Forsiden

Høringssvar fra Johannes Mario Ringheim

Kommentarar ift damp (e-sigarettar)

Dato: 16.01.2016

Svartype: Med merknad

Eg begynte å røyke då eg gjekk på gymnaset. I byrjinga var det berre på fest og i skuletida, men etterkvart blei det eit dagleg rituale som blei gjennomført på faste tidspunkt. Mine forsøk på å slutte varte ikkje lenger enn ein formiddag. Prøvde også nikotintyggis, men det smakte forferdeleg.

I 2012 blei eg far til ei lita jente. Meir enn nokon gong var det viktig å tenke på helsa, men det var også vanskelegare enn nokon gong å halde seg vekke frå nikotin, sidan det kan vere krevande å vere forelder. Eg hadde høyrt om e-sigarettar, og begynte å undersøke dette på nettet. Eg endte opp med eit startsett som likna på konvensjonelle sigarettar. Det var ikkje tilfredsstillande, så eg fortsatte å røyke sigarettar ved sida av. Etter ein del vidare utforsking kjøpte eg ein dampar i sigar-storleik som ein kunne stille straumstyrken på. Den fungerte bra nok til at eg greidde å kutte ut sigarettar heilt. Det er no 2 år sidan.

Sidan den gong har eg fått meir moderne utstyr. Desse kan eg rense sjølv og sette opp slik som eg vil i forhold til å justere smak, mengde av damp og andre ting. I tillegg har eg gått over til andre smakar enn dei som etterliknar tobakk. Det å bruke smakar som frukt eller sjokolade, føler eg at skaper endå større avstand til tradisjonell tobakksrøyk. Lukta av tobakksrøyk er ikkje lenger appellerande. Eg har ikkje nokon av plagene som røykarar typisk har, som morgonhoste, nedsatt smak- og luktesans, nedsatt kondisjon, dårleg pust, stinkande klede eller anna.

Andre som eg kjenner sliter veldig med å slutte med både røyk og/eller snus. Dei greier det i periodar, men fell ofte tilbake, gjerne etter lengre tids opphald. Etter at eg begynte med damp føler eg meg på trygg grunn i forhold til å ikkje røyke/bruke tobakk, sidan eg har eit alternativ som er 100% tilfredsstillande. Dette vil bli vanskelegare hvis tobakksdirektivet fører til at utstyret som er tilgjengeleg er svært mykje dårlegare og/eller dyrare.

Eg håper at dei strenge reguleringane for damp i tobakksdirektivet ikkje hindrar noverande røykarar frå den samme gode erfaringa som eg har hatt med å slutte å røyke med hjelp av damp. Hvis reglane for testing og rapporteringskrav vert for rigide vil dette også gjenspeilast i prisen, som vil gjere det mindre attraktivt spesielt for noverande røykarar. Det kan også hindre vidare innovasjon. Mykje av utviklinga i bransjen søker å gjere damping tryggare og enklare å bruke, så ein kan oppnå motsett effekt hvis godkjenninga vert så kostbar at dei mindre aktørane ikkje har råd til å gjennomføre den.