Forsiden

Høringssvar fra Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet

Høyringssvar - Høring om endringer i universitets- og høyskoleloven og fagskoleloven - studentombud, trakassering og tilrettelegging læringsmiljø

Dato: 30.10.2018

Svartype: Med merknad

Her følger svar på høyringa sin første del, om studentombod. Svaret byggjer på eigne erfaringar som studentombod ved Høgskulen på Vestlandet.

I all hovudsak må eg nemne at det synes som eit godt og gjennomarbeida forslag. I det følgjande vil eg kommentere det eg meiner trengs opplysast om. Elles er eg einig i vurderingane til departementet. 

1.1      Organisering og uavhengigheit

1.1.1    Fysisk tilgang

Departementet skriv i høyringa at det ikkje er nødvendig for studentane å ha fysisk tilgang til studentombod. Mi erfaring er at studentar i ein pressa situasjon har behov for å setje seg ned med og snakke med studentombodet. Det vil særleg gjelde i saker der studenten meiner seg trakassert av tilsette på institusjonen. Eg meiner difor at studentane må kunne møte studentombodet fysisk, utan at studentombodet treng å ha fast tilhald på alle studiestadar av den grunn.

1.1.2    Møteplass

Departementet ber om tilbakemelding på behovet for å organisere møteplass av departementet, samt forslag til løysning. For å unngå rolleblanding mellom studentomboda og departementet trur eg det kan være hensiktsmessig å legge ein eventuell koordinerande funksjon til Diku. Slik studentomboda er organisert med nettverk i dag ser eg derimot ikkje at det er nødvendig med fleire møteplassar enn det studentomboda har klart å organisere i sitt eige nettverk. På lenger sikt kan det vere hensiktsmessig med ein form for koordinator med administrativ støtte – særleg om det blir mange studentombod. Det er derimot vanskeleg å sjå føre seg at det vil krevje eit heilt årsverk å koordinere og gi administrativ støtte til studentomboda.

Departementet ynskjer å tilby institusjonane rettleiing i oppretting av studentombodstenester. Det er svært gildt og vil nok komme mange til nytte. Så langt har ein vært raus med å tilby hjelp og støtte i studentombodsnettverket. Både departementet og institusjonane kan moglegvis spare ein del arbeid på å nytte den kunnskapen som allereie ligg i nettverket, og ein kan kanskje vurdere å formalisere den med tanke på nettopp kryssopplæring i sektoren.

1.2      Mandat

Ingen merknader.

1.3      Teieplikt

Departementet foreslår å utvide teieplikta til studentomboda. Eg støttar det forslaget, og opplever at det er viktig for studentar som har kontakta meg. Med ei klargjering av teieplikta, slik føreslått, vil det vere lettare å handsame studentane på ein konfidensiell måte. Eg vonar departementet kan gå opp grenselinja mellom plikt til å varsle om studentar som kan vere til ein potensiell fare for andre (skikkavurdering) og teieplikta som er føreslått.

Det er viktig at teieplikta ikkje står til hinder for samarbeid mellom studentomboda. Departementet har mellom anna føreslått at ein kan ha studentombod utan juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitskap. Då er det viktig at ein ikkje stenger for at studentomboda skal kunne diskutere einskildsaker mellom seg, for å komme frem til gode resultat.

1.4      Studentomboda sine kvalifikasjonar

Ingen merknader.

1.5      Åremål

Departementet har føreslått å opne for å tilsette studentomboda på åremål. Eg støttar forslaget men meiner ein må regulere åremålet på same måte som for andre ombod. Det er viktig at studentomboda er objektive i saksarbeidet og ikkje føler eit sterkare behov for å knyte seg til institusjonen for å få nytt åremål. Om ein legg fornyinga på same nivå som for direktør er det klart at ein legg opp til ei ordning som kan vere uheldig. Eg meiner difor ein bør legge opp til at studentomboda enten blir tilsett fast, eller i åremål på seks år utan fornying. Eit siste alternativ er ordninga med vald ombod (sjå til dømes sivilombodsmannen).

1.6      Forskrift

Ingen merknader.

1.7      Anna

I høyringa har departementet foreslått å definere ombodet sine oppgåver noko snevrare enn i mandata omboda har i dag. Forslaget lyd at «Studentombudet har som oppgave å gi studenter råd og hjelp i saker knyttet til deres studiesituasjon». I mandata har studentomboda òg i oppgåve å sjå til at sakene blir handsama forsvarleg og korrekt og at studentane sine rettar blir tatt vare på. Den siste delen av studentomboda sine mandat er ein svært viktig sikringsmekanisme. Dersom studentomboda blir merksam på høve ved institusjonen som krenker studentane sine rettar eller fører til uforsvarleg sakshandsaming har studentomboda i dag mandat til ikkje berre å arbeide med slike saker, men òg sjå til at det blir gjort. Det kan synes som om departementet har oversett denne svært viktige delen av studentomboda sine mandat. Eg oppmodar om at denne delen av mandatet òg blir tatt med i lovteksten, slik at ein ikkje kjem i ein situasjon der dei vesentlege oppgåvene til studentomboda blir forskjellige.

Sindre R. Dueland

Studentombod HVL

Haugesund / 30. oktober 2018