Høring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringen

Høringssvar fra Fjellhaug Internasjonale Høgskole

Høyringsutttale om utkast til ny generell del, overordnet del, verdier og prinsipper

Dato: 12.06.2017
Svartype: Med merknad

Uttale frå Fjellhaug Internasjonale Høgskole (FiH)

Normativ etikk vert gjerne klassifisert i tre typar teoriar: (1) Formålsetikk – der formålet er å realisere verdiar som ei gruppe eller eit samfunn regnar som felleseige. (2) Dygds- eller haldningsetikk – der vekta ligg på haldningar vi bør møte kvarandre med. (3) Plikt- og rettigheitsetikk – som spør kva plikter og rettigheiter vi må operere med som ansvarlege medmenneske. (Den eine sine rettar er dei andre sine plikter – og omvendt.)

I formålsparagrafen for allmennutdanninga finn vi alle tre typane etikk representerte. I første runde i denne høyringsuttalen vil vi undersøke kva for element av dei tre typane etikk vi finn i formålsparagrafen og korleis utkastet til Overordnet del inkluderer og utfyller, eller burde utfylle, desse elementa.

(1) Formålsparagrafen for allmennutdanninga dreier seg for det første om verdiar som skulen har til formål å fremje. For det første vert «respekt for menneskeverdet og naturen» framheva. Menneskeverdet inkluderer elles «likeverd og likestilling» -- som formålsparagrafen også nemner. Motstykket, diskriminering på ulike måtar, må motarbeidast, heiter det. Kritisk tenking og vitskapleg tenkjemåte vert også rekna som verdiar skulen skal fremje (jf. paragraf 4 og 6). Elles vert den nasjonale og den internasjonale kulturarven framheva som viktige verdiar å ta vare på. Kunnskap og dugleik er sjølvsagte verdiar skulen må fremje. I same samanhengen vert skaparglede, engasjement og utforskartrong viktige element. Miljøet er ein verdi ein har lært seg å verdsetje og bevare i seinare tid.

Utkastet til Overordnet del opererer med uttrykka «verdier», «felles verdier», «universelle verdier», «demokratiske verdier». Utkastet nemner også «samiske verdier». Omgrepet ‘verdiar’ vert ingen stad tydeleg definert. Det trengs derfor nokre ord om korleis det er tenkt avgrensa. Det same kan gjelde omgrepet ‘formål’. Kanskje vi kan seie at formålet med opplæringa er å realisere dei verdiane som er framheva i formålsparagrafen og i Generell del (GD) – og i utkast til Overordnet del. Dokumentet bør altså peike på kva for verdiar skulens praksis skal ha til formål å realisere. Verdiar i denne samanhengen er med andre ord godar ein har til formål å realisere i skulesamanheng.

Det er eit faktum at skulen til tider vil vere ein arena for verdikonflikter. Når så skjer, må skulen vite å skilje mellom kva ein er forplikta på ut frå formålsparagrafen, og kva ein må gje rom for ut frå trusfridommen og åndsfridommen. I eit demokrati er det viktig å lære å tolerer usemje.

(2) Formålsparagrafen nemner dessutan ei rekkje haldningar (dygder) som ein meiner skulen bør fremje. Desse er: nestekjærleik, solidaritet og eit tilgjevande sinn. Elles vert det framheva i femte avsnittet at gode haldningar er viktige «for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.»

Utkast til Overordnet del kan med fordel inkludere fleire haldningar, slike som det ikkje er blitt plass for i formålsparagrafen. For eksempel kan desse nemnast: rettferd, ærlegdom, truskap, høflegheit, audmjuke, lovlydnad og toleranse.

(3) Formålsparagrafen dreier seg for det tredje om plikter og rettigheiter i relasjonane mellom oss menneske. I første avsnittet vert nemnt at skulen og heimen pliktar å samarbeide. Elles er formålsparagrafen ganske tynn på dette feltet. Det vert ikkje nemnt at elevane bør lære å bli borgarar med respekt for norsk lov og skulen sitt regelverk. Det næraste formålsparagrafen kjem lovlydnad er at elevane skal lære seg å forstå den nasjonale kulturarven, og øve seg i demokratisk tenkjemåte (opplæringa skal «fremje demokrati»). Det heiter at elevane skal lære å handle etisk, men det vert ikkje klargjort kva det inneber. Og dei skal møtast med krav, heiter det i siste avsnittet. Menneskeretten trus- og ytringsfridom kan forståast som inkludert i «respekt for den einskilde si overtyding» og inkludering av «åndsfridom» i rekkja av sentrale verdiar og dygder. Elevane «skal ha medansvar og rett til medverknad».

Overordnet del kan med fordel presisere kva det meir konkret vil seie å handle etisk. Det bør presiserast at elevane bør lære å bli borgarar med respekt for norsk lov og skulen sitt regelverk. Det bør dreie seg om at ein ikkje skal skade eller mobbe andre korkje fysisk eller psykisk. Ein er forplikta til å snakke sant. Det er også gale å stele. Når det heiter at ein skal lære å «tenkje kritisk» bør det inkludere å tenkje sjølvkritisk og sjølvstendig. Elles må vi spørje kvar gjensidigheitsprinsippet har vorte av. I den sekulærhumanistiske tradisjonen er dette rekna som det mest grunnleggande etiske prinsippet.

  • Overordnet del – verdier og prinsipper bør inkludere nokre setningar om foreldreretten og foreldremandatet. Det bør også stå noko om respekten for eleven som sjølvstendig individ.

Foreldreretten vert nokså allment forstått som ein grunnleggjande menneskerett. Dette er fastslege av FNs fråsegn om menneskerettane, art. 18, pkt. 4, og art. 26, pkt. 3. Foreldre/ føresette har derfor etter tradisjonelt vestleg (kristent og humanistisk) syn det primære pedagogiske mandat, gjerne kalla det pedagogiske primat.

Staten på si side kan sjå det som ei oppgåve å krevje på barna sine vegner at dei får grunnleggjande allmennutdanning. Det forpliktar staten å organisere ei slik utdanning. Men staten kan ikkje krevje at barna skal få denne utdanninga i staten sine skular. Private skular eller heimeundervisning som oppfyller nivåkrava som læreplanane i den offentlege skulen stiller, kan ikkje nektast godkjenning.

Lærar sitt mandat er delegert frå dei to første mandatinstansane, frå staten som arbeidsgjevar, og frå foreldra. Det er altså eit bunde mandat. Når det gjeld spørsmål om korleis ein på best mogeleg måte reint pedagogisk skal kunne oppfylle undervisningsmålsetjingane for den enkelte elev, er det lærar som har det siste ordet.

  • Utkastet til Overordnet del er skjemma av dårleg språk, klisjear og gjentakingar. Det treng ein språkvask av nokon med både fagleg og språkleg innsikt. Enkelte avsnitt er nærast ubegripelege.
  • Utkastet tek føre seg så pass grunnleggande spørsmål at det reviderte dokumentet – etter at høyringsutalane er tekne omsyn til – det bør leggast fram for Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskningskomité for endeleg gjennomsyn og godkjenning slik det i si tid vart gjort med Generell del.
  • Det er lite i utkastet som overgår Generell del (GD) i kvalitet. Ein forsiktig revisjon av GD ville nok ha vore ei betre løysing. Ein slik revisjon bør i tilfelle supplerast med refleksjonar rundt Norge som fleirkulturelt samfunn tufta på det liberale demokratiet og menneskerettane.

Kommentarar vedrørande meir detaljerte punkt

  • Under del «1. Opplæringens verdigrunnlag» kan det gjerne visast til § 2 i Grunnlova. Formålsparagrafens framheving av kristen og humanistisk arv og tradisjon har god dekning i Grunnlova, § 2. Dette bør peikast på.
  • I punkt 1.1 heiter det at «Menneskeverdets ukrenkelighet er forankret i formålsparagrafen». Men vi har meir solide ankerfeste enn formålsparagrafen – som formålsparagrafen sjølv viser til: «kristen og humanistisk arv og tradisjon» og «menneskerettane». Respekt for menneskeverdet er ikkje berre det grunnlaget skulen bygger verksemda si på, men også ein verdi skulen skal innprente elevane. Dette kan skrivast tydelegare. 
  • Øvst side 5 heiter det at menneskerettane «bygger på universelle verdier som gjelder for alle …». Dette er langt frå alle menneske samde i. Det finst fleire alternative menneskerettserklæringar som er blitt til i protest mot FNs erklæring. Det bør stå – for eksempel: … bygger på verdier som vi i norsk lovgivning regner som gjeldende for alle … 
  • «Identitet» og «identitetsutvikling» (i punkt 1.2) er nytta omgrep som kan trenge ei avklaring. Kva er skulens rolle i identitetsutviklinga? Det er viktig at lærar Ikkje gjer barnet til representant for ei eller anne religiøs eller ideologisk gruppe i klasserommet. 
  • Er punktet om at den samiske skulen skal ivareta samiske slekt- og familierelasjonar hensiktsmessig i denne samanhengen? Korleis grunngir ein i tilfelle denne særbehandlinga samanlikna med andre grupper?
  • I nest siste avsnittet side 5 heiter det: «Kunnskap om historie, kultur og tradisjon …» I samanhengen det her gjeld, er kunnskapen om religion også viktig og bør inkluderast.
  • Punktet om «Kritisk tenkning og etisk bevissthet», side 6, kan med fordel delast i to punkt.
  • Første avsnitt i punkt 1.3 bør få ny utforming som tydeleggjer at vitskap er eit omgrep som dekker verksemd av svært ulik art, og avdekkjer innsikter av nokså ulik valør. «Sannhet og forståelse» foreslår vi bytta ut med «kunnskap, innsikt og erkjenning». Vi forslår også ei siste setning i avsnittet: «Opplæringen må gjøre tydelig for elevene at vitenskap og vitenskapelig metode ikke kan brukes til å finne svar på alle spørsmål, som for eksempel spørsmål knyttet til etiske og ideologiske verdier.»
  • I siste avsnittet side 6 finn vi det lite begripelige uttrykket «normer for sannhet». Det må vel vere meint «kriterier for sannhet»? Siste leddet i same setning bør strykast. Det er nærast uforståeleg.
  • I første setning i andre avsnitt side 8 kan det med fordel føyast til: «… slik disse kommer til uttrykk i skolens formålsparagraf.»
  • Tredje avsnitt side 8 begynner slik: «Vern av mindretallet …» Det bør utvidast til: «Respekt for og vern av mindretallet ….» I same setning bør ordet «liberal» leggast til føre orda «demokratisk rettsstat». Det er det vi omtalar som «fleirtalsdiktatur» vi dermed tek tydeleg avstand frå.
  • Side 9: Fleire spørsmål melder seg: Kva er danning? Og kva er utvikling? Er det same omgrepet det dreier seg om? Definisjonar må etterlysast.
  • I innleiinga til hovuddel 2 bør det tydeleggjerast at målsetjingane for opplæringa ikkje berre dreier seg om kompetansemål.
  • Det relativt nye omgrepet «dybdelæring» vert innført og brukt fleire stader (side 10). Det bør definerast.
  • «Holdninger» vert nemnt saman med «kunnskaper og ferdigheter» i andre avsnittet side 11. Omgrepet «kompetanse» inkluderer desse tre delomgrepa, heiter det. Men medan «kunnskaper» og «ferdigheter» vert nærare presiserte, vert ikkje «holdninger» sagt noko om – heller ikkje i definisjonen av kompetanse. Ein sit att med spørsmålet: Inkluderer kompetanse holdninger, eller gjer det ikkje det? Kva med «utvikling» og «danning» i denne samanhengen – og dybdelæring? Kva er samanhengane mellom desse omgrepa?
  • I andre avsnitt under punkt 2.6 foreslår vi følgjande endring: I staden for å skrive at elevane skal «forstå sammenhengen mellom handlinger og valg», forslår vi heller at dei skal «forstå sammenhengen mellom valg og handlinger på den ene siden og konsekvenser på den andre.»
  • Side 17, i andre avsnitt, står det: «De normene og verdiene som råder i læringsfellesskapet, ….» Her kan med fordel «holdningene» leggast til. Dermed vil alle dei tre tradisjonelle etiske teoriane vere inkluderte. Verdiomgrepet vil då dekkje formåla i ei formålsetisk tenking. Det vil vere klargjerande om verdiomgrepet kunne brukast meir eintydig i denne snevrare tydinga.