Høringssvar fra Hildegunn Sortland

Dato: 06.05.2021

Å innføre koronapass framstår som eit autoritært og totalitært grep mot dei som ikkje kan eller vil ta ei eksperimentell vaksine som ikkje vil vere offisielt godkjent før i 2023. Dødeligheten for covid19 ligg på 0,15% på verdsbasis, og eg meiner heilt klart at ein slik dødelighet ikkje kan forsvare så inngripande tiltak som eit vaksinepass vil vere. I Norge har vi god tradisjon for å tufte vaksinasjon på frivilligheit, og slik må det framleis vere. Eit vaksinepass fører ikkje til lettingar for dei vaksinerte, men derimot til restriksjonar for dei uvaksinerte. Det fører også til segregering, og kan i verste fall utvikle seg til eit medisinsk apartheid, noko som er heilt uakseptabelt i eit demokratisk land som Norge. I Israel ser vi no kor uheldige effektar eit slikt vaksinepass vil få, og skjer dette også i Norge held eg regjeringa heilt og holdent ansvarleg for dette som i etterpåklokskapens lys vil gå inn i historiebøkene som eit mørkt kapittel.