Høringssvar fra Vestland fylkeskommune

Dato: 14.04.2020

Vestland fylkeskommune, avdeling for opplæring og kompetanse

Vestland fylkeskommune har ingen kommentarar til dei endringane som er foreslått i opplæringslova. Vi oppfattar at det er snakk om mindre endringar, og desse framstår som fornuftige. Det kjem også fram gode presiseringar i høyringsnotatet.

Elles vurderer Vestland fylkeskommune at det er eit stort behov for midlertidige endringar også i forskrift til opplæringslova. Det er fleire område som berre er regulert i forskrifta, slik som vurdering, eksamen og avvikling av fag- og sveineprøver. Det er problematisk slik som situasjonen er no, at departementet ikkje har foreslått å fråvike reglane i forskrifta eller gjort tilpassingar med heimel i opplæringslova. Vi oppmodar om at dette blir gjort og at det vert sendt ei eiga høyring på dei midlertidige endringane i forskrift til opplæringslova.