Høringssvar fra Kommunale barnehagestyrarar i Volda kommune.

Dato: 14.04.2020

HØYRINGSSVAR ENDRING I BARNEHAGELOVA jamfør Koronaepidemi.

Frist 14.april

Styrarar har diskutert høyringa

Det står ein del om korleis ein skal gjere det i skular når det gjeld smittevern og praktiske løysingar. Svært lite om barnehager! Dette må kommenterast!

Lite av det kan gjennomførast i barnehagen, spesielt for dei yngste barna. Noke som skil barnehagen vesentleg frå skulen er at foreldre kjem med barna i barnehagen, men dette er ikkje via merksemd, noke både foreldre og personalet er oppteken av å finne løysingar på.

Så eg finn ikkje noke som trygger meg på at barnehagen sine utfordringar er gjennomtenkt før opning.

Mesteparten av tiltaka som gjeld barnehage, er knytta til lova, og den er eg samd i.

Eg meiner småskulen burde opne før barnehagen både fordi barna er litt større og kan halde avstand og fordi personale no må vere heime med skuleborn og det betyr reduksjon av fast bemanning.

Før barnehagen opnar, må det lagast smittevernreglar som passar for dei minste barna.

Personalet sin jobb inneber at dei må vere i nærkontakt med barn. Smittevernreglane må spesielt omhandle tiltak her som er handterbare- barn treng nærheit no.

Foreldre bør ha konkrete smittevernreglar som dei skal følgje pga at dei indirekte kan føre smitte via barna til personalet.

Der må vere ekstra bemanning til reinhald som skal skje gjennom heile dagen.

Barnehagen bør ha redusert opningstid slik at det passer med ei vanleg 7,5 t arbeidstid - redusere antal folk og trygger barna i smågruppene pga stabilt personale.

Det må utarbeidast felles plakater som kan nyttast som oppslag.

Sidan barnehagen er ei pedagogisk verksemd, og foreldre betaler for dette frå den 20.4.2020, er det viktig at dette vert teke med i berekningane til rammer og opplegg med pedagogisk innhald, som då krev personale med barnehagelærarutdanning.