Høringssvar fra Johannes Mario Ringheim

Røykfri med hjelp av damping

Dato: 25.09.2016

Svartype: Med merknad

Eg har røykt fast sidan eg var 19 år. For ca 4 år sidan fant eg ut om damping via internett, og bestilte mitt første startsett frå England. På denne tida var utstyret mykje dårlegare enn no, slik at det var ikkje 100% tilfredsstillande. Likevel oppnådde eg ein reduksjon i tobakksforbruket, og heldt fram med å undersøke nye modellar og utstyr. Omtrent eitt år etterpå hadde eg oppgradert til ein modell som fungerte bra nok til at eg greidde å stumpe røyken for godt.

Idag har eg ingen av problema som røykarar typisk sliter med. Ikkje morgonhoste, dårleg smak- og luktesans, vond hals, flekkete tenner eller anna.

Såvidt eg forstår av forslaget vil det innebere vesentleg høgare prisar på væske enn det som er vanleg idag. Det vil sannsynlegvis bli dyrare å dampe enn å røyke. Dette er absurd. Styresmaktene burde oppmode røykarar til å velge eit mykje mindre skadeleg alternativ istadenfor å hindre dei.

Hvis lovene som kjem opprettheld tilgangen min til væske med nikotin til ein rimeleg pris, vil det vere uproblematisk for meg å fortsette å vere røykfri. Ellers veit eg ikkje, men eg håper at eg vil ha økonomi til å skaffe meg væske og at eg ikkje fell for freistinga å velge det billegare alternativet.

Eg tenker også på røykarar som ikkje evner å ta i bruk internett for å skaffe seg utstyr, væske og kunnskap om desse produkta. Mange av dei kunne sikkert greidd å slutte hvis damping var betre tilgjengeleg og meir allment kjent enn det er idag. Eg håper at dei nye lovene ikkje vil gjere det endå vanskelegare for desse også.

Reglane for avgrensing av storleikar på flasker og tanker har ingen anna konsekvens enn at det blir vanskelegare for dei som velger eit mindre skadeleg alternativ. Sidan dei praktiske sidene ved damping allereie er ein grunn til å velge tobakk framfor damp (ein må fylle tanken, bytte batteri o.l), bør ein ikkje forverre dette ved å legge inn ubegrunna hindringar.