Høring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringen

Høringssvar fra Isabel J. Grindheim

Høyringssvar Overordna del - verdier og prinsipper

Dato: 12.06.2017
Svartype: Med merknad

Fyrst av alt: Eg tykkjer dette er eit godt grunnlag for ein overordna del av læreplanen. Eg trur verdiane og prinsippa som blir presentert, er viktige for skulen/samfunnet i framtida, og eg håpar at bruken av denne kan bli nyttig(are) for oss lærarar (enn det generell del har vore). Eg likar veldig godt at planen legg opp til læraren som ein rettleiar meir enn ein underviser.

Eg har likevel eit par tilbakemeldingar som eg vonar at er nyttige: 

På side 4 står "Skolens oppgave er å støtte hver elev slik at den enkelte opplever livet som trygt og meningsfylt." Dette tykkjer eg er ei voldsom oppgåve, som ikkje er skulen si. Skulen skal sjølvsagt vere ein viktig bidragsytar, vi skal sjølvsagt gjere det vi kan for at livet skal kjennest trygt og meiningsfyllt, men det er ikkje berre vår oppgåve. Denne setninga bør skrivast om. 

Under "2.3 Kompetanse i fagene" er det ei setning eg lurer på kva betyr: "Læreplanene er en prioritering av hva elevene skal lære i det enkelte faget som legger til rette for dybdelæring." Denne setninga er veldig kronglete, og dersom den seier at læreplanane legg til rette for dybdelæring, så tykkjer eg at setninga er usann. 

Under "2.3 Kompetanse i fagene" har de også ei utgreiing om kva kompetanse eigentleg er (haldningar, kunnskap, ferdigheiter), der de greiar ut om kunnskap og om ferdigheiter, men der de ikkje skriv noko om haldningar. Det tykkjer eg er svært rart. Ikkje berre fordi det heilt klårt manglar når de ramsar opp innhaldet i eit ord, også berre lar vere å skrive noko om den eine delen, men også fordi det kanskje er det ordet som lærarar i det daglege tykkjer er vanskeleg å ta seg tid til å jobbe med, og som eg personleg meiner at er det viktigaste både for samfunnet og for den enkelte elev. 

Under "3.1 Tilrettelegging for den enkelte elev" har de skrive "(...) skolen må gi alle elevene de samme muligheter til læring og utvikling, uavhengig av deres forutsetninger": Det er rett og slett heilt umogeleg. Alle elevar kan og skal få mogelegheit til læring og utvikling, uavhengig av forutsetnadene deira, men dei same mogelegheitene er ikkje mogeleg å få til.

Under "3.2 Et inkluderende læringsmiljø", har de skrive setninga "Føler elevene seg utrygge eller redde, kan det hemme læringen deres." Der kan de bytte ut "kan" med "vil".

Eg likar veldig godt at det blir påpeika at vi lærarar har ansvar for å utvikle oss i profesjonsfellesskap. 

Eg har også ei tilbakemelding om språket i dette høyringsutkastet: Eg tykkjer veldig mykje står litt overforklart, og vel mange gongar. Eit døme på dette er det som står under "1.4 Skaperglede, engasjement og utforskertrang", der setningane er veldig lange utan å eigentleg sei så mykkje. 

Eg hadde også gjerne sett at denne overordna delen var på nynorsk, slik som sin storebror "Generell del".