Høringssvar fra Nasjonal digital læringsarena - NDLA

Overordnet del - verdier og prinsipper. Høyringsuttale frå NDLA

Dato: 12.06.2017

Svartype: Med merknad

Overordnet del - verdier og prinsipper

Høyringsuttale frå NDLA

Nasjonal digital læringsarena

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eit interfylkeskommunalt samarbeid som tilbyr fritt tilgjengelege, opne digitale læringsressursar for videregåande opplæring. Hordaland fylkeskommune er juridisk ansvarlig eining for det interfylkeskommunale samarbeidet, der 18 fylkeskommunar deltek. Kun Oslo står utanfor.

 

Generelt inntrykk

I forordet til høyringsutkastet står det å lese at “Grunnopplæringen i Norge har en sentral samfunnsbyggende oppgave. Denne delen av læreplanverket utdyper verdigrunnlaget i opplæringslovens formålsparagraf og de overordnede prinsippene for grunnopplæringen. Grunnopplæringen omfatter grunnskolen og videregående opplæring”.

I læreplanutkastet er det vanskeleg å finne eit tydeleg verdigrunnlag for ein framtidig skule. Det har gått over 20 år sidan den Generelle delen av læreplanen kom til, og det er ikkje urimeleg å vente at det vil gå minst like lenge til neste revisjon av Overordnet del. Det gir utfordringar høyringsutkastet ikkje har svara på.

Dei som fullfører grunnopplæringa våren 2017 var ikkje fødde då Generell del vart utforma, og ingen av dei personlege informasjonsverktya vi omgir oss med, fanns. Ser vi 25 år fram tid, er det truleg at ungdom veks opp i ei tid prega av heilt andre digitale verkty og plattformer enn vi har i dag. Dette er ei samfunnsutvikling som vil få stor betydning for samfunnet generelt, og opplæringa i skulen spesielt. Det er skuffande at høyringsutkastet ikkje handsamar dette perspektivet i det heile.

Ny teknologi vil i aukande grad endre premissane for rollane i samfunnet og skulen, ansvaret som ligg hos kvar enkelt og samhandlingsformene. Teknologien vil gi både utfordringar og moglegheiter. Som menneske og organisasjoner må vi forholde oss til og handsame endringane og utfordringane. Digital teknologi gjer det mogleg med pedagogikk som vektlegg elevane sin aktivitet og deltaking i læringsarbeidet, men teknologien kan også gjere oss meir sårbare i høve til dømes personvern.

Vårt forslag:

  • Vise korleis ny teknologi vil endre og utfordre samhandling, rollar og ansvar i ein framtidig skule.
  • Vise eleven som aktivt produsent av kunnskap og læring framfor eleven som konsument av kunnskap.
  • Diskutere utfordringane samfunnet og skulen står framfor knytt til ei ukjend teknologisk framtid.

Nivåforskjell mellom opprinnelig og ny generell del av læreplanen

I forslaget til ny generell del av læreplanen ser vi at opplæringslova kan gjerast meir relevant. Det er fint. Vidare er hovudinntrykket likevel at det er stor forskjell mellom den opprinnelige læreplanen frå 93 og forslaget til ny overordna del. Der den gamle planen er overordna og visjonær, blander den nye nivåa, er til tider instruerande, og nærare kompetansemålnivå som helst bør finnast i dei faglege læreplanane. Heilskapinntrykket er at dette er eit svakt utkast.


Formålet med fornyinga av læreplanen var å gi eit verdiløft. Slik vi les forslaget til ny overordna del, er det vanskeleg å tolke dette som eit “verdiløft”. Vi finn ein vesentleg nivåforskjell mellom den opprinnelige fra 1993 og det nye forslaget også når det gjelder verdiar. Vi saknar det tydelige verdigrunnlaget som ligg i botnen i den første.

 

Vi saknar ei beskriving av elevane som menneske. I høyringsutkastet er det skulen som er sett i sentrum gjennom systematiske utsegn som: “Skolen skal sørge for….”  Det er ønskjeleg at elevane blir sett i sentrum, og at det blir diskutert kva verdigrunnlag og kompetanse elevane skal utvikle. Vi finn den opprinnelege læreplanen meir visjonær og overordna, og den reflekterer ei bredde og eit omfang av verdiar som er  meir forankra i vår felles identitet enn det det nye forslaget legg opp til.

 

Heilskapeleg forståing krev at samanhengane er tydelege. Dei tre tverrfaglige temaene er handsama, men er stykka opp og handsama kvar for seg. I tråd med intensjonane i Ludvigseninnstillinga burde det vere lagt meir vekt på samanhengen mellom dei. Dette blei også tatt opp i  læreplanen fra 93:

Undervisninga må motverke oppsplitta læring. Konkret kunnskap er nødvendig, men er aleine ikkje nok - heilskapleg naturfagleg og økologisk innsikt er også nødvendig. I undervisninga må ho knytast til samfunnsfagleg innsikt i økonomi og politikk, og til etisk orientering. (L 93)

Vårt forslag:

 

  • Vidareføre oppbygginga i den opprinnelige, generelle delen, og fornye innhaldet
  • Presentere ein meir visjonær læreplan, med klarere og tydelegare verdival, og på eit meir overordna nivå.
  • Vise samanhengen mellom dei tverrgående temaene, i samsvar med intensjonane i Ludvigsen-innstillinga.

 

Utdanning for bærekraftig utvikling bør få tydelegare fokus


FN har gjennom lang tid sett bærekraftig utvikling på kartet, og har gjennom sin definisjon peika på at det er ei av dei største utfordringane i framtida. Det bør kome betre til syne i heile dokumentet. Utdanning for bærekraftig utvikling bør vere tydeleg gjennom heile dokumentet, og ikkje berre nemnast som eit tverrfagleg tema til slutt. Skal vi greie å realisere tanken om bærekraftig utvikling som eit tverrgående tema i alle fag, må det også handsamast i samanheng med dei grunnleggande verdiane.

I utkastet som ligg føre er den sosiale og økonomiske dimensjonen svak, medan teknologielementet er overdrive. Den teknokratiske forståinga av løysingar til bærekraftig utvikling, og teknologioptimismen kan vere bra og optimistisk. Men når individet sitt ansvar og deltaking ikkje blir vektlagt, er teknologioptimismen med og tilslører miljøutfordringane. Teknologi er viktig, men problemet er måten teknologi er framstilt på, i høve til andre, langt meir overordna pilarer innan bærekraftig utvikling. Det einsidige teknologifokuset forenklar komplekse problem, og nedtonar forståinga av ansvar. Vi kan ikkje forstå og løyse problem knytt til migrasjon, klima, svolt, ulikskap i levekår og konflikt gjennom teknologi åleine.

Det er og verd å merke seg at hos både OECD og FN kviler bærekraftig utvikling på tre grunnpilarer: Samfunn, økonomi og miljø. Kjernen i bærekraftig utvikling er at alle tre grunnpilarene vert handsama samtidig.


”Det finnes en innbyrdes vekselvirkning mellom økonomiske, samfunnsmessige og miljømessige sider ved enhver handling. Tar man ikke hensyn til alle tre sider, vil ikke resultatet være bærekraftig” (OECD 2008).

 

Vårt forslag:

 

  • Bærekraftig utvikling må definerast i tråd med internasjonale definisjonar, og ein må styrke utviklingsperspektivet, ikkje svekke det. I L93 vart FN sin definisjon nytta, og det vart vist til at utvikling var viktig:  ”I ei bærekraftig utvikling må etisk fostring til samkjensle og solidaritet med verdas fattige vere eit berande prinsipp. (L93)
  • Individet sitt ansvar og deltaking må få sterkare vekt i handsaminga av bærekraftig utvikling. For stor vekt på teknoligoptimisme, som er viktig, kan vere med og tilsløre miljøutfordringane.
  • Handlingskompetanse må inn i forståinga rundt bærekraftig utvikling. Og her er eleven som menneske viktig.
  • Sosiale og økonomiske tilhøve i bærekraftig utvikling bør styrkast, for å kunne sjå utvikling og miljø i ein heilskapeleg samanheng.

 

Det globale perspektivet bør styrkast


I teksten til forslaget til Overordna del av læreplanen vert samfunnsutviklinga framstilt på ein måte som er vanskeleg å kjenne seg att i. I tråd med at verdenssamfunnet endrar, seg må ein styrke globale perspektivet i den nye overordna delen.  Fokus på spesifikke norske tilhøve bør bli sett i inn i ein større kontekst. Omgrepet Globalt medborgerskap finns ikkje, og vi etterlyser det.

 

Vårt forslag:

 

  • Bærekraftig utvikling er ikkje eit individuelt problem, det må løysast globalt.  Difor må det innarbeidast ein systemkritisk dimensjon, med vekt på systemet sitt ansvar.
  • Tilhøvet bærekraftig utvikling knytt til individ, grupper, statar og verda bør handsamast og utdjupast.
  • I eit globalt perspektiv og i sett i lys av utfordringrar i framtida bør dei universelle menneskerettane få større plass.

 12. juni 2017

Beste helsing

 

NDLA

Øivind Høines                Leonhard Vårdal

Dagleg leiar                   Pedagogisk leiar