Forsiden

Høringssvar fra Bjarte Ryland

Kommentarar til Endringar i tobakkssadelova

Dato: 07.11.2015

Svartype: Med merknad

Eg refererer her til tobakksskadelova paragraf 2: Definisjonar, første t.o.m. tredje ledd:

"Med røykeutstyr forstås i denne lov varer som etter sitt formål hovedsakelig benyttes i forbindelse med tobakksvarer.

Med tobakkssurrogat forstås i denne lov produkt som etter sin bruksmåte tilsvarer tobakksvarer, men som ikke inneholder tobakk.

Med tobakksimitasjon forstås i denne lov produkter som etter sin utforming har en nær likhet med tobakksvarer eller røykeutstyr, men som ikke inneholder tobakk eller tobakkssurrogat."

Det har vore ei rivande utvikling på utstyrsfronten og ut frå dagens damp utstyr og dagens bruk av lovgivinga (det er forbode å selge nikotin innhaldig dampevæske (e-juice)) fell lite av utstyret i dag under tobbakkssadelova sine definisjonar av røykeutstyr,tobakkssurrogat og tobakksimitasjonar.

Difor bør ikkje dampeprodukt sortere inn under tobakksskadelova. Produkt som e-sigarettar (sigga-likes) som imiterar sigarettar fell heilt naturleg innanfor tobakkssurrogat, og bør regulerast ihht. lovforslaget.

Sidan mykje av lovforslaget baserer seg på ein situasjon som var aktuell då artikkel 20, TDF vart utforma (TDF vart vedteke i mai 2014) ikkje lengre er ein realitet, bør dampeprodukt regulerast ut frå eit eige regelverk. Der produktet vert definert som eit nytingsprodukt, og med nikotin innhaldig e-væske, -som eit røykeavvennings middel. Her bør det og implementerast eit regelverk som forhindrar utvikling mot produkt som kan forvekslast med sigarettar/tobakksprodukt.

Andre moment:

  • Dampeutstyr. E-sigarettar ikkje nyttast i denne samanheng, då «e-sigarettar» gjer eit særs negativ assosiasjon til tobakksrelaterte produkt. «Dampeutstyr» er eit meir nøytralt og meir dekkande ord
  • Vidare forsking. I England nyttar omlag 3,5 % av befolkninga dampeutstyr, og majoriteten av damparane starta å dampe etter 2010. Bruken har med andre ord eksplodert som resultat av betre utstyr og tilgjenge på utstyret. Det er veldig lite tilgjengeleg forskingsdata på damping sidan damping er eit relativt nytt fenomen. Siggalikes, kom på marknaden 2007, dagens dampeutstyr vart utvikla så seint som for eit par år sidan. Høyringsforslaget er bekymra over langtidsverknadene, ei bekymring som vi tildels deler. Sidan produktet er nytt er det viktig med god oppfølging og forsking på langtidsverknader, nye produkt og kartlegging/dokumentasjon på dampe-væske.
  • Utforming av eit nytt regulativ. I mai d.å. utsette det danske helsedepartement sitt lovforslag om dampeutstyr grunna utvikling, forsking og rettssaker om TDF internt i EU. Dette er ei fornuftig tilnerming til saka. HOD bør gå lenger, både utsette den delen som omhandlar dampeutstyr, og sette ned eit utval som ser på ei eige regulering ihht. Dagens utvikling. Eit slikt utval bør og bestå av representantar frå dei få norske aktørane på salssida (vi snakkar her om mellom 10 og 15 forhanlarar) og Norsk Damp Selskap (damparane sin interesse organisasjon). I tillegg til helseorganisasjonar, Folkehelseinstituttet, o.l.
  • Aldersgrense. Dampeutstyr bør ikkje selgast til personar under 18 år.

Om innsendaren:

Har dampa under eit halvt år, og har på denne tida redusert tobakksforbruket frå 2,5pk/veka (tilsvarar omlag 30 sigarettar dagleg) i 35 år til nær null (3 sigarettar siste månad). Har prøvd det som er på marknaden av andre røykeslutt produkt, inklusive Champix. Utan forventa resultat. Helsemessig har eg merka markante betringar respiratorisk, tiltakslysta er auka og den generelle helsa verkar monaleg betre. 

Bjarte Ryland