Høring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringen

Høringssvar fra BYGGOPP Sogn og Fjordane

Dato: 12.06.2017
Svartype: Med merknad

Høyringssvar

 

Innleiing

Vi ser at dagens grunnskule i stor grad er førebuing til studiespesialisering, medan yrkesfaga og handverk får lite merksemd i grunnskulen. Dette er med å gje yrkesfaga låg status, elevane dårleg yrkesorientering, og lite trening i handverk og reelle yrkesoppgåver.

Over heile landet er gjennomføringsgraden i yrkesfag mykje lågare enn på studiespesialisering, dette kan skuldast at dei minst skuleflinke elevane med svake karakterar i «allmennfag» og utan trening i yrkesfag frå grunnskulen, blir styrt mot yrkesfag. Yrkesfaga er ulike, nokre yrkesfag er nesten reine handverk, medan andre fag t.d. krev meir systemtenking og evne til å stille diagnose. Dei skulesvake elevar kunne hatt større gjennomføringsgrad og betre sjølvkjensle med ein skule som verdsett yrkesfag og har gjeve dei praksis i dette. Yrkesorientering i grunnskulen er svært avhengig av den kompetansen og erfaring som tilsette ved skulane har. Vi trur at fleire som i dag går mot studiespesialisering manglar erfaring og kunnskap om yrkesfag og handverk. Med yrkesfag og handverk i grunnskulen vil dei skuleflinke lære om eigne evner innan for yrkesfag og handverk slik at fleire av desse og vel yrkesfag i staden for studiespesialisering.

Det burde vere ein menneskerett å få praktisere å bruke sine evner på ting ein er god i!

 

Vår merknad til høyring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringa.

Vi kan ikkje sjå at yrkesfaga, handverk og opplæring i bedrift har fått plass i forslaget som er på høyring, vi ber derfor om at yrkesfag, handverk og opplæring i bedrift får sin rettmessige plass i overordna del av læreplanverket.

 

Byggopp Sogn og Fjordane

 Nils Arne Ødegård