Høring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringen

Høringssvar fra Herøy kommune

Høyringsuttale om ny overordna del for læreplanverket

Dato: 31.05.2017
Svartype: Med merknad

Følgjande uttalar har kome inn frå grunnskular i Herøy kommune:

Positivt at planen er tydeleg på at "skulen skal..." Viktig at forplikting og ansvar er klart definert.

Punktet om vurdering og kartlegging var positivt.

Positivt at kompetanseomgrepet definerer både fag og ferdigheiter, og er tydeleg på dei 5 grunnleggande ferdigheitene. Kanskje burde også ein sjette dugleik vore med: Kulturelle og kreative dugleikar. Dette er viktig i eit danningsperspektiv, det å utvikle heile mennesket.

Tydelege krav til læraren sine oppgåver, presisering av det profesjonelle ansvar.

Saknar at krav og plikter til elevar og føresette kjem tydelegare fram. Det meste av ansvaret ser no ut til å ligge på skulen. Men heimen har ei svært viktig rolle.

Elevar i grunnskulen har ikkje føresetnader for å ta ansvar for eigne læreprosessar, slik det kjem fram s 12.

Positivt det som er teke med om kartlegging og observasjon. Det har liten nytteverdi om det ikkje vert følgt opp. Overdriven vekt på dokumentasjon og rangering kan ha motsett effekt, med for stort press på elevane. Vi synest å sjå at dette er teke omsyn til i forslaget.

Læring skjer best i eit fellesskap. Positivt at dette er presisert i punktet om tilpassa opplæring.

For at overordna del skal ha effekt, er det avgjerande at der er tett samanheng mellom formålsparagrafen, overordna/generell del og fagfornyinga/læreplanane.

Verdiane slik dei er omtala i formålsparagrafen og også i overordna del, er viktig å løfte fram. Skulen har fått eit noko smalt resultatfokus, med mykje rangering og press. Dette har nok gått på bekostning av dei breie samfunnsmandatet. Det er positivt at utdanning, danning og verdien av ein breiare kompetanse no synest å bli vektlagt i større grad.

Skulen skal lose elevane inn i ei ukjend framtid, med eit kompetansebehov som enno ikkje er kjent. Dermed må skaperglede, engasjement, kreativitet og utforskartrong framhevast.

Både i overordna del og i andre styringsdokument vert "tidleg innsats" vektlagt. Det er bra, men omgrepet vert brukt for smalt. Tidleg innsats handlar ikkje berre om alder. Det handlar om å agere når ein ser at ein elev står i fare for å falle ut, uansett alder. Dette må kome sterkare inn.