Høringssvar fra Bjarte Ryland

Høyringssvar

Dato: 22.09.2016

Svartype: Med merknad

Det er sørgjeleg om forslaget går gjennom i denne forma. Dette forslaget, samt eit anna lovforslag som omhandlar butikkar som sel dampeutstyr vil effektivt utradere dampinga i den forma vi ser i dag. Det er 3. generasjons dampeutstyr som har gjett mange tunge tobakksbrukar eit reelt alternativ til røyken.

 

«Bakgrunnen for nytt revidert tobakks-direktiv har vært å få EUs tobakksregelverk oppdatert og i tråd med markedet, forskningen og den internasjonale utviklingen på området, herunder krav i tobakkskonvensjonen og dens retningslinjer. Flere nye produkter har kommet på markedet og nye markedsstrategier benyttes av produsenter og importører sammenlignet med situasjonen da forrige direktiv ble vedtatt i 2001. «

Lova vil regulere dampen attende til steinalderen, dvs. utstyr som var det beste på marknaden for 3 år sidan (1.og 2. generasjons utstyr). Utstyret som er skissert i sal Dette utstyret er i dag totalt avlegs, og er utan verdi for tunge røykjarar.

Dette er ikkje tilfelle slik som forslaget no er utforma (1. og 2. generasjons utstyr, og forbod mot 3. og 4. generasjons utstyr). Dette utstyret kjenneteiknast med at det er ingen/få reguleringsmogelegheiter. Kun trykk på knappen og sug. Dette er utstyret som mange av damparane starta med, men som vi fort fann ut ikkje gav oss tilstrekkeleg smak og variasjon. I dag er det ei rekkje produkt innanfor batteri/styring og tankar som er langt føre desse alternativa. Her kan ein regulere mykje fleire parameter enn ved tidlegare generasjonar, noko som medfører betre smak og kvalitet på utstyret. Dette medfører betra smak og større variasjon på dampevæska, noko som og vil vere attraktivt for røykjarar.

 

La meg oppsummere dei få positive sidene ved forslaget:

Lovleg å selje nikotinhalding dampevæske (NHD) i Noreg

Sal i ordinære butikkar

Men kva nyttar det med lovleg NHD om prisen vert så høg at den langt overstig prisen på tobakk?

Sal i ordinære butikkar bør berre gjelde dei produktkategoriar (som forslaget omhandlar, dvs. 1. generasjonsutstyr)

Med registreringsavgifter som drep dei eksisterande butikkar som sel dampeutstyr set ein attende dampeopplevinga (og regulerer vekk mange som kunne tenke seg å prøve anna utstyr enn 1. og 2 generasjons utstyr).Om ein gjer damping dyrare enn alternativet vil dette medføre at færre røykjarar vil prøve damp som metode for å slutte å røykje.

Beslutningstakarane BØR ta seg ein tur innom ein fysisk dampebutikk og oppleve kunnskapen, interessa og informasjonen som desse kan tilby damparar. Nivået ligg på høgde med andre spesialbutikkar innanfor alle typar handel. Desse har ein mykje større sjanse til å tilby ein røykjar eit skikkeleg startsett, samt korleis ein brukar utstyret, batteri-sikring og andre aspekt med eit elektronisk apparat. Det er lite truleg at betjeninga i daglegvareforretningar, elektrobutikkarog/eller apotek kan tilnærma gje eit slikt tilbod til kundane som ei spesialforretning. Vert dette lovforslaget vedteke i si noverande form vil alle partar tape på dette. Noverande damparar, spesialbutikkar, røykjarar og samfunnet vil tape på at ein regulerer marknaden for avansert utstyr i hel. Grunna «Føre var» prinsippet på eit produkt ein veit lite om. Alle veit konsekvensane ved at dagens røykjarar ikkje sluttar.

 

Dei siste års undersøkingar i høve damping viser mange positive tendensar.

Færre helserisiko enn ein trudde tidlegare

Ingen indikasjonar på at smitte-effekta ovanfor unge (under18 år) er urovekkande høg. Denne teorien kallast «Gateway» effekta

Få eller ingen risiko i forhold til «passiv damping»

Ingen registrerte dødsfall (på verdsbasis) som skuldast dampinga. Dette til tross for at e-sigarettar har eksistert i over 10 år. Som det vert presisert frå helseorganisasjonar og andre rådgjevande organ så veit ein lite om langtidsskadane ved eit produkt som kun har eksistert i omlag 10 år. Det er sjølvsagt umogeleg å vite. Alle partar er sjølvsagt interesserte i å kartlegge eventuelle langtidsskadar, men vi VEIT kor skadeleg alternativet er.

 

Det ser ut som den prosentvise delen av befolkninga som røykjer har stagnert dei siste åra, noko som indikerer at ein eigentleg har kome til kjernen av røykarane: «Hard core» røykjarar som ikkje klarar å slutte ved hjelp av andre alternativ, det vere seg nikotin- tyggis/plaster/drops/inhalatorar, snus eller medikament på blå resept. For desse vil dampen vere eit fornuftig alternativ, og nyare forsking indikerer og at damp er vesentleg mindre skadeleg enn andre alternativ, og inneheld færre giftstoff enn reseptfrie NRT produkt.

 

Det mest fornuftige vil vere å utsetje behandlinga av den delen av lova som gjeld e-sigarettar til ein har ei betre forståing av kva dette EIGENTLEG inneber av helserisiko, kva ei fornuftig lovgjeving kan ha på folkehelsa. Både det Britiske helsdepartement og det franske helsedepartement har innsett at damping kan vere eit reelt helseførebyggjande middel i kampen mot tobakk. I Danmark har det danske folketinget utsett lova til dei veit meir om alle aspekt ved damping.

Utforme eit lovverk som i sum gjer damping til både eit helsemessig og økonomisk betre alternativ enn røyking

At ein gjer 1. og 2. generasjons utstyr tilgjengeleg i alle butikkar er ei føremon i høve til ein introduksjon til damp. Men spesialbutikkane bør det absolutt vere rom for til dei som føler at «kolonial utstyret» ikkje gjer ønska effekt

Fritak frå reklameforbodet og oppstillings forbodet vil og vere ei føremon i høve til å spreie informasjon til røykjarar.

Eit fornuftig utforma regelverk i høve registrering av nye produkt som ikkje medfører utgifter mange 100.000 kroners klassen. Dette er drepen for spesialforretningane som knapt nok klarar å halde hovudet over vatnet under dei noverande tilhøva. Dette er små butikkar med få ansette, utan unntak

Øyremerking av delar av tobakksavgifta til forsking på damp, for betre å kartlegge helserisikoar

Gradvis reduksjon av avgifter i forhold til reduksjon av nikotin i dampevæske

Eit felles registreringssystem gjeldande for heile EØS område, der produsentane søkjer å registrere sitt produkt i HEILE EØS. Dette lettar arbeidsmengda for dei bestemmande organ i dei enkelte land, og det lettar arbeidet for produsentane. Og vonaleg kostnadane for produsentane. Dette medfører fråfalling av registreringskravet som lova legg på den enkelte importør. Eks: Eitt produkt skal søkjast registrert av 20 dampebutikkar. Om produsenten allereie har fått klarsignal frå bestemmande myndigheit skulle dette vere nok. Kva er vitsen med å behandle 20 identiske søknadar, anna enn for å belaste importøren og bestemmande myndigheit med meirutgifter? Kva anna bransje har liknande krav?

«Gjenoppfyllingsbeholdere kan ikke ha et volum som overstiger 10 ml, jf. direktivets art. 20 nr. 3 bokstav a. « 10 ml flasker er upraktisk i høve 3.generasjons utstyr som erfaringsmessig brukar vesentleg større mengder dampevæske enn 1. og 2. generasjons utstyr (MEN med monaleg mindre konsentrasjon av nikotin i væska). Dette vil gjere overgangen frå å tende ein røyk til å kontinuerleg kjøpe dampevæske og fylle tanken med juice fleire gonger dagleg. Noko som og aukar risikoen for søl og eksponering av dampevæske for barn og dyr i omgjevnadane til damparen. Eg ser ingen logikk i å begrense volumstorleiken på væske-flaska.

«End vesentlig endring vil eksempelvis kunne være enhver endring i kvantitativ eller kvalitativ sammensetning av væsken, endringer i volum av en gjenoppfyllingsbeholder, tank eller patron, eller endringer i sammensetning av utstyret som vil kunne påvirke utslippene. Ny registrering må sendes inn seks måneder før det endrede produktet er planlagt plassert på markedet, jf. forskriftsforslagets § 4 tredje ledd. « Dampeprodukt i meininga batteri/styre eining og tankar er i ei rivande utvikling, og ein tidsfrist på 6 månadar innmeldingsplikt for nye produkt vil sterkt hemme den tekniske utviklinga frametter. Det bør i staden settast strengare krav til produktspesifikasjonar slik at ny registreringstida kan reduserast til ein månad. Eit godt utforma ny registreringssystem vil gjere det lettare for bestemmande myndigheit til å vurdere produktet langt raskare enn seks månader.

 

Desse forslaga vil gjere det enklare for fleire røykarar å få tilgang til dampeprodukt, og vil vere med på å oppheve den beklagelege stagnasjonen i nedgongen på røykarar i Noreg. Eg er fullt på det reine at damping ikkje er eit helsemessig ufarleg produkt, men det er veldig effektivt som røykeslutt middel. Eg er ein av dei personane som kan skrive under på den påstanden. Om ein gjer både tilgong, bruk og auka pris grunna lovforslaget til ein enno høgare inngangsterskel for røykarar, vil ikkje dette betre folkehelsa i det heile. La oss for all verden ikkje stikke kjeppar i hjula for eit veldig effektivt røykestopp middel, men snarare auke forskinga og forståinga av kva dette medfører av risiko for brukarane. Dette vil og vere med å lette vurderinga om Noreg skal støtte Storbritannia og Frankrike som allereie definerer damp som eit særs effektivt røykestopp middel.

 

 

 

 

 

1Dampshop,

Dragedamp

Ismokeking

friske drag

nosmoke

 

2Paragraf 3.3.3

3Paragraf 3.3.4