svartype: Med merknad

Hovudutval for kompetanse behandla høyringa i møte 06.11.18, sak 59/18, og vedtok følgjande uttale:

Telemark fylkeskommune er nøgd med at fagskuleutdanning som høgare yrkesfagleg utdanning blir likebehandla med universitets- og høgskuleutdanning, slik det mellom anna blir gjort i desse forslaga til lovendringar i lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven), som fylkeskommunane har eit særleg ansvar for, både som fagskuleeigar og som forvaltarar av fagskuletilbod i fylka.

Telemark fylkeskommune ser og verdien av at eit forbod mot all slags trakassering og behovet for tilrettelegging, som er nedfelt i eksisterande lovverk, blir tydeleggjort i dei aktuelle særlover.

Ansvar, finansiering og organisering

Når det gjeld spørsmålet om å lovfeste ordninga med studentombod, delar Telemark fylkeskommune departementet si vurdering av behovet, og at ein i utgangspunktet legg opp til ein ordning som balanserer omsynet til nærleik til studentane på den eine sida, med ein fleksibel organisering av ordninga, på den andre.

Samstundes ser Telemark fylkeskommune det som eit problem i denne samanheng at talet på fagskulestudentar er så vidt lite. Skal ein få til ei robust og kvalitativ god ordning, er det viktig at ombodsrolla ikkje blir spreidd på for mange hender, gjennom eit stort tal av ulike løysningar. Talet på fagskulestudentar, offentlege og private, er trass alt bare 15 000. Derfor bør ein sjå etter samlande løysingar innafor sektoren.

I forslaget legg Kunnskapsdepartementet til grunn at kostnader knytt til ordninga må takast innafor institusjonane sine eigne ramar. Når det gjeld fagskulesektoren, vil Telemark fylkeskommune halde fram at dette er ein sektor som allereie er underfinansiert. Ombodsordninga bør derfor finansierast av staten, til eksempel over statsbudsjettet kap.241 Felles tiltak for fagskolesektoren, post 21 Særskilde driftsutgifter.

På dette grunnlag vil Telemark fylkeskommune peike på ein moglegheit når det gjeld studentombodsordning innafor fagskulesektoren. Ordninga kan plasserast under Nasjonalt fagskoleråd, med det tal på ombod som vil være naudsynt for å kunne gi eit tilstrekkeleg og godt tilbod til landels fagskulestudentar, kor om lag halvparten høyrer til høvesvis offentlege og private fagskular.