Høringssvar fra Daniel Vagstad

Dato: 06.05.2021

Eg støttar ikkje forslaget om koronasertifikat. Det er eit urimeleg inngrep i folks personlege fridom på alle måtar. Det vil dele samfunnet inn i fyrsterangs og annanrangsmenneske når det gjeld elementære rettar som bevegelsesfridom, rett til å gå på arrangement, rett til å møte folk og alt anna eit menneske skulle kunne ta for gjeve. For friske menneske med fungerande immunforsvar vil ei eksperimentell vaksine utgjere ein unødvendig helserisiko, jf. rapportar om skadelege biverknader og dødsfall som følgje av vaksinene. Konseptet vaksinesertifikat vil i tillegg antyde at vaksinene ikkje er so frivillige likevel, ettersom dei som vel å ikkje ta dei dermed vil finne seg sjølv meir og meir utestengt frå samfunnet. Ei slik ordning nektar eg å godta.