Høring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringen

Høringssvar fra Hordaland fylkeskommune

Høyringsuttale frå Hordaland fylkeskommune

Dato: 12.06.2017
Svartype: Med merknad

 Generelle kommentarar til høyringsutkastet

I det store og heile er Hordaland fylkeskommune positiv til høyringsutkastet til ny overordna del for læreplanverket. Dokumentet vil kunne støtte opp om eit læreplanverk som i større grad enn i dag er heilskapleg. Ambisjonar frå Meld. St. 28 blir følgt opp, og den overordna delen kan vere eit godt grunnlagsdokument for arbeid med nye fagspesifikke læreplanar, slik at overordna del blir ein større del av skulekvardagen. Det er positivt at prinsipp for skulen sin praksis, som gir forventningar til profesjonsfellesskapet på den enkelte skule, er teke med i overordna del. Høyringsutkastet er namngitt «Overordna del – verdiar og prinsipp». Hordaland fylkeskommune foreslår å namngi dokumentet «Verdiar og prinsipp for opplæringa». I det følgjande vil Hordaland fylkeskommune gi kommentarar og merknadar til enkelte tema i dei tre kapitla som til saman utgjer utkast til ny overordna del – verdiar og prinsipp.

 

Del 1 – opplæringa sitt verdigrunnlag

Verdigrunnlag og dobbelt samfunnsoppdrag

Overordna del av læreplanverket er eit viktig dokument som formidlar av felles verdiar for opplæring både i skulane og læreverksemdene. Utkastet til ny overordna del utdjupar skulen sin formålsparagraf og det breie formålet på ein god måte. Dokumentet har ikkje minst ei viktig rolle i å binde saman og realisere skulen sitt doble samfunnsoppdrag; både danning og utdanning.

 

Dette doble samfunnsoppdraget kjem tydeleg fram i dokumentet. Dei felles verdiane slik dei er beskrivne i del 1, heng saman og forsterkar kvarandre. Samtidig er det tydeleg at verdiane ligg som grunnlag for resten av læreplanen, både gjennom prinsipp for læring og utvikling, og prinsipp for skulen sin praksis. Dei tre delane må lesast i samanheng og utøvast i ein heilskap. Det gjer at læreplanen får ein betre balanse enn noverande generell del og markerer ei tydelegare kopling mellom overordna læreplan og dei fagspesifikke læreplanane.

 

Denne balansen og koplinga blir igjen forsterka ved innføring av tre tverrfaglege tema – folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Koplinga mellom desse temaa og verdiane beskrivne i dokumentet er tett. Det gjer at ein legg godt til rette for eit læreplanverk som bind saman verdiar og ulike former for kompetanse.

 

Kapittel 1.4 Skaparglede, engasjement og utforskartrong

Delkapittel 1.4 beskriv barn og unge som nysgjerrige og skapande menneske. Vidare står det at skulen skal verdsetje, stimulere og vidareutvikle elevane si skaparkraft og vitebegjær. Dei skal få utfalde skapande krefter gjennom sansing og tenking på eiga hand og i fellesskap. Dette er betydingsfulle bidrag til elevane si læring, identitetsutvikling og danning.

 

Den noverande generelle del av læreplanen beskriv barn si nysgjerrigheit som eit førebilde for alle andre som skal utvikle seg og lære. Han løftar fram barnekulturen sin eigenverdi som skulen må verne om og nytte seg av i opplæringa nettopp fordi barn i stor grad lærer av kvarandre.

 

I arbeidet med å ruste elevane for framtida må ikkje skulen gå glipp av den ressursen barn og unge er akkurat no. Barn og unge må meistre der dei er og prøve seg på ulike læringsarenaer for å navigere i eige læringsarbeid og finne sine interesser og talent som grunnlag for vidare motivasjon og læring.

 

Dette vert støtta i Meld. St. 28 som seier at overordna del skal tydeleggjere at elevane får moglegheit til å utfalde seg og utvikle kreativitet i alle fag ved å vere oppfinnsame og bruke fantasi og skaparglede. Som eit verdidokument som skal prege opplæringa i alle fag på alle nivå, bør dette inngå tydelegare i kapittel 1.4.

 

Kapittel 1.5 Respekt for naturen og miljøbevisstheit og 2.6.3 Bærekraftig utvikling

I kap. 1.5 Respekt for naturen og miljøbevissthet og kap. 2.6.3. Bærekraftig utvikling, blir viktige verdiar og kompetansar trekte fram. Miljøbevisstheit, respekt for naturen og forståing for korleis levesett og ressursbruk påverkar naturmiljøet er viktige perspektiv i utkastet.

 

Eit sentralt perspektiv er då samanhengen mellom korleis lokale og globale forhold påverkar kvarandre.

 

Elevane bør lære å reflektere rundt ulike strøymingar i samfunnet, både i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og korleis globale forhold påverkar våre daglege liv. Koplinga mellom korleis samfunnet, natur og miljø blir påverka gjennom økonomiske forhold, teknologiutvikling og politiske forhold og strøymingar, bør styrkast. Sentralt i denne koplinga ligg korleis lokale initiativ og løysingar, entreprenørskap og innovasjon kan endre lokale og globale forhold.

 

Meld. St. 28 beskriv at eleven som vaksen skal meistre livet både som medborgar, statsborgar og verdsborgar. Ved å knyte borgaromgrepet saman i ei slik sløyfe kan det legge til rette for at elevane får ei auka forståing for kva det vil seie å leve i ei globalisert verd og korleis ulike strøymingar oppstår. Ved å utvikle lokalt engasjement og løysingar kan det bidra til utvikling globalt. Dette er ikkje berre eigenskapar som er viktige for den «vaksne eleven», men dei er sentrale for å skape engasjerte elevar som deltek aktivt i demokratiske prosessar, og får auka forståing for desse samanhengane i den fasen av livet dei er i akkurat no.

 

Del 2 – prinsipp for læring og utvikling

Kompetanseomgrepet

Høyringsutkastet legg opp til følgjande definisjon av kompetanse som skal ligge til grunn for kompetansemål i fag og skulen sitt arbeid med læreplanar og vurdering: «Kompetanse er å kunne tilegne seg og anvende kunnskaper og ferdigheter til å mestre utfordringer og løse oppgaver i kjente og ukjente sammenhenger og situasjoner. Kompetanse innebærer forståelse og evne til refleksjon og kritisk tenkning».

 

Om lag halvparten av elevane i Hordaland startar eit yrkesfagleg løp på Vg1. Elevane har ulike føresetnadar og kompetanse med seg frå grunnskulen, og det er då viktig at ein overordna læreplan tek opp i seg eit syn på læring som inkluderer ei brei og differensiert elevgruppe.

 

Kompetanseomgrepet som blir nytta i utkastet til ny overordna del kan lesast som at kompetanse i størst grad tileignast gjennom teoretisk læring.

 

Ein definisjon på kompetanse bør i større grad ta omsyn til at elevane også tileignar seg kompetanse gjennom praktisk arbeid. Kompetanseomgrepet vil då også henge betre saman med kap. 3.1 Tilrettelegging for den enkelte elev, som seier at skulen skal legge til rette for læring for alle elevar, stimulere deira motivasjon og lærelyst, og ta i vare eiga tru på meistring.

 

Kompetanse handlar først og fremst om elevane sitt faglege læringsutbytte, der opplæringa i fag bidreg til både å gi kunnskap om, praktisere, konkretisere og grunngi verdigrunnlaget, og ta i vare det breie formålet med opplæringa. Det er ikkje eit klart skilje mellom verdiar og kompetanse; dei heng tett saman.

 

Sosiale og emosjonelle kompetansar er ikkje, og bør ikkje vere, ein del av definisjonen av kompetanse som ligg til grunn for vurdering i fag, men dei bør likevel omtalast som ein del av ein større kompetanse elevane skal tileigne seg.

 

Tverrfaglege tema som bru mellom felles verdiar og opplæring i fag

Høyringsutkastet legg opp til tre tverrfaglege tema, «folkehelse og livsmeistring», «demokrati og medborgarskap» og «berekraftig utvikling».

 

Desse temaa er på kvar sin måte, og saman, aktuelle i dagens samfunn. Dei er sentrale i eit dannings- og utdanningsperspektiv for barn, unge og vaksne. Samtidig er dette tema som knyter saman dei felles verdiane overordna del beskriv. På den måten kan temaa også vere ei naturleg bru mellom verdiane opplæringa skal vere tufta på og opplæringa i kvart einskild fag. Det er eit godt grep for at ny overordna del blir meir integrert i opplæringa enn dagens generelle del.

 

Temaa legg opp til viktige og grunnleggjande spørsmål rundt forhold som er viktige for enkeltmennesket og utvikling av samfunnet. Temaa har lokale, regionale og globale perspektiv som det er viktig at opplæringa tek i vare. Det er derfor avgjerande at skulane og lærarane legg til rette for djupnelæring, og at ulike fag blir sett i samanheng og forsterkar kvarandre.

 

Meld. St. 28 legg til grunn at dei tre temaa berre skal inngå som ein del av fag der dei er ein sentral del av det faglege innhaldet. Temaa skal prioriterast framfor andre tverrfaglege tema, men ikkje fortrenge anna vesentleg relevant innhald. Utkast til overordna del seier ikkje noko om fagleg relevans, men at «skolen skal legge til rette for læring innenfor de tre tverrfaglige temaene (...)».

 

Temaa bør konkretiserast i læreplanane for det enkelte fag og sikrast ein sjølvstendig plass for å leggje til rette for djupnelæring og tverrfaglegheit.

 

Grunnleggjande ferdigheiter

Utkastet tydeleggjer at skulen skal legge til rette for og støtte elevane si utvikling av dei fem grunnleggjande ferdigheitene gjennom heile opplæringsløpet. For å lukkast med dette meiner Hordaland fylkeskommune at dei fagspesifikke læreplanane må spegle denne ambisjonen.

 

Utkastet presiserer at dette arbeidet skal takast i vare i alle fag, men at norsk og samisk har eit større ansvar for lesing, skriving og munnlege ferdigheiter, medan matematikk har hovudansvaret for rekning. Meld. St. 28 seier at grunnleggjande ferdigheiter skal integrerast i kompetansemål i fag på faga sine premissar der det er relevant. Hordaland fylkeskommune er positiv til at fagleg relevans blir lagt til grunn for utforming av grunnleggjande ferdigheiter i dei fagspesifikke læreplanane.

 

At ulike fag har hovudansvar for enkelte kompetansar, kan vere naturleg. Samtidig er det viktig å presisere at t.d. yrkesfag også har eit viktig ansvar for å utvikle lese- og skriveferdigheiter. Desse ferdigheitene er viktige for å halde på og utvikle motivasjon for opplæringa.

 

Høyringsutkastet seier at «ulike fag har et hovedansvar for forskjellige sider av opplæringen i digitale ferdigheter». I tillegg til at digitale ferdigheiter er heilt nødvendige for å delta aktivt som samfunnsborgar, vil morgondagens arbeidsmarknad stille enda høgare krav til teknologisk og digital kompetanse. Det er då eit spørsmål om dokumentet er ambisiøst og framtidsretta nok, og om det tek høgde for den teknologiske og digitale utviklinga.

 

Del 3 – Prinsipp for skulen sin praksis

 

Den nye overordna delen av læreplanverket skal vere eit viktig grunnlagsdokument for skulen sitt pedagogiske arbeid, og Hordaland fylkeskommune er positiv til at dette kapittelet har kome inn i ny overordna del.

 

Kapittelet underbyggjer viktigheita av m.a. god klasseleiing, tilpassa opplæring og vurdering for læring. Samtidig vert det presisert at vurderinga sitt primære formål er å fremje læring. Skulen må balansere behovet for god informasjon om elevane si læring og uheldige konsekvensar av ulike vurderingssituasjonar. Kapittelet presiserer at overdriven vekt på dokumentasjon og rangering kan svekke eleven sitt sjølvbilde eller hindre utvikling av eit godt læringsmiljø.

 

Profesjonsutvikling og skuleutvikling

Kapittelet styrkjer og byggjer opp forventningar til kollektiv profesjonsutvikling på skulane og løftar fram profesjonsfellesskapet som nøkkel til utvikling av pedagogisk praksis. Forventningane til at lærarane saman skal reflektere over planlegging og gjennomføring av undervisning er tydeleg. Samtidig vert det presisert at utøving av profesjonelt skjønn skjer både individuelt og i fellesskap med andre.

 

Skuleleiarane si rolle i profesjonsfellesskapet er også tydeleg. Dei får eit tydeleg mandat til å prioritere utvikling av samarbeid og relasjonar. Leiarane skal gi retning for elevane og lærarane si læring og utvikling. Det er ein styrke at dette høyringsutkastet i mykje større grad enn noverande generell del løftar fram leiarrolla og ansvaret som ligg til rolla for at skulane skal lukkast.

 

Saman gjer dette koplinga til skuleeigar sitt ansvar for kvalitet i opplæringa tettare. Lokale styringsdokument får ein tydelegare relevans inn mot overordna del av læreplanen.