Høring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringen

Høringssvar fra Fylkesbiblioteksjefkollegiet

Høyringsfråsegn frå fylkesbiblioteksjefkollegiet

Dato: 09.06.2017
Svartype: Med merknad

Høyringsforslaget frå Kunnskapsdepartementet må lesast i sammanheng med våre kommentarar:

Generell kommentar: Skal skulebibliotektenesta fungere som pedagogisk verktøy i skulen, må det forankrast i læreplanverk og integrerast i undervisninga.

Det blir i forordet presisert at alle som deltek i opplæringa, dvs alle tilsette i skulen, kjem inn under omgrepet lærar i dokumentet. Skulebibliotekar/skulebibliotekansvarleg må såleis rekne seg inn her.

 Vi har kommentarar til følgjande punkt i forslaget:

  1. Verdigrunnlag:

Punkt 1.2 Kultur, identitet og mangfold. Kunnskap om historie, kultur og tradisjon og vekt på at elevane skal bli trygge språkbrukarar. Skulebiblioteket er eit viktig verktøy i leseopplæringa. Ei god samling trykte og digitale tekstar og ein fagleg kompetent skulebibliotekar kan støtte aktivt opp om undervisninga. Vi veit at fritidslesinga har stor effekt på barns og unges lesekompetanse og dermed på deira føresetnader for å forstå verda rundt seg. Difor er det viktig å innarbeide gode lesevanar tidleg. Her har biblioteka – både folke- og skulebiblioteka – ei sentral rolle. Dei har utvalet av trykte og digitale tekstar, dei kan ha bibliotekar som kan samtale med lesaren om det ho eller han har lese, og dei kan t.d. arrangere lesegrupper, forfattarmøte og skriveverkstader. Slik skapar dei rom for å dele leseopplevingar og til å finne fram til eigen og felles identitet.

Punkt 1.3 Kritisk tenking og etisk bevisstheit og punkt 1.4 Skaparglede, engasjement og utforskartrang. Det er svært positivt at planen så tydeleg gir føringar for at skulen skal bidra til at elevane blir nysgjerrige og utviklar forskarånd, at dei lærer vitskapeleg og kritisk tenkemåte og å handle med etisk bevisstheit.

Skulebiblioteket er ein sentral ressurs i skulens arbeid for å utvikle informasjonskompetanse. For å vere informasjonskompetente må elevane kunne undre seg og formulere spørsmål, erkjenne eit informasjonsbehov, vite korleis dei skal finne fram til og vurdere kjelder, kunne lese og forstå informasjonen, nytte den i eiga kunnskapsdanning, dele kunnskapen på ulike måtar og dokumentere kjeldene dei har brukt. Det er ein kompleks kompetanse elevane skal byggje opp. Utan å ha tilgang til mangfaldet av trykte og digitale tekstar som finst i eit godt utbygd skulebibliotek og systematisk opplæring i informasjonskompetanse, er det vanskeleg å sjå korleis elevane kan tileigne seg denne.

Punkt 1.6 Demokrati og medverknad. Biblioteket er ein av grunnsteinane i demokratiet. Målet om lik tilgang til informasjon og moglegheit for å utvikle kunnskap ligg bak etableringa av folke- og skulebiblioteka. Skulebiblioteket er ein lærings- og danningsarena der elevane gjennom eigne og felles prosjekt kan utvikle samarbeidsformer og prøve ut eiga stemme i møte med andre. Her kan elevane få praktisere ulike former for demokratisk deltaking og medverknad.

 2. Prinsipp for læring og utvikling

Punkt 2.1 Danning og heilskapleg kompetanse. Målet for grunnopplæringa er danning av heile mennesket. Elevane skal ha moglegheit til å utvikle sine evner og for å gjere gode val. Dei skal få utvikle eigen identitet og danne seg eit grunnlag for å kunne forstå seg sjølve og verda. Biblioteket er ein danningsarena på tvers av fag.

Punkt 2.2 Sosial læring og utvikling. Skulen skal støtte og bidra til elevane si sosiale læring og utvikling gjennom arbeid med faga og i skulekvardagen. Skulebiblioteket kan vere ei viktig sosialiseringsarena, med alternative arbeidsplassar, studierom, grupperom og meir uformelle møtepunkt enn klasserommet. Tidlegare førsteamanuensis ved Universitetet i Agder Elisabeth T. Rafste kallar skulebiblioteket eit porøst rom i skulen.

2.3 Kompetanse i faga og 2.4 Grunnleggande ferdigheiter. Skulebiblioteket er heimla i opplæringslova med forskrift. Forskrifta slår fast at skulebiblioteket skal vere målretta for pedagogisk arbeid, det skal nyttast i undervisninga. Utfordringa er å utvikle kvalitetskriterium for bibliotek og å få til systematisk utvikling av skulebiblioteka.

2.5 Å lære å lære. Skulen skal bidra til at elevane reflekterer over eiga læring, forstår eigne læringsprosessar og tileignar seg kunnskap på sjølvstendig vis. Jf. definisjonen av informasjonskompetanse over. Vi kan vanskeleg tenkje oss korleis elevane skal lære å lære utan at dei har elevstyrde aktivitetar, eigne prosjekt. Då må dei gå utanom læreboka, dei må sjølve formulere spørsmål, leite fram kjelder, vurdere relevans og truverdigheit og kommunisere ut kunnskapen dei byggjer seg opp. Skal skulane kunne stimulere til denne typen læringsprosessar, er dei avhengige av gode skulebibliotek, med kompetent personale, fysiske og digitale samlingar, utstyr og aktuell programvare, arbeidsplassar og gruppeundervisningsrom. Skulebiblioteket må dessutan vere forankra i planverket som skulen arbeider etter, slik at bruken blir systematisk og personuavhengig.

 3. Prinsipp for praksis i skulen

 3.1 Tilrettelegging, 3.2 Inkluderande læringsmiljø. Ein del skular brukar skulebibliotetenesta aktivt i tilrettelagt undervisning, men her har truleg mange ein uutnytta ressurs.  Skulebiblioteket kan som eit annleis rom i skulen vere base for aktivitetar som ikkje kan finne stad i klasserommet, for gruppeundervisning, lesesirklar og meir uformell læring.

Skulebiblioteket er eit rom både for læring og sosialisering, for fellesaktivitetar og eige arbeid, for lekselesing og fritidslesing, for spel og musikk. Slik kan skulebiblioteket fungere som ressurs både i tilrettelagt undervisning og for å skape eit inkluderande læringsmiljø.

3.3 Profesjonsfellesskap og skuleutvikling. Skal skulebiblioteket fungere som pedagogisk verktøy i skulen, må det forankrast i planverk og i skuleleiinga, og det må leggast til rette for samarbeid mellom lærar og skulebibliotekar. Rektor må ha faglege ambisjonar for skulebiblioteket og skulebibliotekaren på same måte som for undervisninga og lærarkollegiet, og skulebibliotekaren må vere del av felles profesjonsutvikling på skulen. Her er det store variasjonar mellom skulane. Tekstutval, informasjonssøking, kjeldekritikk, dokumentasjon og etisk bruk av informasjon må meir systematisk inn i elevvurderingar etter individuelle oppgåver og gruppearbeid. Skulebibliotekutvikling må vere integrert i samla skuleutvikling.