Høringssvar fra Dag Audun Eliassen

Dato: 12.05.2021

Svartype: Med merknad

Eg er sterk motstandar av framlegget til endringa av smittevernlova og innføring av koronapass. Moment som ligg til grunn for standpunktet:

- Den personlege rørslefridomen for delar av befolkninga innanfor nasjonale grenser vert svekka.

- Innbyggjarane sin fridom til å nytte seg av sjølvsagde tilbod og tenester som til dømes handel og underhaldning, vert avgrensa.

- Av dette vil den personlege fridomen for innbyggjarane til å avgjere sjølv om ein vil vaksinere seg, vere nærast ein illusjon.

- Tilgjengelege vaksinar er hastegodkjende og dermed ikkje utprøvde og godkjende på vanleg vis. Det betyr at vi til dømes ikkje veit noko om eventuelle seinskadar av vaksinane. Mange vaksinar er basert på ny teknologi og kan karakteriserast som eksperimentelle. Ved å verte vaksinert tek ein difor ein risiko som ingen kjenner i dag.

- Svært få vert sjuke av Covid-19, og svært få døyr. Dei aller fleste som døyr er menneske med andre sjukdomar i tillegg, og eldre. Om ein ser på dødsrate, framstår Covid-19 om lag like farleg som ein sesonginfluensa.

- Lovframlegget fører til at befolkninga vert delt i eit A-lag og eit B-lag, noko som er svært skadeleg for samfunnet generelt sett. I tillegg har ein heller ikkje noko behov for lovframlegget fordi sjukdomen er om lag like farleg som enkelte sesonginfluensaer som vi har klart oss gjennom, utan liknande tiltak.