Høringssvar fra Annette
Endelig røykfri
Svartype:
Med merknad
Då har eg klart meg i 4 dagar utan røyk og det takka vere damp. I løpet av min 25 årige karriere som røyker så er eg overaska over kor enkel denne sluttprosessen er. Tidligere har eg prøvd både Champix og reseptfrie nikotin erstatningar. Eg har mislykkast innen eit døgn kvar gong og med bivirkningar av alle midla. Eg har tenkt å trappe ned i nikotin styrke etterkvar og på sikt kome ned på 0. Eg håpar eg kan forsette å dampe og slepp å gå tilbake til røyken med så mange skadelige giftstoff.