Høring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringen

Høringssvar fra Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for lærarutdanning og idrett, campus Sogndal, norskseksjonen

Høyringssvar frå Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for lærarutdanning og idrett, campus Sogndal, norskseksjonen

Dato: 12.06.2017
Svartype: Med merknad

 

Høyringssvar frå Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for lærarutdanning og idrett, campus Sogndal, norskseksjonen 

Innspel til delkapittel 1.2 Kultur, identitet og mangfold

I dette kapitlet blir omgrepet «språk» brukt i fleire ulike samanhengar, og utan at ein eigentleg presiserer kva som ligg i det. Her er nokre innspel for å klargjera det:

 

«Bokmål» og «nynorsk» må inn som omgrep

  • I ein tekst som tematiserer «kulturelt, språklig og livssynsmessig mangfold» (i det andre avsnittet), er det påfallande at omgrepa «bokmål» og «nynorsk» ikkje blir nemnde. I det femte avsnittet står det til dømes at «Norsk og samisk er likeverdige språk.» Her må det presiserast at «Bokmål, nynorsk og samisk er likeverdige språk.» Få fram at språkleg mangfald gjeld både skriftspråk og talemål
  •  
  • «Språk» er både skriftspråk og talemål. Språkleg mangfald gjeld altså også munnleg norsk, altså dialektmangfaldet i Noreg, og det må koma tydeleg fram i teksten. Skriv klart og tydeleg om kva som ligg i «felles språk»
  •  
  • I det fjerde avsnittet står det: «Utviklingen av et felles språk er en forutsetning for at samfunnet skal fungere.» Her blir det ikkje utdjupa kva som ligg i «felles språk», og det kjem ikkje fram i samanhengen som setninga står i, kva som er meint, og det er dermed uklart kva setninga tyder.
  •  

Tematiser elevar med nynorsk som hovudmål

  • Målsetjinga om at elevar med bakgrunn frå samisk kultur og dei nasjonale minoritetane skal få styrka rettane sine, er omtala spesielt i dette kapittelet. Det er bra. Men det er påfallande at rettane til den mykje større gruppa av elevar med nynorskbakgrunn ikkje er nemnt. I det fjerde avsnittet står det at «Opplæringen skal sikre at elevene blir trygge språkbrukere, at de utvikler sin språklige identitet …», og her er det særleg relevant å nemna elevar med nynorsk som hovudmål.