Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 121717

Dato: 06.05.2021

Fyrst og framst reagerer ein på den korte høyringsfristen som nok gjer at denne høyringa går mange hus forbi, dessverre. Dette er lite demokratisk og ei overkøyring av såvel grunnlova som av folket til glede for dei ytterst få.

Vaksinepass:

Dette minnar mest om ein passersettel frå tider vi ikkje ynskjer å gjenoppleva. Vaksinepasset vil lett kunne misbrukast og føra til diskriminering. I stadenfor eit ope og tillitsbasert samfunn kan dette vera starten på eit kontroll- og overvakingssamfunn.

Det er stor fare for at helseopplysningar kan koma på avvege.

Mest av alt minnar dette om eit forsøk på tvangsvaksinering der "premien" er eit vaksinepass.

Med alle dei små og store biverknadane og fatale hendingane som absolutt ALLE dei ulike "vaksinene" har ført til, er vi no på ville vegar. Det er heilt ufatteleg at ein veljer å gå denne vegen som x fleire rundt om i Noreg og verda elles advarer mot.

Det er å håpe at forslag om vaksinepass vert skrota slik som ynskje om portforbod.