Høring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringen

Høringssvar fra Johanne Gram Langeland

Den generelle læreplanen med fokus på kunstfag og prakt.estetiske fag

Dato: 07.06.2017
Svartype: Med merknad

Kunst og praktisk-estetiske fag i den den nye generelle læreplanen    

Høyringsfrist 12. 06.17

Nokre tankar:

Alle faga i grunnskulen og i vidaregåande opplæring skal fornyast i åra som kjem. Den nye generelle delen skal gi føringar for denne fornyinga. Dokumentet skal utdjupa verdigrunnlaget i føremålsparagrafen og løfta fram opplæringa sitt breie lærings-og kunnskapsyn, altså skildra det forpliktande grunnsynet for all pedagogisk praksis i skulen. Planen skal sikra at verdiane frå føremålsparagrafen får noko å seia for fagplanane.

Røe-Isaksen meiner at tida er moden for ei modernisering. Skulen må få nye mål å strekkja seg etter.

Eg har i det følgjande prøvd å sjå litt spesielt på den kunstfaglege og det praktisk-estetiske fagområdet. Kva og korleis blir dette feltet vektlagt i forslaget?

Den generelle delen frå Gudmund Hernes (1993) legg stor vekt på det musiske og estetiske ved livet. Eit eige kapittel handlar om det skapande menneske. Undring, fantasi og det fabulerande går som ein «raud» tråd gjenom planen. Den har eit godt språk og er full av visualiserngar. Det nye forslaget opplever eg annleis.

Det å skapa er viktig og grunnleggjande for utvikling av heile mennesket. I det nye forslaget blir det sagt lite om at det å skapa har ein eigen verdi. Kreativiteten blir derimot kobla mot effekten av den skapande verksemda. Omgrep frå næringslivet går hand i hand med kvalitetskjenneteikn som tidlegare blei knytt til kunstfaga.

Det kan nok vera vanskeleg å vera usamd i dette verdidokumentet med mange fine ord og intensjonar, men det blir hevda frå fleire hald at kunst og kultur blir jamnstilt med forsking og entreprenørskap og definert som «skapande område», som «utviklar evna til å bruka kunnskap og ferdigheiter for å finna svar på spørsmål , gi erfaringar og løysa problem».Kva med verdien av det utforskande mennesket?

I planen bør det koma mykje tydelegare fram at det er dei praktisk- estetiske faga som gjennom metodane sine som dyrkar og utviklar desse ferdigheitane . Det kan sjå ut som det nye planutkastet handlar meir om resultat enn verdiar. Å skapa har sin eigen verdi. Det verkar som det skapande, undrande og fabulerande er nedtona i det nye forslaget sjølv om det står at «skulen skal utfalda skaparglede, engasjement og utforskartrang».

Det har vore og er sterkt fokus på dei målbare ferdigheitane . Dette kan sjølvsagt ha bidrege til å byggja ned det estetiske . Verditenking om dei estetiske faga treng å få sin plass i den nye overordna planen. Me må ikkje risikera at kunstfaga blir vurdert som noko ein ikkje er forplikta til å gi plass, status eller kvalitetssikra. Kva rammervilkår vil dei få?

Parallellt med dette har K-dept.varsla at dei ønskjer å sjå på korleis dei estetiske faga kan styrkast. Ludvigsen-utvalet poengterer at kreative evner er viktige i alle fag i den framtidige skulen, men ikkje noko særeige for kunstfaga. Blikket er retta framover. Kunstfaga kan gi viktige kompetansar for arbeidslivet. Dei bidreg med noko utanfor seg sjølv.- Er ikkje kunst-og kulturutøving ein del av det å vera menneske? Det har ein eigenverdi. Kunstfag er viktig for den menneskelege utviklinga

Kulturell kompetanse er eit viktig verktøy både i utvikling av kritisk sans og kreativitet og må vektleggjast i skulen.

Eg er enig med direktøren for Kulturtanken som etterlyser «den sjette grunnleggjande ferdigheita» som bør vera kulturelle og kreative ferdigheiter ( på lik linje med skriving, lesing, rekning og digitale ferdigheiter).

I Hernes-planen blir læring sett inn i eit breiare perspektiv. Leiken som metode blir også vektlagt sterkt. Saknar ei tydeleggjering i høyringsutkastet.

Skaping og fabulering hadde ei sterk kraft i den forrige planen. Det er nedtona. Urovekkjande tenkjer eg. Ein ny plan kjem sjølv om eg ser på den gamle som god (vektlegg det skapande, meiningssøkjande, leikande, samarbeidande menneske.) Rød- Isaksen meiner den ikkje gjenspeglar det verkelege livet i skulen og elevane sine utfordringar. Det blir interessant å følgja med vidare på kva som skjer.