Høringssvar fra Margaret Hennum

Dato: 12.05.2021

Nei til vaksinepass/vaksinesertifikat i Noreg Smittevernlova gjev ikkje noko opning for å innføre eit koronapass/koronasertifikat til bruk i Noreg. Eit slikt pass vil fungere som ei form for tvangsvaksinering av store folkegrupper. Tvangsvaksinering med dei eksperimentelle vaksinene i marknaden er eit overgrep i strid med menneskerettane. I løpet av nokre få månader har det døydd over 150 personar i Noreg like etter at dei har teke vaksine, og mange fleire har fått alvorlege biverknader. I Israel førde vaksineringa til svært mange dødsfall mellom dei eldre – 40 gongar fleire døydde av vaksinen enn av påstått covidinfeksjon. Dette er tal frå det israelske helseministeriet. All merksemd i Noreg og mange andre land er retta mot såkalla smitte basert på PCR-testing – som er ueigna til diagnostisering ifølgje Kary Mullis – opphavsmannen til PCR-testen. I høyring i Texas Senate HHS Committee kritiserer Dr. Peter McCullough styresmaktene fordi dei ikkje har konsentrert seg om metodar for å handsame dei som får influensasymptom. Merksemda har vore retta mot isolering og vaksinering i staden for effektive medisinske tiltak for å handsame sjukdomen. Han opplyser at 85% av dødsfalla i USA ville ha vore unngått ved effektiv handsaming så raskt som mogleg, i staden for å isolere pasientane og la sjukdomen utvikle seg slik at dei kjem for seint til sjukehus. Han går også i rette med dei medisinske tidsskrifta som nektar å trykke artiklar om effektive medisinar/metodar mot sjukdomen. Denne kritikken kan vi trygt også rette mot styresmaktene i Noreg. Det har i løpet av over eit år ikkje kome informasjon om effektive metodar/medisinar for å handsame pasientar med det same ein får symptom. Det er isolasjon og vaksinering som har vore og er det feilaktige fokuset.

Med helsing

Margaret Hennum