Høringssvar fra Overordna samhandlingsutval i Møre og Romsdal

Dato: 13.11.2020

Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal

Høyringsuttale – forslag om å innføre krav om at kommunar og helseføretak skal avtale korleis dei samanskal planlegge og utvikle tenester

Høyringsinstans:

Overordna samhandlingsutval i Møre og Romsdal

1. Innleiing

Vi viser til Helse- og omsorgsdepartementet sitt høyringsforslag om å innføre krav om at kommunar og helseføretak skal avtale korleis dei saman skal planlegge og utvikle tenester. Høyringssaka har frist 13. november.

Høyringsforslaget omfattar ei konkret endring i Helse- og omsorgstjenestelovens § 6-2. – «Krav til avtalens innhold», med eit nytt tilleggspunkt nr. 13. – «konkret beskrivelse av hvordan partene sammen skal utvikle og planlegge tjenestene».

2. Høyringssvar frå Overordna samhandlingsutval i Møre og Romsdal

a) Vi støttar Helse- og omsorgsdepartementet sitt forslag om å legge til eit nytt punkt i helse- og omsorgstjenesteloven § 6-2 første ledd, som omhandlar at samarbeidsavtalen mellom kommunen og helseføretaket, skal innehalde ei konkret skildring av korleis kommunar og helseføretak saman skal planlegge og utvikle tenester.

b) Etablering av helsefellesskap i helseføretaksområdet representerer ei vidareføring og utvikling av dagens reviderte samarbeidsavtale og etablerte samarbeidsstrukturar i Møre og Romsdal. Dei strukturelle rammene vi har, gir mulegheiter til å styrke det faglige samarbeidet mellom helseføretak og kommunar.

c) Det er ein føresetnad at ei slik lovendring vil medføre at myndigheit og ansvar for å utarbeide og følge opp dei konkrete beskrivingane og planverket for felles tenesteyting, i all hovudsak skal leggast til det enkelte Helsefellesskap. Ulikskap i regionale forhold i landet bygg opp under at dette må bli tilpassa og til dels gjerast forskjellig, og ei statlig overstyring vil i svært liten grad vere hensiktsmessig dersom dei enkelte Helsefelleskap skal finne gode løysingar på dette.

d) Forslag til konkretisering av korleis partane saman skal utvikle og planlegge tenestene, bør etter vår oppfatning kunne bli innarbeida i dei eksisterande samarbeidsavtalene.

e) For å konkretisere dette samarbeidet, blir det viktig at kommunane og helseføretaka involverer kvarandre i planlegging av tenestene. Det vil også vere eit viktig tiltak at helsefellesskapa utarbeidar ein forpliktande handlingsplan som bygg på nasjonale føringar og satsingsområder. Ein slik handlingsplan bør ha fastsatt varigheit og bli revidert jamleg. I dette arbeidet er det viktig å involvere andre sentrale samarbeidspartnarar avhengig av sak/tema.

f) Lovendringa bør bidra til eit meir forpliktande samarbeid og auka likeverdigheit på alle nivå i samhandlinga. Dette gjennom ei tydelegare forankring av eit felles ansvar for planlegging og utvikling av tenester, noko som også vil styrke bruker- og pasientperspektivet.

g) Overordna samhandlingsutval i Møre og Romsdal forventar at det utviklast ei finansieringsordning som stimulerer til auka samarbeid mellom kommunane og helseføretaka. Finansieringsordninga må bli utforma slik at den økonomiske effekten av utviklingstiltak blir omfordelt til beste for god pasientbehandling. Finansieringsordninga må også bli utforma slik at den er attraktiv for både kommunane og helseføretaka.

Lena Bjørge Waage

Leiar Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal

Odd Helge Gangstad

Nestleiar Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal